JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ein reisande i vers og satire

Finst det ein kjerne hos Aasmund Olavsson Vinje, ligg han i det at han såg ei sak frå minst to sider, stilte seg utanfor og utfordra dei mest sjølvsagde tankane i samtida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6067
20180406
6067
20180406

Den 6. april er det 200 år sidan Vinje vart fødd. Men å lesa skriftene til Vinje gir inga kjensle av museum. Satiren overgår det meste av dagens yrkeshumoristar, og blikket for sosiale skilnader, dygder og laster i felleslivet gjer framleis inntrykk på min generasjon, som vart dynka i Marx og døypte i Bourdieu. Dei sosiale skilnadane som ligg i smak, språk, husgeråd og kultur, gjer Vinje til ein av dei store sosiologane i sin generasjon, parallelt med Eilert Sundt.

Kanonisk

Vinje tok artium i 1850 og juridisk embetseksamen i 1856. I studietida utfalda han seg som Kristiania-korrespondent i Drammens Tidende og skribent i Andhrimner. Desse åra vart nynorsken til; Aasen sende ut grammatikken og ordboka si i 1848 og 1850. Vinje var interessert, sjølv om han i første omgang mest tok norske ord og uttrykk inn i dansken. Men frå første nummeret av Dølen i 1858 tok han spranget over i landsmålet, og på dei tolv åra han framleis fekk leva, demonstrerte han krafta i målet med stor tyngde innanfor journalistikk, essay, reiseskildring, lyrikk og forteljingar. På dei fleste av desse områda skapte han kanoniske tekstar.

Mest kjende er dei sentralllriske tekstane hans, som «Ved Rundarne», «Våren» og «Det syng for Storegut», som også har plass i songskatten. Men han har også ei rekkje tankedikt, som «Tyteberet», «Nationalitet» og «Ved ei Aa», der han stør seg til Aasen, visdomslitteraturen og ordtøka. Og han har mange humoristiske dikt, som ein sjeldnare støyter på.

Det er likevel i prosaen han får størst armslag. Vinje gjorde ei lang sosial reise, frå Plassen i Vinje via seminar i Kviteseid og Asker og heilt fram til juridikum. Han var bondestudent 20 før Garborg skapte ordet. Og motsett Daniel Braut, såg han på alle stadia av livsferda si som kjelder til innsikt. Han heldt fast ved klokskapen hos reflekterte bygdefolk, som med godt vit og nyfikne kunne ha betre dømekraft enn dei lærde. Han var kunnskapstørst og las levande og døde språk parallelt med lærargjeringa. Filosofi las han attåt jussen. I journalistikken tok han mønster etter både Holbergs epistlar og engelsk og tysk opplysning. Han lærte seg engelsk på eiga hand og skreiv bok på engelsk om Storbritannia. Og han skreiv drepande kritikkar av dei viktigaste aktørane i samtida: Bjørnsons bondeforteljingar, Ibsens Brand, Monrads kritikarverksemd og den dominerande politikaren Schweigaard.

Suksess

Reiseskildringa vart hans største suksess; og han reiste heile livet, både sosialt og geografisk. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 held stand. Satiren er skarp, og dei halvt fiktive portretta er slåande. Vinje døde før den realistiske romanen kom til landet, men han fyller reiseskildringane med små moralitetar, sterke skildringar av dygder og lastar, særleg det siste: latskap, kverulantisme, religiøst svermeri, vanstell og spekulasjonsøkonomi. Men også hylling og glede når han ser god gardsdrift og tru på framtida.

Som essayist og prosaist kan vi trekkja linjer både bakover og framover. Den personlege stilen har i seg ekko frå Holberg og Heine, men peikar også fram mot «nyjournalistikken» i USA, der journalisten brukar seg sjølv. Men stilen skil seg frå den narsissistiske notidsjournalistikken, der journalisten praktiserer det Jon Hellesnes kallar «person utan sak» – subjektivt skvalder om trivialitetar. For sjølv om Vinje brukar seg sjølv, sine eigne vurderingar og opplevingar, er han alltid kunnskapsrik.

Oppgjer

Han er også nærgåande og frekk. I oppgjeret med Ibsens Brand kallar han den typen idealisme som helten praktiserer, og Ibsen framstiller, eit brannvesen. Brannmenn som dette har misforstått oppgåva si; i staden for å sløkkja, fer dei ikring og tenner nye brannar. Og når han først er i gang, tek Vinje like godt eit oppgjer med kritikken av Brand, mellom anna frå professor Monrad, den viktigaste norske kritikaren i tida. Han er liksom jerven som et ein heil hest på ei natt, fordi han ikkje meltar maten, som renn rett gjennom. Slik er det med denne filosofen: alt kjem ut att, umelta, med store klumpar av Platon og Hegel, skriv han. Det er spisse formuleringar.

Det er ikkje å undrast på at Vinje var omstridd. Ein samtidig skreiv etter hans død om hans «fullstendige Karakterløshed». Nynorskingane var også urolege. Denne flakkande karakteren, reisande i essay og talar – hadde han fast kjerne? Eller var han farleg identitetslaus? Sigmund Skard, i mange år eit nav i nynorskens store hjul, skreiv ei imponerande avhandling der han fann kjernen: tilknytinga til antikken.

Utfordrar

Seinare lesarar, som Jon Haarberg og Sveinung Time, har prisa Vinje nettopp for mangfaldet, perspektivskifta, dei tusen observasjonane frå ulike hald. Og om det finst ein kjerne, ligg han vel nettopp der: at han greier å bruka alle observasjonar og røynsler frå ulike sosiale miljø til å sjå alle saker frå minst to sider, stilla seg utanfor der alle står innanfor, og utfordra dei mest sjølvsagde tankar i samtida. Det gjer han til inspirator for så ulike skribentar som Aksel Sandemose, Hans Skjervheim, Kjartan Fløgstad og Agnes Ravatn.

Han kunne også formulera enkle sanningar. I ei tid med inflammatorisk nasjonalisme gjer det godt å lesa «Nationalitet», som set opplysning og nasjonalkjensle i fullkomen balanse. Det at det gjævaste er «at vera ein Noregs mann», tyder for Vinje ikkje noko exit eller brexit frå verda elles, for verda er vårt store fedreland. Og dei største tankane får vi alltid frå «Verdsens det store Vit». Det nasjonale oppstår når desse tankane bryt mot det nasjonale, slik sollyset fargar lyset ulikt i kvar bylgje. Hadde alle tenkt så klokt om nasjonalitet, kunne mykje blod og liding vore spart.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han er også nærgåande og frekk. I oppgjeret med Ibsens Brand, kallar han den typen idealisme som helten praktiserer, og Ibsen framstiller, for eit brannvesen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis