Intervju
– Eg kjem aldri tilbake til Russland
Ein liten sum pengar til eit antikorrupsjonsfond kan snu opp ned på livet.
Gregory Kunis måtte reise frå Russland.
Den
russiske forretningsmannen Gregory Kunis blei arrestert for å ha donert 35 euro
til Navalnyjs antikorrupsjonsfond (FBK). No har han reist frå familien i
Russland og bur i Israel.
– Det finst
ei oppfatning av at dei fleste russarar støttar krigen, men det stemmer ikkje.
Dei kan berre ikkje seie det høgt, rett og slett fordi det er farleg. Det er
viktig å forstå kvifor det er slik, og det er dette eg vil freiste å forklare
gjennom tekstane.
I tre
tekstar i Dag og Tid skriv han om arrestasjonen, om korleis dei innsette i
fengsla blir rekrutterte til krigen, og om sjølve høyringane.
– Er
det farleg for deg å fortelje desse historiene?
– Eg
ser på risikoen som låg for meg personleg og for familien min. Men verdien av å
snakke ut om kva som skjer på innsida i Russland, er stor. Det styresmaktene held på med no, er det eg
kallar for «styrt uvisse». Grensene for kva som er lovleg, flyttar seg heile
tida. Difor blir russarane tvinga til å teikne grensene sjølv. Å vere usikker
er meir effektivt enn frykt.
– Du har meir stoff enn dei tre tekstane du skriv for oss. Er det del av eit større prosjekt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.