JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den canadiske statsministeren Justin Trudeau oppfyller vallovnaden frå 2015.

Foto: Amr Alfiky / Reuters / NTB scanpix

2025
20181019
2025
20181019

Verste skule-
massakre i Europa

19 menneske er drepne i Russland i den verste skulemassakren som nokon gong har skjedd i Europa, melde Aftenposten onsdag. Om lag 40 er skadde, og ifølgje det lokale sjukehuset kan talet på døde stige. Åtte menneske er livstrugande skadde.

Det var ein elev som gjekk til åtak på studentar ved den tekniske høgskulen i byen Kertsj på Krim. Først gjekk ei bombe av i kantina på skulen, så tok den 18 år gamle eleven til å skyte på medelevane.

Elevane og lærarane trudde først det var ein gasseksplosjon, men så høyrde dei geværskot, melder avisa.

Ein talsmann for styresmaktene på Krim opplyser at gjerningsmannen skaut seg sjølv etter åtaket.

Canada legaliserer marihuana

Onsdag denne veka vart Canada det andre landet i verda som har legalisert marihuana til rekreasjonsbruk. Statsminister Justin Trudeau oppfyller såleis vallovnaden frå 2015.

Over hundre menneske stod i kø utanfor ein offentleg cannabisbutikk i Montreal før opninga klokka 10 om føremiddagen. Ein kunde hadde stått i kø frå kvart på fire same morgon.

Den kanadiske regjeringa stadfesta same dag at dei vil innføre lovverk som skal gje straffritak for menneske som har vorte tekne med mindre mengder cannabis på seg, men åtvarar om at det vil ta tid før ein kan gje slikt fritak.

Avkriminaliserer abort

Seinast i 2009 vart ei 19 år gammal kvinne i Queensland straffa for å ha prøvd å ta abort med medisin ho truleg hadde smugla inn frå Ukraina. Queensland har onsdag denne veka avkriminalisert abort, melder The New York Times. Den nye lovgjevinga gjev rom for å ta abort fram til veke 22 i svangerskapet, lenger dersom ein har samtykke frå to lækjarar. Det vert òg laga forbodssoner på 150 meter rundt abortklinikkar for aktivistar som vil protestere, og lækjarar som ikkje vil utføre abort, vert pålagde å vise pasientane vidare.

Det siste tiåret har abort vorte mindre straffbart i dei fleste områda i Australia. Berre i New South Wales, der hovudstaden Sydney ligg, er abort framleis straffbart.

mone@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis