Mat

Kaffi avec

Kaffi er verdas frelse, og kan hende prov på at det finst ein gud.
Publisert Sist oppdatert

Det må innrømmast: Eg er kaffiholikar. Før eg kan gjere noko som helst om morgonen, må eg ha i meg to bøtter kaffi. Med mjølk. Og ikkje kva mjølk som helst, men heilmjølk frå Røros.

Som i så mange andre samanhengar har det sjølvsagt med feittet å gjere: Mjølkefeittet gir smak og søtleik, og heilmjølka frå Røros held 4 prosent. Har du skumma mjølk i kaffien, får du ei grå, vesal gugge. Sikkert nokon som likar det, så skriv gjerne eit flammande debattinnlegg, men det er ikkje for meg.

Eg har nok dette frå barndomen, då mine vestlandske foreldre dyppa brødskalkar i kaffi med mjølk og toppa det heile med ein solid klatt smør. Eg syntest det var himmelsk, sjølv om eg berre var fem–seks år gamal og kanskje ikkje burde ha i meg kaffi i det heile teke.

Ein annan vane dei hadde i vår familie, i alle fall fedrar og onklar, var å tømme kaffien på skåla og supe han i seg derifrå. Slik vart kaffien straks drikkande, sjølv om han kom glovarm rett frå kjelen. Og kjelen var sjølvsagt ein Høyang-kjele i rustfritt stål med koparbotn, og kaffien var kokmalen. No er vel alt dette plassert i museum.

Eg driv ikkje og tømmer kaffien på skåla no for tida, men har andre sære ritual som er uhyre viktige: Skal eg skrive noko, må det alltid stå ein rykande kopp ved sida av datamaskinen – men då vel å merke utan mjølk. Eg billar meg inn at om det ikkje står ein gloheit svart kaffi der når eg tek til å skrive, vert ikkje teksten god. Dette har sikkert legevitskapen eit namn på. Men legevitskapen får gjere sin jobb, så skal eg gjere min.

Ritual i samband med kaffi finst overalt. Eg hugsar ein gong eg var i lag med samar i Karasjok og kaffikjelen hang over bålet utanfor lavvoen. Dei tok kjelen av bålet, men skjenkte han ikkje straks. Nei, dei måtte «joike kaffien». Dei heva kjelen opp og ned, fleire gonger, og slik blanda han seg betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement