JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Det er nok uvêr no

No er det lov å klage på vêret – men berre dersom vi erkjenner at vi kan gjere nok med det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5574
20220812
5574
20220812

Eg treng ikkje fortelje deg at det er mykje å uroe seg for i verda for tida. At det har vore det den siste tida, at all uroa, både nært og lenger vekke, har lagt som ein liten skugge over sjølvaste sommarferien. Sjølv har eg uroa meg for mykje – for korntransport og prideterror og kolkraftverk som startar opp att, for å nemne noko. Men mest av alt, det må eg innrømme, har eg uroa meg for at det ikkje var ei einaste moltekart å sjå i fjellet mitt.

Ja, eg er ei sånn som følgjer med på molteveksten. Og i år byrja det så bra: Ein varm, tidleg vår gav rekordbløming. Men så kom kulda. Og ho varte og rakk, og snart var alle blomane vekke utan at så mykje som ein einaste moltekart var forma, kor mykje eg enn leita. Ikkje var det mange blåbær- eller tytebærkart å sjå heller. Og ja, det gjorde meg skikkeleg redd.

For nett dette var halmstrået eg klamra meg fast til: Om alt ramlar saman i verda kringom meg, kan eg i alle fall hauste i nærområdet. Naturen sviktar meg ikkje. Ingen galen diktator eller økonomiske system på avvegar kan ta frå meg min siste skanse: at her eg bur, veit eg kor moltene veks.

Vått, tørt, varmt, kaldt

Eg trur ikkje eg er aleine. Tvert om: Eg trur det er langt mellom dei som seier seg nøgde med sommarvêret 2022 – både blant dei som bur i vestlandsregionen, kor det har regna 70 av dei 92 siste dagane (syndefloda varte berre i 40 dagar, som BT-kommentator Gerd Tjeldflåt så treffande kommenterte nyleg), blant dei i midtbyen Trondheim, som har hatt den kaldaste julimånaden på 60 år, og blant dei som nesten ikkje har hatt nedbør i det heile sidan snøen smelta.

Ja, for juli 2022 «var å regne som både svært varm, kald, ekstremt våt og ekstremt tørr for forskjellige deler av landet», ifylgje Meteorologisk Institutt. Månadsrapporten deira syner at det regna 83 prosent mindre enn normalt i Mjøndalen denne julimånaden, medan nedbørsmengda var 96 prosent over normalen på Lurøy.

Skilnadane er så store at vêret i Noreg under eitt kjem ut som «normalt». Eg trur likevel ikkje det kjennes slik – ikkje for dei som er avhengige av godvêr for å selje reiselivsprodukt, ikkje for bønder som ikkje får tatt slåtten, og ikkje for dei som prøver å dyrke grønsaker i hagen med vatningsforbod.

Ein start

Likevel er det færre no enn før, synest eg, som slenger inn kommentarar av typen «og dei snakkar om global oppvarming?» så fort julitemperaturen dett under null.

Byrjar vi etterkvart å innsjå noko? Eg trur det. Eg trur vi byrjar å innsjå at vi ikkje vil ha det slik som no, vi vil ikkje ha fleire 2022-somrar, og vi vil i alle fall ikkje at vêret skal verte enno verre. Vi byrjar å ta inn over oss at det å unngå at CO2-nivået i atmosfæren vår vert høgare, ikkje er noko vi skal gjere berre for nokon andre, dei på små stillehavsøyer som står i fare for å drukne, til dømes, eller for å skåne oldebarna vi kanskje ein dag kjem til å få, men at å halde det globale temperaturnivået stabilt er noko som og gagnar oss, nordmennene av i dag.

For om det ved fyrste augekast kan verke freistande med litt høgare årstemperatur, lengre vekstsesong og færre par labbar i skorne, kjenner vi no på kroppen at auka temperatur kjem med konsekvensar – som endra nedbørsmønster. Eg trur ikkje det skal mange åra til med månadar som alle ligg på ein temperatur kring åtte til fjorten grader før ein byrjar å lengte etter kalde, klare vinterdagar – og truleg like få år med dusjerasjonering før ein byrjar å danse regndans på forgjeves grasdekte burettslagstak.

No er ikkje denne innrømminga det same som å vere klar for inngripande tiltak. Diverse prisstigningar den siste tida har jo synt oss det vi allereie visste – at å prioritere klimaløysingar er endå vanskelegare i tunge tider.

Men det er eit steg på vegen. Og jo tyngre regnskyene samlar seg kring mindre delar av landet, dess større vert dei stega, trur eg.

Eg var i alle fall klar for temmeleg drastiske tiltak då eg såg at moltene mine uteblei. Men kva kunne vesle meg gjere? Å tinge solcellepanel til hustaket mitt ville ikkje få moltebæra attende. Særleg ikkje så lenge manglande moltekart er vanskeleg å skrive av som ein direkte konsekvens av klimaendringar – varme vintrar høver betre her enn kalde somrar. Likevel: varmare, våtare, villare vêr er ingen ven av eit bær så vilt at ingen enno har klart å temje det.

Hugs denne kjensla

På ein inneklemd soldag for eit par veker sidan tok eg likevel mot til meg. Eg vassa ut på moltemyra – og fann gule, modne moltebær. Kor dei har kome frå, veit eg ikkje, berre at eg var glad for å sjå dei.

Alt er altså ikkje øydelagt – enno. Men den kjensla av at moltene var vekke, den vil eg ikkje ha att. Ein kald sommar tok ikkje livet av moltene, men ei stadig høgare tregrense, gras som spreier seg utover det som ein gong var hei og myr, for ikkje å snakke om alt regnet, kan fort gjere det, og det orkar eg nesten ikkje ta inn over meg.

Men så er det nett det eg må gjere. For slik har kanskje endåtil dritvêrsommaren 2022 vore godt for noko: Vi må ta med oss denne kjensla inn i alle dei klimapåverkande debattane vi skal ha utover hausten og vinteren. Om det gjeld prisar på straum og drivstoff, leiteboring, elektrifisering av plattformer eller nærast kva som helst anna er det berre éin hovudtanke som gjeld: at den einaste måten å betre vêret på er å ikkje auke, men få ned, mengda CO2 i atmosfæren.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skilnadane er så store at vêret i Noreg

under eitt kjem ut som «normalt».

Eg trur likevel ikkje det kjennes slik.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis