Mat
Vinterdraumar
Carpaccio av kalvekjøt, med parmesan, olivenolje og ruccola.
Foto: Dagfinn Nordbø
Lesarar av denne spalta veit nok at eg ikkje er spesielt glad i den kalde årstida. Medan eg i ungdomen deltok i konkurransar i skøyteløp, kvir eg meg no for å utsetje meg for hardpakka is og snø og usynleg hålke på fortaua.
Ramla eg på isen i indre bane under Oslomeisterskapen i skøyteløp på Bislett stadion i sekstiåra, pytt pytt. Det er ei heilt annan sak om eg deiser i gata no.
Eg er stor, tung og klossete, og ramlar eg i gata, må dei vel tilkalle kranbil for å få meg opp att. Derfor blir det mykje innesitjing i januar og februar. Det inneber skjermtid kvar veke som eg ikkje vil avsløre for nokon, men òg kulinarisk trøyst i putrande gryter og panner med familie og vener rundt bordet. Ei ny lukke er òg blitt meg til del, sidan eg nyss ordna nye delar til platespelaren. Halleluja!
Gromlyden frå ein diger vegg med LP-plater kan endeleg utforskast på ny. Eg har sagt opp strøymetenesta eg har hatt sidan 2008, og satsar no alt på den rike, klangfulle og analoge LP-lyden. Eg kan spele solokonsertar av Keith Jarrett medan eg lengtar etter våren, og den kan eg jo kan nyte i Dei fire årstidene av Antonio Vivaldi. Her ein dag fekk eg faktisk litt vårkjensle på formiddagen, med ganske vindstille og høg kvit sol, så eg sette meg på balkongen og leika at eg sat ved hytteveggen. Ja ja, eg er vel så gamal at eg har lov til å vere tussete.
Den draumen eg ber på, er temperaturar så høge at det ikkje er aktuelt å nytte komfyren i det heile. Ete rå mat, som i Frankrike eller Italia, til dømes ein carpaccio av okse- eller kalvekjøt. Namnet på retten fortel om finskore kjøt, oppkalla etter ein italiensk renessansemålar, Vittore Carpaccio, som var kjend for friske raudfargar.
Retten vart oppfunnen av kokken Guiseppe Cipriani, som dreiv den legendariske Harry’s Bar i Venezia. Han hadde ein adeleg gjest, grevinne Amalia Nani Mocenigo, og legen hennar hadde føreskrive berre rått kjøt. Så slik blei det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.