JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

USAs bløff

Til liks med Japan på midten av 1800-talet står USA no andsynes ei krise som avsannar alt landet trur om seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Donald Trump under ein av mange pressekonferansar i samband med utviklinga av koronaepidemien i USA.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix

14719
20200320

Anne Applebaum

Gjesteprofessor ved London School of Economics

Forfattar, historikar og Pulizerpris-vinnande skribent

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Den 8. juli 1853 sigla kommandør Matthew Perry i den amerikanske marinen inn i Tokyobukta med to dampskip og to seglskip under sin kommando. Han sette i land ein skvadron tungt væpna sjømenn og soldatar; han flytta demonstrativt eitt av skipa lenger inn i hamna, slik at fleire kunne sjå det. Han leverte eit brev frå president Millard Fillmore som kravde at japanarane opna opp hamnene sine for amerikansk handel. Da dei drog sin veg, sende Perrys flåte kanonskot opp i lufta. I hamna var folk vettskremde.

Men bråket var ikkje det einaste som skremde japanarane. Perry-ekspedisjonen er kjend for å ha overtydd dei om at det politiske systemet deira var ute av stand til å hanskast med nye former for trugsmål. Dei japanske leiarane hadde kjent seg trygge på øya si, overtydde i mange tiår om at dei var kulturelt overlegne. Japan var eineståande, spesielt, heimlandet til gudane.

Men dampskipa og kanonane endra alt dette. Brått innsåg japanarane at kulturen, det politiske systemet og teknologien deira var forelda. Leiarskapen til samuraikrigarane og æreskulturen deira makta ikkje å konkurrere i ei verd dominert av vitskap.

Urovekkjande

Koronaviruspandemien er i eit tidleg stadium. Men storleiken og styrken i den økonomiske og medisinske krisa som er i ferd med å råke USA, kan syne seg å vere like urovekkjande som den vidgjetne reisa til Perry var.

For tre veker sidan – det verkar alt som ei æve – var eg i Italia, der eg skreiv om dei første teikna på viruset. Epidemiar, skreiv eg, «har det med å avdekkje underliggjande sanningar om samfunna dei råkar».

Denne har alt gjort nettopp det, og med skremmeleg fart. Det han avslører om USA – ikkje berre om denne regjeringa, men òg om helsestellet vårt, byråkratiet vårt, heile det politiske systemet vårt – burde gjere amerikanarane like redde som japanarane vart da dei høyrde dei «fjerne drønna» frå Perrys kanonar.

Ikkje alle har innsett dette enno, og sanneleg vil det ta si tid, nett som det har teke tid for det særskilde ved dette viruset å feste seg. For tida er mange amerikanarar framleis overtydde om at til og med i denne krisa er samfunnet vårt dyktigare enn andre. Mykje vart skrive om den skremmande og uansvarlege åtferda til styresmaktene i Wuhan, som opphavleg truga legar som byrja kunngjere informasjon om det nye viruset, og tvinga dei til tagnad.

Feilsteg

Same dag som ein av desse legane, Li Wenliang, vart smitta av viruset, sende helsestyresmaktene i Wuhan ut ei utgreiing der dei erklærte: «Så langt er ingen infeksjon funnen blant det medisinske personalet, ingen prov på overføring mellom menneske.» Først tre veker etter dei første rapportane byrja styresmaktene ta spreiinga av sjukdomen på alvor.

Denne historia er blitt fortald mange gonger – og med rette – som ein illustrasjon av kva som er gale med det kinesiske systemet: Hemmeleghaldet og det maniske kontrollbehovet i kommunistpartiet gjorde at regjeringa mista mange dagar som kunne vore nytta til å få på plass betre planar. Men mange av dei som igjen og igjen påpeikar dei kinesiske feilstega, har blitt litt for sjølvgode.

USA fekk òg eit tidleg varsel om det nye viruset, men heldt likeins informasjonen skjult. Seint i januar, nett da tilfelle av covid-19, sjukdomen som vert skapt av koronaviruset, byrja dukke opp i USA, oppdaga ein spesialist på smittefarlege sjukdomar, Helen Y. Chu i Seattle, at ho hadde ein måte å identifisere viruset på.

Ho hadde samla prøvar frå naseslimhinna på folk i og kring Seattle som del av ein influensastudie og gjorde framlegg om å sjekke dei for det nye viruset. Statlege og føderale embetsfolk avviste ideen, viste til omsyn til privatliv og spadde opp byråkratiske hindringar i samband med godkjenning av laboratorium.

Endeleg, i slutten av februar, heldt ikkje Chu ut den uforsonlege haldninga lenger. Laboratoriet hennar gjennomførte nokre testar og fann koronaviruset hos ein lokal tenåring som ikkje hadde vore i utlandet. Dette synte at sjukdomen alt spreidde seg i Seattle-området blant folk som aldri hadde vore utanlands. Dersom Chu hadde funne denne informasjonen ein månad tidlegare, kunne liv vore sparte, og sjukdomen kunne spreidd seg langsamare. Men sjølv etter at det vart tydeleg at arbeidet hennar var avgjerande, vart laboratoriet hennar bede om å stogge testinga.

Regelbunde byråkrati

Chu vart ikkje truga av regjeringa, som Li hadde blitt i Wuhan. Men ho vart nett like effektivt knebla av eit regelbunde byråkrati som ikkje uroa seg tilstrekkeleg for pandemien – og av embetsfolk i helsestellet som jamvel kan ha kjent på eit politisk press til ikkje å ta sjukdomen så alvorleg som dei burde.

For Chu var ikkje aleine. Vi veit alle at det er mangel på diagnosetestar for covid-19. Sør-Korea, som hadde akkurat like lang tid som USA på å førebu seg, er i stand til å utføre 10.000 testar kvar dag. USA, med ein over seks gonger så stor folkesetnad, hadde berre testa om lag 10.000 personar totalt fram til fredag 13. mars. Vietnam, eit fattig land, har testa fleire enn USA.

Anthony Fauci, USAs mest framståande spesialist på smittsame sjukdomar, karakteriserte det amerikanske testsystemet som «mislukka» under ei kongresshøyring torsdag for to veker sidan. «Tanken om at kven som helst enkelt skulle kunne (bli testa) på same viset som folk i andre land blir? Vi er ikkje budde på det,» sa han. «Om eg meiner at vi burde vere det? Ja, men det er vi ikkje.»

Og kvifor ikkje? Enda ein gong er det ingen frå det kinesiske kommunistpartiet som har gjeve ordre til nokon som helst i USA om ikkje å utføre testar. Ingen hindra amerikanske embetsfolk i å forlange at ein straks produserte store mengder testutstyr. Men likevel, dei gjorde det ikkje.

Taktikk

Vi kjenner ikkje alle detaljane enno, men eitt element i situasjonen kan det ikkje nektast for: Presidenten sjølv ønskte ikkje for mykje snakk om sjukdomen, ønskte ikkje at kunnskapen om han skulle spreiast, og, framfor alt, ønskte ikkje at talet på smitta skulle verke for høgt. Han sa det sjølv, da han forklarte kvifor han ikkje ville late eit cruiseskip fullt av smitta amerikanarar leggje til kai i California. «Eg ønsker at talet skal halde seg der det er no», sa han. «Eg treng ikkje få talet dobla på grunn av eit skip som ikkje var vår feil.»

Donald Trump, nett som embetsfolka i Wuhan, var oppteken av tala – det synlege uttrykket for korleis ein pandemi tek seg ut. Og alle kring han visste det. Det er ting som tyder på at Alex Azar, den tidlegare direktøren for farmasøytisk industriverksemd og lobbyisten som no er helseminister, ikkje var særleg ivrig etter å fortelje presidenten ting han ikkje ønskte å høyre.

Slik gjorde Dan Diamond, ein Politico-journalist som skriv om helsepolitikk, varsamt greie for problemet i eit radiointervju: «Eg forstår det slik (at Azar) ikkje pressa på for å få utført monaleg fleire testar dei seinaste vekene, og det er til dels fordi meir testing kunne ha leia til at det vart oppdaga fleire utbrot av koronaviruset, og presidenten hadde gjort det klart – di lågare tal om koronavirus, di betre for presidenten, di betre for eit mogleg attval til hausten.»

Igjen: Ingen truga Azar. Men frykt for å krenke presidenten kan likevel ha fått han til å nøle med å presse på for omfattande testing.

Utan trugsmåla og valden i det kinesiske systemet har vi med andre ord dei same resultata: vitskapsfolk som ikkje får lov til å utføre arbeidet sitt, embetsfolk i helsestellet som ikkje krev meir aggressiv testing, og forseinka beredskap – det heile fordi for mange personar frykta at det kunne øydeleggje dei politiske utsiktene til leiaren.

Eg skriv ikkje dette for å prise kinesisk kommunisme – langt ifrå. Eg skriv dette for at amerikanarar skal skjøne at regjeringa vår skaper nokre av dei same resultata som kinesisk kommunisme. Dette inneber at det politiske systemet vårt er i mykje, mykje dårlegare stand enn vi hittil har forstått.

Keisar utan klede

Kva om det syner seg, som det nesten sikkert vil, at andre nasjonar er langt betre enn vi til å handtere denne typen katastrofar? Sjå på Singapore, som tvert laga ein app som fysisk kunne spore alle som var i karantene, og som straks spora opp alle kontaktane til dei som var identifiserte med sjukdomen.

Sjå på Sør-Korea, som har prova at dei er gode på testing. Sjå på Tyskland, der kanslar Angela Merkel klara å snakke ærleg og ope om sjukdomen – og likevel ikkje fekk marknadene til å bryte saman.

USA, som lenge har vore van med å sjå på seg sjølv som det beste, mest effektive og mest teknologisk avanserte samfunnet i verda, er i ferd med å bli avslørt som ein keisar utan klede. Når menneskeliv står på spel, er vi ikkje like gode som Singapore, som Sør-Korea, som Tyskland.

Og problemet er ikkje at vi ligg etter teknologisk, slik japanarane gjorde i 1853. Problemet er at det amerikanske byråkratiet, og den antikverte, forstokka, mislikte føderale regjeringa det er ein del av, ikkje lenger er i stand til å handtere den slags utfordringar som vi står overfor i det 21. hundreåret.

Globale pandemiar, cyberkrig, informasjonskrig – dette er trugsmål som krev høgt motiverte, høgt utdanna byråkratar, eit nasjonalt helsestell som dekkjer heile folkesetnaden, offentlege skular som trenar studentar i å tenkje både djupt og fleksibelt, og mykje meir.

Dagens feilgrep kan til dels tilskrivast den lojalitetskulturen som Trump sjølv har brukt tre år på å byggje opp i Washington. For berre tre veker sidan peika han ut den 29-årige tidlegare livvakta si, ein mann som tidlegare var sparka frå Det kvite huset på grunn av pengesnusk, til å leie ei gruppe som skal drive personalgransking. Rolla til gruppa er å sikre at berre folk som er dokumentert lojale, får arbeide for presidenten.

Trump sparka òg, oppsiktsvekkjande nok, dei embetsfolka som leverte ærlege vitnemål under riksrettshøyringane, ei handling som sender signal til andre om farane ved å snakke sant.

Autokratisk stil

Dette er berre dei ferskaste døma på ein autokratisk stil som mange har peika på, igjen og igjen. Og no ser vi kvifor nett den stilen er så farleg, og kvifor tidlegare amerikanske presidentar, frå begge dei politiske partia, har hatt ei heilt anna framferd. Innanfor ein lojalitetskult vil ingen fortelje presidenten at det vil vere framsynt å starte omfattande testing, fordi den som gjer det, risikerer å miste presidentens velvilje, eller endatil å få sparken.

Ikkje at det betyr noko, for Trump har ikkje mange kring seg lenger som seier sanninga. Den slags folk som kunne våge å tirre presidenten, har alt forlate det øvre sjiktet i regjeringa og byråkratiet.

Men noko av det vi ser, er uavhengig av Trump. Amerikansk dysfunksjon er òg eit resultat av det todelte helsestellsystemet, som både er det beste i verda og det dårlegaste i verda, og rett og slett ikkje er innretta for noko slags kollektivt nasjonalt krisetiltak.

Dagens krise er resultatet av tiår med underinvestering i offentlege tenester, undervurderande byråkrati i offentleg helse og på andre område, og, først og fremst, undervurdering av verdien av langtidsplanlegging.

Mellom 2001 og 2003 skreiv eg mange leiarartiklar i The Washington Post om biologisk krigføring og pandemiførebuing – saker som stod øvst på agendaen til mange i kjølvatnet av 11. september-åtaka og den kortvarige miltbrannfrykta. Den gongen vart det investert svært store summar knytte til nettopp desse sakene, særleg til forsking. No vil vi ha nytte av dei.

Men i seinare år har sakene falle ut av nyhendebiletet. Senatorar, blant dei den brautande republikanaren Susan Collins frå Maine, har med hard hand fjerna «pandemiførebuing» frå føderal pengebruk. Nye influensaepidemiar var ikkje skremmande nok for folk. For ikkje lenge sidan kvitta Trump seg med dei embetsfolka som arbeidde med internasjonal helse i USAs nasjonale tryggingsråd, fordi slike saker ikkje interesserte han – og heller ikkje mange andre i Washington, sant å seie.

Planlegging

Som nasjon er vi ikkje gode til langtidsplanlegging, og det er ikkje rart: Det politiske systemet vårt legg vekt på at kvar president skal få peike ut tusenvis av nye embetsfolk, inkludert slike som arbeider med pandemiar. Kvifor er det naudsynt? Kvifor kan ikkje ekspertise få høve til å samlast på toppen av institusjonar som CDC (Centers for Disease Control and Prevention), med ansvar for vern av folkehelsa?

Eg har tidlegare skrive om problemet med manglande kontinuitet i utanrikspolitikken: Nye presidentar kjem og trur dei kan «nullstille» forholdet til andre nasjonar, som om andre nasjonar skal gløyme alt som har gått føre seg før den nye presidenten kom – som om vi muntert kan byggje alle relasjonar frå botnen av.

Men det same gjeld helse, miljø og andre politiske saker. Sjølvsagt bør det vere nye regjeringsmedlemer kvart fjerde eller åttande år. Men bør alle departementsråd skiftast ut? Og rådgjevarane til departementsråda? Og rådgjevarane til rådgjevarane til departementsråda? For det er ofte slik det fungerer no.

Alt dette går føre seg på toppen av alle dei andre kjende sjukdomsteikna: den djupe polariseringa, samansmeltinga av politikk og underhaldning, tapet av tillit til dei demokratiske institusjonane, ustraffa korrupsjon, kvitsnippbrotsverk og kvitvasking av pengar, auken i ulikskap, forvandlinga av sosiale medium og delar av nyhendemedium til profittskapande formidlarar av villeiande informasjon. Alt dette er delar av den djupareliggjande bakgrunnen for denne krisa òg.

Spørsmålet er, sjølvsagt, om denne krisa kjem til å skremme oss nok til at vi legg om måten vi gjer ting på. Japanarane reagerte til slutt på kommandør Perrys skvadron med noko som var meir enn redsle. Dei slutta å snakke om seg sjølve som verdas toppunkt. Dei omdanna utdanningssystemet sitt. Dei tok opp vestlege vitskaplege metodar, reorganiserte staten sin og skapte eit moderne byråkrati. Desse massive endringane, kjende som Meiji-restaurasjonen, var det som bringa Japan inn i den moderne verda. Sjølvsagt kjempa den gamle samuraikrigarklassen mot det, bittert og rasande.

Men på det tidspunktet var det nye trugsmålet så innlysande at mange nok skjøna det, tilstrekkeleg mange menneske forstod at ei nasjonal mobilisering måtte til, mange nok innsåg at ting ikkje kunne halde fram på det viset til evig tid. Vil det kunne skje her òg?

Einerett: The Atlantic / Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vitskapsfolk som ikkje får lov til å utføre arbeidet sitt.

Når menneskeliv står på spel, er vi ikkje like gode som Singapore, som Sør-Korea, som Tyskland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis