Mat

Vår i glaset

Solskin i glaset.
Publisert Sist oppdatert

Endeleg vår! Sola steikjer på balkongen heilt frå eg står opp og til langt på kveld. For ei lukke! Det beste livet er i korterma klede. Bjørka har fått raklar, fuglane har eg gitt solsikkefrø, og om naturen går sin gang, spirar det i nabolaget kanskje opp knallgule, høgreiste blomar til ære for dei stolte ukrainarane.

Ja, eg vel meg april, og som Bjørnson prisar eg den skiftande og viltraste månaden med solskin i glas. Sjølv det enklaste, som høge glas kvitt musserande med eit raudt bær, får opp humøret. Champagne er sjølvsagt det finaste, men om budsjettet er noko slankare, får du glimrande smakar i både cremant og cava. Prosecco? Å nei, slikt held eg meg unna, det er juksevin.

Kveldane med gjestar på vitjing opnar gjerne med musserande, men etter kvart kan ein jo alltids gå for cocktailar. Eller gin og tonicar, og då følgjer eg vanlegvis følgjande resept: Bruk eit ballongglas med stett, fyll det med is, og hell på gin til det er halvfullt. Mitt merke er Beefeater.

Og du – gløym no den der sedvanlege og sosialdemokratisk slappe halve sitronskiva. Klem heller oppi ein båt lime, fyll opp med ekte indian tonic (ikkje sukkerfri, den smakar pyton), og sign så glaset med ei god skive frisk ingefær. Der har du drinken sin.

Vi lever jo i Harry Holes tid i desse dagar, og sjølv om eg aldri har lese ei einaste bok av Jo Nesbø, kjende eg meg forplikta til å få med meg serien. Eg er slik med seriar at eg alltid må sjå alle episodane i éin smell, ikkje noko knussel. Ni episodar – så det blei ei lang, lang natt, og at ho blei mørk, det visste eg jo. Eg utstyrte meg difor med ei flaske whisky, men ikkje den Harry Hole lepjar i seg, Jim Beam.

Nei, eg sver til Upper Ten. Ein særs velsmakande og rimeleg blended whisky. Då eg snubla i seng klokka fem om morgonen, song fuglane, og flaska var halvtom. Med tanke på alle dei forstyrrande bestialitetane i Harry Hole-universet, var det heilt på sin plass med ein smule alkohol for nervane. Ein drink vert ikkje kalla «angstfordrivar» for ingenting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement