JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Uvêr

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1932
20230317
1932
20230317

– Men det står på Yr at det er opplett!

Eg er midt på Koengen, konsertområdet ved Bergenhus festning, seinsommaren 2014. På scena er Neil Young, og dei siste dagane har det vorte spekulert i korleis vêret kom til å vera denne kvelden. Vert det støvlar eller joggesko? På sjølve dagen er meldingane heilt klåre: Det vert ein tørr seanse. Ikkje ein drope regn, og eg går for joggesko.

Men der eg står i striregn, gjennomblaut og gjørmete og oppdaterer Yr.no som framleis står på sitt – det regnar ikkje – skjøner eg ingenting. Teikn på telefonen og handling frå himmelen stemmer ikkje overeins. Kven skal eg stola på?

«Går det fint?», skriv eg i ein SMS til mannen min. Han er med sønene våre, dei har køyrt til eit turområde ti minutt unna, stikk i strid med ynsket mitt.

«Ja da, de spiller fotball», svarar han, og eg pustar letta ut. Dei lever.

Eg ligg heime på sofaen og les på Nrk.no at «Stormen har ankommet Norge», men tek meg ikkje bryet med å sjå ut vindauget korleis vêret er her.

Nettavisene skriv at politiet rår folk til å ikkje oppsøkja uvêret, samstundes som dei same nettavisene ynskjer bilete eller video frå det same uvêret. Dei tre øvste sakene på Bergens Tidende har stikktittel «Uværet direkte».

I over eit døgn har avisene åtvara mot uvêret, som vil treffa Vestlandet langs kysten hardt.

På føremiddagen fekk eg melding om at snøggbåten som fartar mellom øyene her, vart innstilt på ettermiddagen på grunn av vêrvarslinga. I overskya vårvêr tok eg ein halvhjarta runde rundt huset og sikra lause gjenstandar, ein meteorolog sa det var lurt.

Vanlegvis plar sønene mine gå frå busstoppet og dei 200 metrane heim sjølv etter skulen, men sidan det stod på nettet at skuleborn ikkje burde gå åleine langs vegen i dag, går eg ned for å henta dei. Sjølv om det verken blæs eller regnar utover det normale. Og no spelar dei visst fotball.

Eg trur ikkje på det eg ser ut vindauget. Eg trur på skjermen.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis