JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ein siger i seg sjølv

Kvifor tok det so lang tid å få hoppkvinnene med i OL?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5349
20180216
5349
20180216

Då Maren Lundby landa fjellstøtt i botnen av bakken i Pyeongchang, tenkte eg: No kan resten av OL gå som det vil – ingenting kan toppa dette!

Det er sjølvsagt utilrådeleg å rangera OL-sigrar soleis. Men for meg og mange andre var rennet i Pyeongchang 12. februar 2018 noko meir enn eit olympisk hopprenn, på same måte som rennet i Sotsji i 2014 var noko anna enn ei vanleg OL-tevling. Desse renna er som ein siger i seg sjølv – ein siger over dei kreftene som i over hundre år har prøvt å halda jenter og kvinner borte frå hoppbakkane.

For sjølvsagt har kvinner heilt frå byrjinga hatt hug og dug til å hoppa på ski. Og mang ei skihoppande småjente, meg sjølv medrekna, har stolt kunngjort for omverda at «eg skal bli verdas beste hoppdame!», «Eg skal vinna OL-gull!».

Den draumen gjekk snøgt i knas. Det var visst ingen damer som hoppa i OL. Ikkje var det nokon hoppdamer med i VM heller. Det var ikkje hoppande damer på TV eingong. Kvar var alle saman?

Det byrja bra

På slutten av 1800-talet såg det ljost ut. Nokre av skiklubbane tok inn kvinnelege medlemer og skipa hopprenn for dei. I eit damelandsrenn i 1897 stilte over femti utøvarar til start. Likevel vart ikkje hopp nokon folkesport. Utetter 1900-talet hoppa gutar og menn og ei og anna småjente i dei mange bakkane som dukka opp, men kor mange tenåringsjenter og vaksne kvinner dreiv med slikt?

Nokre fanst, og ei handfull av dei vart svært kjende, som Johanne Kolstad og Anita Wold. Men stort sett deltok kvinnene i oppvisingsrenn eller var prøvehopparar for karane. VM-deltaking vart det ikkje før i Liberec i 2009, der fjorten år gamle Maren Lundby hadde startnummer ein. Verdscup fekk kvinnene fyrst i 2011/12-sesongen. I 2014 fekk dei vera med i OL. Då hadde kvinner for lengst fått høve til å konkurrera i langrenn, skiskyting, alpint, fristil, høgdehopp, maraton, kulestøyt og so frametter – og kvinner fekk delta i store internasjonale meisterskap. Med hoppsporten gjekk det trått.

Sveitte og sveving

I boka Hopp, jenter – hopp! (1998) drøfter historikar Karin Berg årsakene til denne stillstanden. Ho peikar på eit tilsynelatande paradoks: Det at ski og skilauping spelar ei kulturhistorisk viktig rolle i Noreg, kan ha vore til hinders for norske hoppjenter. I alle fall er det påfallande at jentehopp lettare vann fram i land der skiidretten ikkje var so sterkt bunden til tradisjonar, til dømes i USA. Me ser eit liknande mønster i andre idrettar: Kvinnefotball har ikkje stått sterkt i store fotballnasjonar som Italia og England.

Den gamle motviljen mot kvinneidrett («det er fråstøytande og naturstridig!») har òg prega skisporten. Haldningane endra seg noko på 60-talet, og då dei norske langrennsjentene vann stafetten i Grenoble i 1968, skjøna dei fleste at kvinner kan gjera det kvast i skisporet.

Dimed var det greitt å gå bortover og renna nedover på ski, men å setja utfor hoppbakkane? Det var altfor farleg! Spesielt var det farleg for det mannlege sjølvbiletet. Dersom jenter og kvinner kom og hevda seg i dei store bakkane, var det ikkje lenger noko karsstykke å hoppa der. Men det kunne ikkje mannfolka seia beint ut. I staden greip dei til det eldste argumentet av alle: den kvinnelege anatomien.

Bækkenorganene

I 1896 skildra lækjar Christian Døderlein dei skadane skihoppande kvinner kunne få: «Saavel Sats, som især Nedfaldet fremkaller visserlig sterk Blodtilstrømning til og Blodoverfyldning i Bækkenorganene, og selve Rystelsen, Choket, vil let tøie og forrykke de løst ophængte indre Organers Stilling.»

Og det enda ikkje der. Midt på 1900-talet fekk jenter høyra at dersom dei hoppa på ski etter at dei hadde fylt tolv år, kunne dei ikkje få barn når dei vart vaksne. Då Anette Sagen i 2004 skar ut med skia etter landing og ramla i skiflygingsbakken i Vikersund, vart fallet drøfta i fleire diskusjonsforum på nett. Nokre hevda at det er vanskelegare for kvinner enn for menn å styra skiene i so høg fart.

So seint som i 2006 sa presidenten i Det internasjonale skiforbundet (FIS) at skihopping er uheldig for kvinner «from a medical point of view». Den amerikanske storhopparen Lindsey Van kommenterte utsegna slik: «Men hallo, mine reproduktive organ ligg inni kroppen. Menn har organet utanpå. Det er visst ikkje trygt for meg å hoppa, livmora mi kjem visst til å detta ut. Kva då med organet som er utanpå kroppen?»

Stutt sagt: Påstanden om at kvinnekroppen ikkje toler skihopping, har vore framført med stor styrke i over hundre år. Dei skinasjonane som på 1900-talet hadde lengst røynsle og størst kunnskapar om sporten, og som i teorien kunne ha gjort mest for jentehopparane, var opptekne med å dyrka dei mannlege hoppheltane sine. Og når det finst få førebilete og få meisterskap å strekkja seg etter, kjem me inn i ein vond sirkel.

Nye tider

Då eg sjølv deltok i internasjonale hopprenn tidleg på 2000-talet, hoppa me i små, bortgøymde bakkar og fekk sokkar, brus og dorullhaldarar i premie. No, eit drygt tiår seinare, er me nesten der me skal vera. Verda er mogen nok til å sjå kvinner flyga. Men når skal dei få tevla om OL-gull i stor bakke?

Kristin Fridtun er fast skribent i Dag og Tid og tidlegare skihoppar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då eg sjølv deltok i internasjonale hopprenn tidleg på 2000-talet, hoppa me i små, bortgøymde bakkar og fekk sokkar, brus og dorullhaldarar i premie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis