Vatna som reinskar byen
I Nederland blir gjenfylte sjøområde i byen gjenopna. I Noreg gjer vi det omvende.
– Noreg må òg gjenoppdaga vassflatene i byen for å møte klimaendringane, seier forskarar.
I dag ligg trafikkmaskina Nygårdstangen over og forureinar Store Lungegårdsvannet.
Forureining
ronny@dagogtid.no
– Det er mykje tale om bevaring av dyrka mark. No er det på tide å rette merksemda mot bevaring av vatn, vassvegar og bystrender. Det som skjer og har skjedd ved Store Lungegårdsvannet, er å likna med krigsøydeleggingar. Det gjeld planlaus utfylling, og det gjeld nye bygg som er for mange, for stygge og for store, seier bergensaren Sigmund Knag, som engasjerer seg sterkt mot vidare utfylling av Store Lungegårdsvannet.
Dette vatnet – ein stor våg som ligg 10 minutt i gangavstand frå Torgalmenningen – har kome i klemme på grunn av auke i folketal og bilbruk, og i det siste på grunn av bybanetrasé og trylleordet «fortetting».
Knag held fram:
– Det finst ingen langsiktig, god plan for vatnet og områda rundt. Kommunale reglar om bygging er mange, innvikla og tøyelege. Planideane kjem ofte frå private utbyggjarar. Har dei tid, pengar og advokatar nok, vinn dei ofte fram med det dei vil. Kommunepolitikarane er såre lette å lokka. Høgre vil ha vekst og Arbeidarpartiet sysselsetting, og massebygging av høghus tykkjest gje lovnad om begge delar.
– Skrap-arkitektur
Bergen og vatn høyrer liksom i hop, særleg når det dryp frå himmelen. I 2015 vart det sett rekord: 276 dagar i året med regn.
Men Bergen har òg hyggjelege, gjestfrie sjøsider. Og denne sida var tydelegare før: Store Lungegårdsvannet, eller i daglegtalen Storelungeren, var enno ein bit inn i etterkrigstida eit attraktivt rekreasjonsområde med småbåthamner og strandbreidder for byfolk. Før det hadde vatnet jamvel samband med Lille Lungegårdsvannet (Smålungeren) – i dag ei innelukka tjørn midt i Bergen. I sundet mellom dei to vatna gjekk små dampferjer til og frå Fløen og Solheimsviken. Sundet vart fylt att i 1920-åra.
Frå 1970 skaut så nye utfyllingar fart. Ein ville ikkje minst skaffa areal til nye bilvegar frå Danmarksplass-området til sentrum, og frå sentrum i retning Sandviken via tunnel gjennom Fløyen. Særleg nordre og austre breidda av Storelungeren har vorte ein «bakgard» merkt av tilfeldige utfyllingar.
Eit område fleire gongar større enn til dømes Lille Lungegårdsvannet, har deretter vorte utfylt. Attåt jarnbane og godsterminal ligg bilvegar og viaduktar i store slyng og fleire plan, treplansgarasje, ope parkeringsareal, skulebygg, kontorblokker og så bortetter. På Møllendal-sida har høge bustadblokkar gjort grove innhogg i det som var eit småhusstrøk.
Knag kommenterer det slik:
– Området kring vatnet har vorte kalla eit avfallsdeponi for skraparkitektur. Det er eg heilt samd. Bygga ligg ikkje berre på feil stad, pluss at dei er for store eller for høge; dei fleste er utan merkande arkitektonisk verdi.
Bergen kommune melder på sine eigne sider at det vil bli fleire utfyllingar i Store Lungegårdsvannet dei komande åra. Godsterminalen ved Nygårdstangen blir større, og det er planar om bybane frå sentrum til Fyllingsdalen via Møllendal.
– Dårleg byplanlegging
– Men er ikkje denne byutviklinga påkravd, som eit resultat av auka folketal?
– Nei, ikkje nødvendigvis, svarar Knag. – Ei betre byutvikling ville vore å skapa sjølvstendige, kompakte, «funksjonskomplette» byeiningar eit godt stykke utanfor bysentrum. Ein funksjonskomplett stad er ein stad der folk bur og arbeider og har alt anna dei treng til dagleg innan gangavstand. Åsane og Fyllingsdalen burde ha vorte slike sjølvstendige byar. Trafikk oppstår når folk bur éin stad, medan arbeidsplassen ligg ein annan stad. Skal alle bu i einebustad på landet og jobbe i byen, blir det mykje trafikk. Og trafikkmaskinane – fleirfeltsvegar, bruer, parkeringsanlegg og så vidare – et opp grunn som kunne vore betre nytta. Og når grunnen er eten opp, så vil ein visst drikka opp vatnet òg.
– Men utbygging av Bybanen kan jo redusere biltrafikken?
– Ein bybane trengst nok. Men han skal ikkje få rasere lengst etablerte og vel fungerande grannelag, som Fløen eller Kristianborg. Ein skal dessutan tenkje enkelt og økonomisk, og ikkje freista løysa alle problem i eitt. Det finst jo òg andre ferdslemiddel: Kvifor bygge veg oppå vatnet, når ein kan setja ei ferje på vatnet? Ferja tek stor last, det blir ingen kø på vatnet, ein treng ikkje bygge nokon veg, og vatnet vert ikkje nedslite.
Gjenopning av vatnet
Mor til Knag var arkitekt, og han har vakse opp sør for Danmarksplass. Han meiner at folk no bør vakne, før katastrofen blir endå større:
– Svære område er skjemde av seksfeltsvegen frå Danmarksplass-området til sentrum. Biltrafikken som flyg oppe i lufta på brua over Storelungeren kan sjåast og høyrast døgnet rundt i vide krinsar. Strekninga Danmarksplass–Solheimsviken–Nygårdstangen er fylt opp av trafikkmaskineri og betongskrot. Det er ikkje ro til å sjå, høyre eller tenkje. Dårleg luftkvalitet vinterstid er berre fornamnet, meiner han.
Knag syner til at i andre land gjer ein heilt annleis. I Nederland blir attfylte sjøområde i byen opna opp att, som kanalen kring Utrecht.
– I Noreg heng vi etter. Vi bør få augo opp for vatnet som ein viktig kvalitet ved bylivet. Ein god stad å ta til, er å opne opp att sambandet mellom Lille og Store Lungegårdsvannet, og byrja å byggje ned den øydeleggjande motorvegmaskina. Så kunne det nok ein gong gå ferjer til sentrum frå Solheimsviken, og ikkje bilar som flyg gjennom lufta heile døgeret. Og så kunne Lillelungeren lukte betre om vinteren, og ikkje minst kunne fisken få lyst å koma attende.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det gjeld planlaus utfylling, og
det gjeld nye bygg som er for
mange, for stygge og for store.
Sigmung Knag, byaktivist i Bergen
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.