JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Demens

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ny forsking tyder på at musikarar, som desse i Rolling Stones, ofte har betre kognitiv funksjon og sjeldnare kognitiv svikt enn ikkje-musikarar.

Foto: Raph PH / Wikimedia Commons

6770
20220902

Medisinsk

Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden.

«Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vera skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn.

Men både Drillo og me andre bør kunna nyansera biletet av demens. For ein 75-åring som får diagnosen, vil det seia at forventa levetid går ned, frå tolv år til seks år. Dei fleste kan bu heime utan hjelp dei første åra etter diagnosen. Og dagane kan fyllast med liv dersom me legg til rette for det.

Kanskje det også kan vera noko å læra av dei som er råka av demens – om å leva i augneblinken når fortida blir meir og meir utydeleg, og når planlegging ikkje lenger er på dagsordenen? Det viktigaste ljospunktet i demensbiletet er likevel at nær helvta av tilfella kan førebyggjast. Men då må me starta tidleg i livet, alt i grunnskulen.

Min amerikanske svigerfar var 78 då demensen kom snikande for ni år sidan. Han som alltid hadde vore språkinteressert, talefør og skrivande, opplevde at orda ikkje lenger var der, og at han køyrde seg fast i språket. «I am stuck», utbraut han resignert. Daglegdagse gjeremål, som å bruka den nye mobilen, var blitt vanskelege. Han etterlyste tablettar som kunne stogga den negative utviklinga. Men slike fanst ikkje den gongen og finst heller ikkje i dag. I året 2018 vart han ein av dei 2905 som døydde av demens her i landet.

Det er ikkje demens om du må leita litt etter namn og ord, fortel den same vitsen heile tida eller ikkje finn brillene dine. Men når du surrar for mykje med pinkodane og alle passorda dine, får hakk i plata og tek oppatt fleire gonger det du nett har sagt, eller ikkje finn vegen heim – og det buttar i dagleglivet – då er det fare på ferde.

Alzheimers sjukdom er den vanlegaste forma for demens: ein hjernesjukdom som oftast utviklar seg med langsam forverring over fleire år. Det heile tek til med proteinavleiringar i hjernevevet, truleg gjennom eit par tiår, før dei kjende symptoma melder seg, og minnefunksjonane blir forstyrra. Medikamentell behandling har minimal effekt på sjukdomsutviklinga.

Før ein kan stilla diagnosen demens, må det gjerast ei grundig undersøking for å utelukka eller påvisa sjukdomar som kan likna. Dei kan te seg som Alzheimers sjukdom, men ofte behandlast med godt resultat: Depresjon, andre hjernesjukdomar (nokre kan opererast), stoffskiftesjukdom, alkoholmisbruk, svevnforstyrringar, vitaminmangel eller biverknader av medikament.

Risikoen for å utvikla demens aukar med alderen, særleg etter at me har runda 80-årsmerket, noko dei fleste (55 prosent) av oss får oppleva. Nyare norsk forsking viser at med norsk demensrisiko vil kring 25 prosent av dei mellom 80 og 90 vera demente. I dag er det i alt 100.000 med demens i Noreg, tredjedelen av dei er på sjukeheim.

Nokre fagfolk meiner at talet på demente kan vera dobla i 2050, berre av di levealderen stendig aukar her til lands. Heldigvis er det grunn til å tru at denne prognosen er for pessimistisk. Nyare data tyder på at risikoen for å utvikla demens faktisk er avtakande og har vore det i fleire år, i Noreg og i andre vestlege land. Mellom anna er det påvist at eldre her i landet er blitt sterkare både fysisk og kognitivt dei siste 20 åra og difor meir sjølvhjelpte.

Til dømes viste Tromsø-undersøkinga frå 2021 at 70-åringar i 2016 hadde like god hugs som 60-åringar i 2001. Ein studie av svenske 85-åringar viste at prosentdelen demente var markert lågare i 2010 (22 prosent) enn i 1988 (30 prosent). Mest sannsynleg er det betre utdanning og sunnare livsstil som har hatt, og har, ein gunstig effekt. God utdanning byggjer opp ein kognitiv reservekapasitet slik at me er betre rusta om hjernen skulle svikta.

Eit skar i gleda er det at me legg på oss og har gjort det i mange år, mest på grunn av inaktivitet og feil kosthald. Her går utviklinga altså feil veg. I dag er to tredjedelar av vaksne nordmenn overvektige, av desse er kring ein million rett og slett feite, det vil seia med BMI over 30. Dei siste ti åra har vektauken vore sterkast i aldersgruppa 40–49 år, ein livsfase der overvekt er spesielt skadeleg. Denne nasjonale tiltjukninga har kome brått på og vil gjeva seg utslag i meir hjartesjukdom og demens i nær framtid – om me ikkje maktar å snu trenden.

Det som er godt for hjarta, er også godt for hjernen. Raudvin og mørk sjokolade i små dosar kan vera gunstig, ifylgje nokre rapportar. Tilskot av omega-3 eller vitamin D har derimot synt seg å vera heilt utan effekt på risikoen for hjartesjukdom, demens, beinbrot og ein del andre sjukdomar (VITAL-studien, NEJM 28. juli 2022).

God hjartehelse er heilt grunnleggjande for å utvikla og halda ved like god kognitiv funksjon. I tillegg treng me stimulering gjennom variert intellektuell aktivitet, sosial kontakt, musikk og song. Det siste er ikkje minst viktig: Ny forsking, mellom anna ein svensk tvillingstudie frå 2014, tyder på at musikarar har betre kognitiv funksjon og sjeldnare kognitiv svikt enn ikkje-musikarar.

Høg alder er den viktigaste risikofaktoren for demens. Kvinner blir råka litt hyppigare enn menn. Arv spelar ei viss rolle, slik at demens i næraste slekt aukar risikoen noko. Likevel reknar me ikkje vanleg demens for å vera ein arveleg sjukdom. Alderen vår, kjønnet og arven er det lite å gjera med. Men nær helvta av demenstilfella kan førebyggjast eller utsetjast gjennom tiltak retta mot tolv kjende risikofaktorar (Lancet Commission 2020): låg utdanning, hjerneskade, einsemd, depresjon, sviktande høyrsle, urein luft, inaktivitet, høgt blodtrykk, røyking, feite, overdrive alkoholkonsum og diabetes.

Nasjonal hjernehelse-
strategi 2019–2024 vart lagd fram på tampen av 2017 av dåverande helseminister Bent Høie. Initiativet var det aller første i verda i sitt slag, og lanseringa skjedde med brask og bram. I oppfølginga har det skjedd lite, til dømes innan demensførebygging. Kva med å blåsa liv i strategien og ta føre seg dei tolv kjende risikofaktorane? Veldokumenterte folkehelsetiltak kan etter alt å døma dempa demensbylgja. Fru Drillo ser til at han sjølv går turar kvar einaste dag for å førebyggja demens. Det er ei god oppskrift, attåt mindre stillesitjing, sunnare kosthald, meir sosialt samvær og meir åndsliv, song og musikk – i skulen og elles.

Inntil vidare kan me i tillegg nyta eit lite glas raudvin og ein neve mokkabønner – så lenge det er sunt – medan me ventar på at vedundermedisinen kjem.

Haldor Slettebø

hsletteb@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ljospunktet i demensbiletet er at nær helvta av tilfella kan førebyggjast. Men då må me starta alt i grunnskulen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis