JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vern elvene mot dumskapen

Ein skal aldri seie aldri. Bortsett frå når verna vassdrag skal forsyne oljeplattformer med straum.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5499
20220128
5499
20220128

«Ein kan ikkje gå ned i den same elva to gonger.» Det vidgjetne ordspråket til den greske filosofen Heraklit er ein del av læra hans om at «alt flyt» – og kanskje er det denne trua på at alt alltid er i forandring, Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet meiner skal gje dei løyve til å auke straumtilfanget i Noreg gjennom å bygge ut verna vassdrag.

Då gjer dei vel i å hugse at det Heraklit meinte låg til grunn for alle forandringane, var krig. Og krig kjem det til å verte, trur eg, om partia får det som dei vil. Ikkje med skarpt skyts og statlege hærførarar, men med handplakatar, lenker og politikarforakt. Folk bryr seg om elvene sine. Med god grunn.

70 prosent utbygd

Noreg har i dag 389 verna vassdrag. Om Høgre får gjennomslag for dei ti verna vassdraga dei «skånsamt» vil bygge ut, har vi altså framleis 379 igjen. Og det er jo berre dei vassdraga vi har verna, som er under 10 prosent av totalen. Vi har over 4000 vassdrag i Noreg. Nok å ta av, då, eller?

No er over 70 prosent av dei alt utbygde, inkludert sju av dei ti høgaste fossane. «Dette fører til endret vannføring, og forandringer i bunnforhold og vandringsveier for fisk», ifylgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). I tillegg til kraftutbyggingar er vassdrag truga av fysiske inngrep frå til dømes masseuttak, ureining frå busetnad eller industri, ureining frå avløp eller landbruk eller invasjon av framande artar. Elveløp er ettertrakta.

Kva har Praha, Budapest, Bordeaux, Frankfurt, Nashville og Quebec til felles? Dei er alle elvebyar, og dei er langt frå aleine. Det er lenge sidan dei store elvene i verda låg urørte, og det er det gode grunnar til.

Elva gjev grøderikdom og liv – og kraft. Å nytte krafta i vatnet til å lette arbeidsoppgåver for menneska er ikkje noka ny oppfinning.

Så er det sjølvsagt skilnad på å sette opp ein fem–seks kvernhus langs ei elv og leie elvevatn inn til kvart enkelt av dei, slik at krafta kan drive kvernsteinen rundt nokre dagar i året, og den 110 meter høge bogedemninga som regulerer Altaelva. Derimellom renn det ei æve av nyansar.

Dømet i Jølstra

Slik har både Heraklit og Høgre litt rett i at alt flyt. Vi skal vere varsame med å seie aldri eller alltid altfor ofte. Å seie at «de store vannkraftutbyggingenes tid er over» er skummelt, fordi vasskraftutbyggingar kan òg endre seg. Slik Høgre no vil dei skal gjere, no når det skal byggast ut skånsamt.

Kanskje er det dei ser føre seg, noko slikt som det nyleg opna kraftverket i elva Jølstra i Sunnfjord. «Eit skånsamt anlegg», stod det iallfall på framsida av lokalavisa førre laurdag, og Bergens Tidende hadde eit tosiders oppslag med same melding: Her har ein klart å gjennomføre eit kraftfullt naturinngrep så å seie utan at nokon har klaga.

Vatnet er lånt i ei strekning på 5,5 kilometer. Her er inga stor demning, berre ein terskel som leier vatn ned til ein tunnel. Produksjonen vert kring 250 gigawattimar – nok til 12.500 husstandar. Laksen har fått gytedam, og friluftslivet har fått gangsti.

Berre éin instans lyfter peikefingeren: Naturvernforbundet. Det viktige som forbundet minner oss på, er at inga utbygging vert heilt skånsam berre fordi laksen har trapp og turfolket slepp å sjå ei stygg demning. Argumentet er rett nok det same for all kraftutbygging: Vi set ingen pris på mosen som treng fossespruten for å vere frisk og sprek. Mange elveartar er vane til ujamn vasstand, men ikkje så ujamn som han vert når det er den globale kraftprisen som opnar og stenger elvekranane.

Eitt spørsmål er heller ikkje stilt: Skal vi bygge ut eit vassdrag, bør vi få mest mogleg energi ut av det. Kor mykje straum mister vi med skånsam versus full utbygging? Har Høgre rekna på det, skal tru?

Utbygging for æva

Eg stenger likevel ikkje alle elvekranar. Men frå mitt reint menneskelege standpunkt er det viktig å vite kvifor vi gjer inngrepet: Skal straumen brukast til noko nyttig? Eg treng å vite om naturtapet er verdt prisen.

Og det er det ikkje om elva skal leggast i røyr for å forsyne verdas mest fossile infrastruktur (ja, eg veit det er plattformer som er verre, men olje ureinar framleis mest). Ingen verna vassdrag bør byggast ut for å elektrifisere sokkelen. Det vert berre for dumt. Eg vert flau, ja, eg får beint fram lyst til å melde meg ut av landet mitt når politikarane mine snakkar sånn.

Ein ting er at full elektrifisering vil legge beslag på om lag 10 prosent av straumforbruket i Noreg, og at vi enno ikkje veit kor den straumen skal kome frå. Viktigare er det at investeringa truleg ikkje vil redusere CO2-utsleppa globalt.

Klimaendringar er truleg eit større trugsmål mot elvene våre enn «skånsame» utbyggingar. Då kan vi ikkje vente av elvene at dei bidreg til sin eigen undergang. Skal vi bygge ut elver, må vi gjere det på ein måte som verken øydelegg elva eller livet kring ho, og det er vanskeleg nok, men vi må òg nytte krafta i ho til å bygge ei verd vi kan leve med like lenge som elvevatnet er tvinga til å renne i røyr. 

For meg er det uaktuelt å opne verna vassdrag for utbygging så lenge straumen kan hamne på ei oljeplattform. Truleg er det uaktuelt i det heile, men skal det vurderast, må straumen nyttast på ein måte som tek oss vekk frå, ikkje mot, meir olje både som energi- og som inntektskjelde.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal straumen brukast til noko nyttig? Eg treng å vite om naturtapet er verdt prisen.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis