JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Å byggja bruer og sprengja dei

RUKLA: Opptrappinga av Nato-nærværet i Litauen gjev høve til å byggja bruer som ein øver på å sprengja.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Major Stian Stormo, leiar for Noregs motoriserte infanterikompani i Litauen, syner korleis sprengkrafta vil øydeleggja stålbjelkene i brua.

Alle foto: Håvard Rem

10189
20220603

LITAUEN

Del 4. Brusprenging

I Litauen møter Håvard Rem soldatar og poetar, politiske analytikarar og historiske aktørar.

Folketal: 2,8 mill.
Hovudstad: Vilnius
Sjølvstende: 1918

13. mai. Del 1. Nordisk-baltisk samarbeid
20. mai. Del 2. Verdskrig til 1990
27. mai. Del 3. Nordens Jerusalem

havard@dagogtid.no

I dag skal eg få sjå ei bru gå i lufta – eit bilete av skilnaden på kollektiv og individuell vald. I dei 5000 åra menneska har bygd større bruer, har me rive dei i krig – for å seinka åtak og flukt. Om ikkje anna sprengde dei bruer, nordmenn som i 1940 ikkje var førebudde. Då dei fremste brubyggjarane, romarane, ikkje lenger heldt grensene, øydela dei meisterverka sine.

Men at Nato-styrkar i dag skal sprengja ei Nato-bygd bru, er berre ei øving.

Presidentane

Forsvarsalliansen vert tema når eg om morgonen vitjar Senter for Aust-Europa-studium (EESC), ein tenkjetank på hi sida av elva Neris som renn gjennom Vilnius. På vegen stoggar eg ved rådhuset. Der heng ein plakat med overskrifta: «Er du krigsflykting frå Ukraina?» All nytte av tog og bibliotek er gratis, heiter det, og russisk- og ukrainsktalande psykologar står til teneste.

I rådhuset heng ei utsegn i bronse på veggen: «Vel ein Litauen som fiende, får ein USA som fiende òg.» Her i landet er orda til den 43. amerikanske presidenten, Bush jr., like legendariske som dei til den 35. og 40. –?Kennedys «Eg er ein berlinar» og Reagans «Riv denne muren» (ikkje «Eg er ein hamburgar», som vonde tunger meinte). Høvet var at Bush i november 2002 vitja Litauen med ein munnleg garanti av det slaget søkjarlanda Finland og Sverige får no.

EESC-direktør Linas Kojola, som den gongen var ein tolv år gamal skuleelev i Vilnius, fortel:

– Eg hugsar godt talen til Bush i 2002. Og at me to år etter vart medlem av både Nato og EU. Heime prata me om historia.

Den 31 år gamle statsvitaren leier eit senter med 20 tilsette og tilknytte. Etter ein periode som Fullbright-stipendiat og gjesteførelesar ved Harvard vende han heim som politiske analytikar, rekna som ein av tre litauarar med størst påverknad.

Eigedomen er inngjerda. Då porten opna seg, passerte eg ei tom vaktbu. Kojola fortel:

– Ho står att etter den førre leigetakaren, den norske ambassaden.

Tilhøvet til Norden

Men det er bøker om Danmark eg legg merke til i bokhyllene på direktørkontoret. Han forklårar:

– Danmark har hatt mykje å seia, i den fyrste sjølvstendeperioden i mellomkrigstida og etter lausrivinga i 1990. Dei har alltid engasjert seg i litauiske spørsmål. I helga skal eg på konsert i København.

Noreg er nok det nordiske landet som ligg lengst frå Litauen. Danmark har dei historisk nærleik til, Sverige og Finland har dei Austersjøen i lag med, og med Sverige deler dei jamvel sjøgrense. EU-medlemskap deler dei med alle tre landa.

Island ligg geografisk sett lengst vekke, men litauarane kjenner nærleik til Island òg. Der nattelivet i Vilnius syd, finn ein Islandijos-gata, med kjærleikserklæringar til Island på husveggane. I mars 1990 var Island det fyrste landet i verda som våga å anerkjenna Litauen.

Litauarane veit å verdsetja anerkjenning av omstridde nasjonar. Som eit av ytst få land har Litauen anerkjent Taiwan. At dei med andre ord ikkje har eit nært tilhøve til Russland og Kina, svekkjer ikkje tilhøvet dei har til USA.

Nato-motstand

Samtalen med Linus Kojola held fram.

– Du skriv konsekvent at Litauen «vender attende til Vesten»?

– Me er stolte av soga vår. Historisk, språkleg og kulturelt høyrer me ikkje til den slaviske verda, men den vestlege. Ved å venda oss mot Vesten vender me heim.

– Kva får det å seia om alle dei nordiske og baltiske landa høyrer til same forsvarsallianse?

– Ein direkte konsekvens er at Austersjøen då vert tryggare enn nokon gong, på vatnet og i lufta. Meir indirekte vil det tryggja dei store skandinaviske investeringane i Baltikum. Handel og tryggleik heng saman. Me har nordiske varemerke som ICA, Rimi, Yara og Narvesen, og me har nordiske bankar og teleselskap.

– Kva tenkjer du om norske parti som vil ha Noreg ut av Nato?

– Hehe. Jens Stoltenberg byrja som Nato-motstandar. Men her i Vilnius får du nok ikkje sjå «Baltikum ut av Nato»-banner. Litauen er pro-USA.

– Kan Russland ein dag verta eit liberalt demokrati?

– Eg held det ikkje som umogeleg. Kven kjem etter Putin? I Litauen hugsar me Jeltsin som ein liberal leiar.

– Kva meiner du med at krigen og krisa «gjev sjanse til naudsynte reformer»?

– Invasjonen er ei vekking. Me lyt betra forsvarsevna. Litauen vil no truleg auka forsvarsbudsjettet fra 2 til 2,5 prosent av BNP. Hugs at det var så lågt som 0,77 prosent i 2013.

Frå 2014 til 2022

Frå 2014 snudde det her, tenkjer eg på ferda ut i distriktet, til Nato-bataljonen i Rukla. Slik Russlands invasjon av Ukraina har vore eit vendepunkt for mange vestlege land, vart invasjon av Krim i februar og mars 2014 det for Litauen – og for Nato. Eit halvår seinare tok Jens Stoltenberg over som generalsekretær. I 2015 innførte Litauen verneplikt. Forsvarsministeren deira spurde: «Er me annanrangs Nato-medlem? Om Russland omgjer ei grenseøving til eit åtak, vil dei invadera oss på få timar, før Nato rekk å svara.»

I 2016, på toppmøtet i Warszawa, vedtok Nato, som aldri hadde hatt troppar fast stasjonerte i Baltikum, å auka det militære nærværet i Polen og Baltikum. Ein bataljon på kring 1000 soldatar i kvart av landa, i alt 4000, ville vonleg vera få nok til ikkje å provosera Moskva, og mange nok til å seinka eit russisk åtak til Nato rakk fram. USA fekk leiinga av bataljonen i Polen, Storbritannia i Estland og Canada i Latvia.

Og i Litauen? Noreg vart spurd. Regjeringspartiet SV var mot vedtaket og bidraget. «Ein dårleg idé og uklok framferd andsynes Russland», meinte partileiaren, Audun Lysbakken. Då Noreg takka nei, fekk Tyskland leiinga av Litauen-bataljonen, sett saman av soldatar frå Tyskland, Belgia, Frankrike, Luxemburg, Nederland, Tsjekkia, Noreg og Island. Sistnemnde land har ikkje forsvar, men bidreg med ein feltreporter.

I 2017 var dei fyrste 140 norske soldatane på plass. I 2018 svara Russland med opprustning i Kaliningrad, eksklaven mellom Polen og Litauen, og utplassering av 500 km-rakettar som kan nå halve EU med kjernefysiske våpen.

Og i 2022 har Nato auka nærværet i Baltikum. Storbritannia har dobla talet på soldatar her.

H-bjelkane

Har eg hamna i ei filminnspeling langt ute på den litauiske landsbygda? På ei fleire hundre meter lang slette i eit dalsøkk er det bygd ei bru, utan vatn eller veg under, berre sand. Men ho er ikkje ei kulisse av kryssfiner – dei solide tømmerstokkane og forsterkande stålbjelkane kan bera eit tog. Etter den russiske invasjonen i Ukraina i februar har ressursbruken auka, i både personell og pengar. No har ein høve til å trena på noko så sentralt i krig som brusprenging. Dette er feltforsking.

For kvar tjuande meter av brua vert ulike sprengingsverktøy monterte, frå digre, men enkle bensinbomber til avansert utstyr. Ei innretning liknar ei lang rad av brøyteplogar i grønt støypejarn, og på ei landbruksutstilling ville ein trudd dei høyrde til ei blanding av ein skurtreskar og ein brøytebil, men plogane har gapa vende mot brulekamen for å styra sprengkrafta dit.

Me trekkjer oss vekk til grannedalen. Når flammar og svart røyk har fylt lufta, køyrer me attende for å studera verknaden. Dei tre meter lange H-bjelkane veg eit par hundre kilo kvar, men stålet ligg vridd som kokt spagetti. Bataljonssjefen, den tyske oberstløytnanten Daniel Andrä saumfer og samanliknar verknadene.

Major Stian Stormo (41) leier det motoriserte infanterikompaniet som er Noregs bidrag til Nato-bataljonen i Rukla. Etter sprenginga syner han meg den norske vognparken. I ein hangarliknande garasje fylt av norske flagg, kaffikanner og Dire Straits-songar tek dei unge soldatane hand om stridsvogner og stormpanservogner. I kontrast til radionyhende om kamphandlingane i Aust-Ukraina står den dovne røysta til Mark Knopfler, i opptak dobbelt så gamle som soldatane, men det er «Sultans of Swing» dei likar. Somme kjem rakt frå fyrstegangsteneste, andre har vore fleire periodar i Afghanistan. Ein av dei fortel:

– Heime har me dei siste månadene vore møtte med meir interesse for kva me driv på med.

Aust-ukrainske born

Ja, kva driv me på med? Ei påminning får eg om kvelden, i møte med nokre born.

Slik skiljet mellom vald og ikkje-vald vert viska ut i vest, der fleire meiner at ytringar rettferdiggjer valdsbruk, vert skiljet mellom makt og rett viska ut i aust, der russarar meiner at krav om territorielt sjølvstende rettferdiggjer militære åtak.

Frå Rukla dreg eg vidare nordover til Kedainiai, ein av Litauens eldste byar, med ein gamleby frå 1600-talet, frå tida då byen inngjekk i ein kortvarig svensk-litauisk union. På torget i den søvnige småbyen står eit digert monument over den litauiske prinsen som signerte Kedainiai-traktaten.

Folketalsnedgangen dei siste åra er om lag som under andre verdskrigen, då dei 3000 jødane i byen vart drepne. I solnedgangen ligg torget aude, sett bort frå nokre born som klatrar i monumentet. Frå torget går ei bru over Nevezis, av dei lengste elvene i landet. Her ville berre betongfundamenta stått att, tenkjer eg.

– Ta eit bilete av oss, seier eit av borna som har fylgt etter meg ut på brua.

– Kva heiter du?

– Yaroslav.

– Kor gamal er du?

– 13 år.

– Er det kjekt i Kedainiai?

– Eg kjem frå Rubizjne, aust i Ukraina.

– Korleis reiste du hit?

– Fyrst med buss, så med tog og så med bil.

– Kva såg du på ferda?

– Eg såg knuste vindauge, og eg såg hus øydelagde av brann.

– Kva såg du meir?

– Bygningar råka av rakettar, og mykje kaos.

– Når dreg du heim att?

– Om to månader når krigen er over.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

av stål ligg vridde som kokt spagetti.

– Eg såg kaos.

Yaroslav (13) frå Rubizjne i Luhansk fylke

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis