JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit hòl i hagen

– Berre lån deg ein minigravar i nokre timar, så får du det vekk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12311
20220610
12311
20220610

maylinnclement@hotmail.com

Eg står framom huset, på det som ein gong var ein plenflekk eg kunne setja meg ned på, men som dei siste åra, og spesielt det aller siste, har blitt eit gjørmehol eg nektar borna å leika ved, for dei vert så våte og skitne.

Området er forma nesten som ein rettvinkla trekant der den lengste kateten, som er ni meter, ligg parallelt med huset, tre meter frå grunnmuren. Langs både hypotenusen og den korte kateten skrånar plenen seg oppetter steinar og berg.

No har eg funne ein spade og ei trillebår og begynt å grava i plenen, på det våtaste punktet. Målet er å finna ut kva som gjer at vatnet samlar seg her, og så leia vatnet vekk.

Berre ein hekk skil sørpeplenen og vegen som alle naboar må passera om dei skal nordover.

Det er litt rart, eg kan vera inne heile dagen, men går eg fyrst ut døra for å gjera noko hagearbeid, kan du skriva opp at eg vert hefta. Eg har ikkje teke mange spadetak før det fyrste hovudet stikk fram.

– Grev du? Kvifor det? Kva skal du laga her, då?

Det er Ruben, tremenning og gravejournalist på lokalt nivå, som spør.

Eg fortel om vatnet som hopar seg opp, om ein ubrukeleg plen, men at eg enno ikkje har ein brukande plan.

– I fyrste omgangen flyttar eg torva til vestsida av huset, der eg vil laga meg ein åker, seier eg.

– For hand?

– Ja, eg tenkte det.

Då kjem rådet, som skal visa seg vera eit refreng av eit råd: Lån deg ein minigravar.

Jo fleire velmeinte naboar og andre skodelystne som seier at dette kan ein minigravar gjera på aldri så lita tid, jo meir bestemt vert eg på å ikkje involvera ein minigravar i dette prosjektet.

– Eg brukar desse minigravarane her, seier eg og fleksar armane.

«Lån deg ein minigravar.» Dei får det til å høyrast så lett ut, som om det er heilt vanleg berre å låna med seg ein minigravar heim. Noko alle gjer i ny og ne.

Folk i dag klarar ikkje sjå litt jord utan å tenkja minigravar. Og ein klarar ikkje sjå ein minigravar utan å tenkja at ein slik kunne eg hatt bruk for.

På ei av naboøyane gjekk det som ein dominoeffekt gjennom byggjefeltet. Det byrja med at eine hushaldet hadde leigd ein minigravar med mannskap frå Stord for å gjera litt hagearbeid. Det sette det mimetiske begjæret i sving. Medan gravarane var der og jobba, gjekk naboane bortom og avtala med mannskapet at dei skulle koma til dei etterpå. Til slutt hadde stordabuen arbeid gjennom heile sommaren, på å minigrava seg frå hage til hage.

Står eg på avstand og ser på den ubrukelege plenen som ein stor masse med jord som skal fjernast, kan arbeidet verka uoverkommeleg. Om eg derimot zoomar inn på eitt og eitt spadetak, er det ikkje umogleg å flytta denne plenen og jorda frå eine sida av huset til ei anna for hand.

Slik havet er samansett av dropar, er jorda laga av stein i form av lausmassar – sand, grus og leire, som over fleire tusen år med endring i vêr og vind vert brotne ned og forvitrar. Prosessen byrja då istida var over og snøen smelta, mineraljorda vår er såleis nær 12.000 år gamal.

Ung jord, seier forskarane, som kan fortelja at ved Middelhavet, der det ikkje var istid, er jorda mykje eldre. Ein ser det på jordfargen. Jo raudare jorda er, jo meir av jarnet i steinen er rusta. Jo meir rusta steinen er, jo eldre er jorda og jo mindre næring er det i henne. Matjorda ved Middelhavet treng difor meir gjødsel enn vår.

Til jord skal du bli, men vil du gissa kor mykje jord du vert til slutt? Maks to liter, anten du er hattemakar eller konge. Tenk på det neste gong du kjøper to liter mjølk.

For nokre år sidan heldt eg på å sulla ute i hagen. Eg ville fjerna noko ugras og lange grastustar som veks inntil ein liten mur og mellom trea i ein ganske så mislukka tujahekk, men hadde ikkje grastrimmar eller anna hageverktøy som kunne nyttast. Etter å ha grubla pinleg lenge på problemet kom eg på at eg har jo fingrar og eg har jo ei saks.

Vegen til ein motorisert og bråkete hagereiskap er vorten kortare og kortare dei siste åra. Eg minnest då den fyrste snøfresaren kom til gata vår i byggjefeltet i Norheimsund. I fleire år var det berre éin nabo som hadde ein slik. Han skuva snøfresaren sakte framføre seg som ei diger barnevogn det spruta snø frå, som på ein spermkval. Han danderte tomtegrensa og innkøyrselen sin perfekt, medan resten av oss sveitta og streva på med snøskuffer og spadar, nett nok til å få ut bilen. Det dura godt i gata då fresen gjekk, og alle visste kor lyden kom frå.

I dag er det minst ti snøfresarar i same gate, og nesten umogeleg å lokalisera freselyden. Aldri ein snødag utan motordur frå alle kantar.

Slik er det om våren òg. Det ljomar av kantklippar, hekksaks, motorsag, vedkløyvar, blandemaskin, kappsag meg her og gjæringssag meg der, og alle skal eiga alt sjølv.

Ved å leggja inn stikk om kor fysisk krevjande hagearbeid er, klarar seljarar å appellera til usikre, pengesterke menn som sluker alle parallellane mellom ekstremsport og eigen hageflekk. Skal du gå laus med kantklippar i ein bakke med litt for vilt ugras, må du fyrst kle på deg ein spesialsele. I selen hektar du klipparen med ein slik karabinar folk brukar når dei klatrar i Mount Everest. Denne konstruksjonen gjer at det er lettare å føra beistet i det du halshøgg løvetanna.

Rå kraft, rask akselerasjon og god drivstofføkonomi. Slik lyder produktskildringa av motoren X-TORO, som er i Husqvarna modell 555RTX, forresten «en meget kraftig ryddesag utviklet for fulltids arbeid under tøffe forhold». Ei tøff, kraftig, rå og rask maskin til 14.999 kroner. For å vera på den sikre sida bør du ha ein matchande vernehjelm med UV-beskyttelse i visiret og FM-radio i høyrselsvernet (!), til 2429 kroner. Byggmeister Bob-looken vert komplett med oransje Husqvarna-bukseselar med klips, til 399 kroner.

Ugraset kjem til å ynskja det aldri voks opp.

Stundom lurer eg på om eg grev mi eiga grav. Dette er ei tolmodsprøve i saktearbeid, men det går framover. Plenen vert mindre, åkerlappen større, og eg likar å vita at dette gjer eg for hand.

Saktearbeid går heilt fint så lenge eg kjenner meg nyttig, at det er ei meining i det eg driv med. Dette er motsett av å vera med på dugnad om våren. Der kjenner eg meg unyttig og at arbeidet eg gjer, er meiningslaust.

Det er ikkje det at eg ikkje vil jobba gratis for fellesskapet, for det vil eg verkeleg, men eg er ikkje god på klassisk dugnadsarbeid. I det eg kjem til ein dugnad, kjenner eg meg dum. Kanskje har det med konstruksjonen av ei dugnadsgruppe å gjera? Du har eliten, dei som har peiling på kva som skal gjerast. Dei stiller opp i arbeidsklede, har verktøy, verneutstyr og kanskje bukseselar med klips. Dei har tilhengar og hengarfeste, skøyteleidning og høgtrykksspylar, og dei har nøkkelen til bygdehuset.

Eigentleg kunne denne delen fått gjort alt arbeidet i fred, for det er dei som gjer alt det vesentlege.

Men ein dugnad treng alle, dei treng òg slike som meg, som kjem tomhendt og står og ser på til eg sig ned på kne og byrjar å pirka ut grastustar eller skrapa fram mikroplast frå grusen. Ein gong sat eg slik i to timar utanfor det lokale nedlagde skulehuset, før ein mann i hjelm med visir kom med eit apparat og spruta på eit middel som tok knekken på alt ugraset.

Det er noko anna å arbeida i sin eigen hage, i eige tempo, som ein seier så fint når noko går trått.

Eg vert litt som Oskeladden når eg grev. Eg finn eit handtak og litt etter dukkar det opp ein gamal hermetikkboks det har vore brylcreem i. Eg finn knuste koppar og fat og mykje glasbrot. Var det ein ting før i tida, kanskje, å berre kasta glas og krukker ut i hagen?

Kanskje det var slik dei drenerte i gamle dagar, før drensrøyr vart løysinga på alle dreneringsproblema våre? Det verkar iallfall slik når eg søkjer på nettet.

Sidan området her ligg i eit søkk, vert det ein heil operasjon med knusing av mur og skjering av asfalt om det skal leggjast drensrøyr her. Det er einaste måten ein kan få røyra til å liggja med eit fall på ein centimeter per meter. Tanken skremmer meg, men kanskje må det til. For er det éin ting eg verkeleg finn mykje av, så er det vatn.

Det går ikkje mange timane frå eg har tømt det veksande hòlet for vatn, til det er fylt opp att. Noko av vatnet brukar eg til å vatna ripsbuskane og andre buskvekstar rundt på eigedomen, men det aller meste fyller eg i bøtter og kastar utfor ei skråning. Dette gjer eg dagleg. Hòlet turkar ikkje ut.

Kor kjem dette vatnet frå? Gjennom sprekker i berget? Ligg det gøymt overflatevatn ein stad høgare oppe, som renn ned hit utan at eg ser det? Eller sig det opp frå bakken, som ei lita oppkome? Eg anar ikkje, men eg byrjar jo å lura.

Då læraren i faget fjernsynsproduksjon ved Universitetet i Stavanger sa at TV-skjermen ikkje vert mørkare enn når han er av og alle lysstoffrøyra er sløkte, rekte eg opp handa og spurde:

– Går det ikkje an å laga mørkt lys?

Spørsmålet viste seg å vera ein invitasjon til latter og «du køddar no, sant?»-blikk frå både medelevar og lærar, som kunne slå fast at nei, mørkt lys finst ikkje.

Eg er litt i den same gata når eg googlar: «Kan ein drenera oppover?»

Medan eg grublar på dreneringa, held eg fram med å grava. Eg fyller trillebåra med torv og trillar henne rundt nova på huset, der eg legg torva med graset ned. Når all torva er teken, grev eg vidare i djupna, framleis med utgangspunkt i det fuktigaste området. Når eg treffer botnen, som viser seg å vera berg, grev eg i lengda og fylgjer berget nedover. Hòlet vert meir og meir som ein kanal som strekkjer seg i retning av huset.

I to månadar grev og flyttar eg på jord, fyller vatn i tilitersbøtter og tømmer det på nedsida av huset. Eg grev opp og omplasserer besten sine gule og raude rosebuskar og besto sin blå hortensia.

Eg har sett føre meg kvar asfalten må skjerast opp og drensrøyr må leggjast, og eg har irritert meg over at dette ikkje er blitt gjort før.

Ein dag skjer det noko. Eg er eit godt stykke under plenplan når spaden treffer på ein raud terrakottastein som eg lyftar opp. Han ligg rett og slett og kviler på tvers av to andre terrakottasteinar, slik at det vert eit holrom i midten. Det ligg ei rekkje med slike steinar her, dei dannar ein tunell under jorda. Med nokre små spadetak fører eg det oppsamla vatnet bort til tunellen og ser og høyrer korleis det sildrar under der.

Gløym breking frå nyfødde lam. Vatn som renn ned og forsvinn under terrakottatunellen, er den finaste vårlyden eg har høyrt.

Eg vert rørt. Forfedrane mine har tenkt på drenering likevel. Dei har lagt desse steinane her for hand, men i løpet av mange år har det tetta seg til med ung jord – somme plassar er ho så ung at det liknar meir på leire.

Ingenting er som augneblinken det går opp for meg at eg ikkje treng å leggja drensrøyr, for vatnet finn ein veg vekk på eiga hand.

Etter dette funnet vert eg ferdig med min del av gravinga. Eg har eg liksom funne fred, og fått nok. Dagen etter ringjer eg ein lokal entreprenør som kjem og ser på området.

– To–tre dagar med ein minigravar, estimerer han, det kjem an på kor djupt det er.

– Eg trur ikkje det er så djupt, seier eg.

– Det er umogeleg å vita om ingen har sett det, seier han.

Minigravaren og føraren kjem, grev opp – det viser seg å vera mykje djupare enn eg trudde – og fyller i med stein: stor pukk nedst, så mindre pukk og singel på toppen. Pris for alt: 27.493 kroner.

Hadde han teke plenen frå starten, ville det kanskje kosta nokre hundrelappar meir.

Men han hadde ikkje funne det handbygde dreneringssystemet av terrakottasteinar. Den konstruksjonen ville nok minigravaren teke i ein jafs.

Eller er dette noko eg berre seier til meg sjølv, så eg ikkje har spadd i to månader forgjeves?

Av alle ting eg har funne, må berget som i all mi tid har vore dekt av ein plen og diverse klatreplanteprosjekt som besteforeldra mine sette i gang, vera det finaste eg sit att med. Eg har grave fram ei berghylle nett passeleg for ein person, med eit lite bergbord ved sida av, nett passeleg for eit glas vin.

Denne kroken er min nye stad, og det er her eg sit når ein skodelysten onkel kjem bortom.

– Berre skaff deg ein høgtrykksspylar, så skal du sjå berget vert fint og lyst.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ljomar av kantklippar, hekksaks, motorsag, vedkløyvar, blandemaskin, kappsag meg her og gjæringssag meg der, og alle skal eiga alt sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis