JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Omkamp om re ttstryggleiken

Å gje staten heimel til å suspendera viktige rettar er ikkje utan risiko. Det visste opinionen i 1950, og har statsapparatet gløymt det, må vi minna dei på det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5949
20180302
5949
20180302

I 1950 stod det ein hard strid om kva slags juridiske rettar borgarane skal ha i ein krig eller krigsliknande situasjon. Omsynet til å kunna kjempa effektivt mot fienden stod mot omsynet til rettstryggleiken til borgarane. No legg Solberg-regjeringa opp til ein reprise av dette oppgjeret, utan at det er heilt klårt kva dei ynskjer.

Det var i 1950 at den andre Gerhardsen-regjeringa la fram utkast til dei såkalla beredskapslovene. Eit av forslaga var at det skulle skipast ein «forræderidomstol» som skulle døma i landssviksaker. Sakshandsaminga skulle ikkje ta meir enn 48 timar, og det gjaldt dødsstraff. Ein dom skulle ikkje kunna ankast. Ein skulle også kunna arrestera folk dersom dei førebudde forræderi eller landssvik, og gjennomføra sikringstiltak mot dei. I slike saker skulle politiet kunne halda folk fengsla i 30 dagar utan dom, og departementet skulle kunna forlenga fengslinga utan tidsavgrensing.

Lovene opna også for sensur av trykksaker og presse og for telefonavlytting. Desse lovene skulle primært tre i kraft dersom landet kom i krig, men ein opna også for å ta dei i bruk i «krigsliknande situasjonar».

Gerhardsen-regjeringa la fram forslaga i august 1950, og det endelege vedtaket vart gjort i desember same året. Men det var modifisert. Avsnitta om ein eigen domstol for landssvik var borte, like eins dei sterkaste formuleringane om sensur av presse og litteratur. Den modifiserte utgåva er framleis norsk lov (kjelde: Pax Leksikon 1978).

Offentleg engasjement

Grunnen til at lovene vart modifiserte, var eit uvanleg sterkt offentleg engasjement. Det vart samla inn meir enn 10.000 underskrifter, det vart vedteke og sendt ei rekkje resolusjonar. Og ikkje minst kom kultureliten på banen. Dei kulturradikale forfattarane, med Helge Krog og Sigurd Hoel i spissen, såg straks at dei liberale rettane i samfunnet var truga, og sa klart frå om det. Det var ein debatt med sjeldan intensitet.

Bakgrunnen for lovforslaga var dobbel. I regjeringa sat mellom andre Jens Christian Hauge, då som forsvarsminister. Han vart seinare justisminister, og han var jurist. Det er liten tvil om at det var krigserfaringane som låg bak. Hauge var leiar for Milorg under krigen, altså den «offisielle» motstandsrørsla, som hadde kontakt med London-regjeringa. Han og folka hans hadde opplevd at folk angav dei, noko som kosta mange nordmenn livet, ofte etter hard tortur. No ville dei skaffa eit lovgrunnlag for å døma og avretta slike folk. Dei laga lover for krig.

Den andre bakgrunnen var den kalde krigen og otten for sovjetisk invasjon. Det var ikkje ugrunna, for Sovjet la under seg land etter land i Aust-Europa i denne perioden, også det vestleg orienterte Tsjekkoslovakia. Men det å overføra logikken frå motstandsrørsla til det sivile etterkrigssamfunnet var ikkje alltid vellukka. Det gjekk særleg ut over kommunistane, som blei oppfatta som potensielle landssvikarar. Det hende også at regjeringspartiet Ap brukte etterretninga mot opposisjonen i eige parti. Dette er ingen stolte av i dag, og Lund-kommisjonen viste at omfanget av etterretningsarbeidet var stort og stundom ugrunna. Det internasjonale trugsmålet var reelt nok. Men måten det vart handtert på andsynes opposisjonen i Noreg, var ikkje god.

Krig og krise

Men den modifiserte delen av lovene vart ståande. Når ein skal sjå på dei i dag, skulle ein tru at det var for å fjerna eit svakt punkt, kanskje ein skamplett, i norsk rettshistorie. Men det er slett ikkje tilfellet. Grunngjevinga til Solberg-regjeringa er at det er for vanskeleg å setja desse lovene i verk, fordi dei er for tett knytte til krigssituasjonar. Dei dekker ikkje andre situasjonar som kan krevja suspensjon av vanleg lovverk.

I okkupasjonen var fienden Hitler-Tyskland, i den kalde krigen var det Sovjets militærmaskin ein frykta. Kva er det i dag? Eg siterer frå pressemeldinga på Justisdepartementets sider: «Den høye tilstrømningen av asylsøkere høsten 2015 viste at det også i fredstid kan oppstå ekstraordinære situasjoner hvor det er behov for å handle raskt, og hvor dagens lovgivning ikke gir tilstrekkelig fleksibilitet.»

Når ein skal gje døme, peikar ein på at det er urimeleg å gje store grupper av asylsøkjarar rett til full skulegang, i situasjonar som liknar den i 2015.

Det merkelege er at ein stiller slike, relativt enkle forhold inn under beredskapslovene, som i utgangspunktet handlar om krig og krise. Tyder det at flyktningar er å samanlikna med krig og invasjon, slik ein kan lesa på innvandringsfiendtlege nettstader? Eller legg ein det inn der fordi det er den einaste staden ein kan oppheva dei juridiske rettane som gjeld elles?

Alvorlege kriser

Beredskapslovene handlar om så alvorlege kriser at ein må setja til sides ein del viktige demokratiske rettar. Difor var dei omstridde frå starten. Ser vi på bruken av unntakstilstand i eit internasjonalt perspektiv, oppdagar vi fort at det ofte blir misbrukt av makthavarane. Det var slike grunnar som låg under motviljen mot lovene i 1950.

Det er uråd å vita kva utvalet vil foreslå når dei legg fram arbeidet sitt i mars neste år. Men medan dei arbeider, kan vi godt repetera historia om den førre debatten om desse lovene. Å gje staten heimel til å suspendera viktige rettar er ikkje utan risiko. Det visste opinionen i 1950, og har statsapparatet gløymt det, må vi minna dei på det.

Frå august til desember 1950 greidde opinionen i Noreg å hindra at landet fall frå rettsstat til ein juridisk røvarstat. Vi veit enno ikkje kva som står på spel, men om det krevst, vil opinionen vera i stand til det same i dag?

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast
skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ser vi på bruken av unntakstilstand i eit internasjonalt perspektiv, oppdagar vi fort at det ofte blir misbrukt av makt-
havarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis