Frå matfatet

Det er ikkje berre for lite korn som skaper problem.

Slik stod byggen i Trøndelag i 2017. No er det best det ikkje vert for mykje av han.
Publisert Sist oppdatert

Veit du kva norske bønder produserte for mykje av i fjor? Nei, det er ikkje svin- eller sauekjøt, som det pleier vere. Det er heller ikkje storfekjøt, der er vi for tida i manko og må importere.

Det er bygg. Sjølvaste vikingkornet, råvare for øl og vassgraut, kornet nordmenn har overlevd på i tusenår, som Terje Vigen rodde over Skagen for å hente tre tønner av – «nu havde han livsens frelse om bord». No har vi ikkje problem med å få tak i bygg lenger, no har vi problem med å ha for mykje bygg.

Alt i november i fjor trudde Felleskjøpet at overproduksjonen ville koste 50 millionar kroner. No trur dei overskotet er større, men dei veit enno ikkje kva det kjem til å koste. Det dei veit, er kven som må betale: kornbøndene.

Ikkje nok med at norske bønder må slite med ansvaret for ein sjølvbergingsgrad dei ikkje har kjangs til å oppfylle, dei får også problem i den augneblinken dei byrjar å produsere for mykje. Då slår nemleg omsetjingsavgifta inn.

Då går marknadsregulator – i dette høvet Felleskjøpet Agri – og Landbruksdirektoratet saman om å lage ei forskrift som definerer kor stor omsetjingsavgifta skal vere – i praksis kor mange øre som skal trekkast frå oppgjeret til byggprodusentane per kilo levert korn – og kva ho skal brukast til.

Dropen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement