JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ukraina ventar på Godot

I ein situasjon som handlar om å overleve, har ikkje kultur førsteprioritet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det fyrste toget frå Kyiv, måla i patriotiske fargar og motiv, rullar inn på den atterobra jarnbanestasjonen i Kherson 19. november.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

11559
20221125

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Kva har Adam og Eva, Newton og Steve Jobs til felles? Den første tanken min var, om ein sluttar seg til den bibelske historia, at Newton og Steve Jobs begge er etterkommarar etter Adam og Eva. Men det er eit betre svar – eplet har spela ei svært viktig rolle for dei alle.

I Transkarpatia står denne tanken sentralt i samband med ein skulptur som nett er laga av Roman Murnik. Verket hans er plassert i ein park ikkje langt frå Uzjhorod, epletre er planta kring det, og lokale styresmakter vonar at dette «epletorget» vil bli ein populær turistattraksjon.

Sist onsdag, då russiske bombefly nok ein gong avfyrte rundt 70 missil mot Ukraina, noko som tok livet av ti personar i Kiev og Kiev-regionen og også gjorde skade i andre område, nådde ikkje eit einaste missil Transkarpatia. Ja, etter angrepa forsvann straumen – og med det varmen – i byar over hele landet, til og med i nabolandet Moldova, og folk måtte gå til sengs med jakke på seg. Men Transkarpatia vart spart.

Transkarpatia er framleis meir eller mindre fredeleg. Russiske missil eksploderer ikkje her, takk vere venskapen mellom den ungarske statsministeren Orban og Vladimir Putin, ein venskap som verkar styrke seg. Ungarn blokkerer finansiell hjelp frå EU til Ukraina. Landet ønsker òg å lette på økonomiske sanksjonar som EU har lagt på Russland. Og så, for berre nokre dagar sidan, kunngjorde Ungarn at landet gjerne vil utvikle økonomisk samarbeid med Iran.

Takk vere avtalane mellom Putin og Orban har Nord-Korea–Iran–Russland-«sabelen» strekt seg heile vegen til Europa. For å bli enda meir lik Putin kom Orban nyleg til ein fotballkamp med eit skjerf der det var eit kart over «Stor-Ungarn», som omfatta territoria til Austerrike, Ukraina og Serbia.

Omplasseringsteateret Uzhik i den transkarpatiske hovudstaden Uzjhorod har sett opp Beckett-stykket der temaet – å vente på kven veit kva – har fått ny meining i løpet av krigen.

Foto: Uzhik via Facebook

For Ukraina er den einaste fordelen med desse avtalane mellom Putin og Orban den relative roa i Transkarpatia, ein region med grense til Ungarn og Slovakia.

Ved byrjinga av krigen drog millionar av flyktningar gjennom Transkarpatia. Mange vart verande i fleire månader. Sjølv om flyktningstraumen minska da hausten nærma seg, er det stadig mange frå Aust- og Sør-Ukraina der som leiger hus og husvære av lokale innbyggjarar.

I dag bur det over 50.000 internt fordrivne personar frå heile Ukraina i Uzjhorod – den regionale hovudstaden i Transkarpatia. Først var desse langtidsbuande interne flyktningane nesten usynlege, dei freista unngå merksemd om seg sjølve. No merkar ein meir av nærværet deira. Dei unge har byrja på lokale høgskular og universitet, så det er tydeleg at dei planlegg å bli verande ei god stund.

Andre internt fordrivne har oppretta eit eige teater, Omplasseringsteateret Uzhik. Dette nye teaterkompaniet har alt sett opp King Lear av Shakespeare, og oppsettinga av Medan vi ventar på Godot av Samuel Beckett har nettopp hatt premiere. Hovudrolla er spela av Oleksij Dasjkovskij, ein engelsklærar frå Irpen, ein by i nærleiken av Kyiv som vart delvis øydelagd under det russiske stormåtaket på hovudstaden.

Dasjkovskij spelar Vladimir. Den kvinnelege varianten av Estragon er spela av Sophia Almaz, som er flyktning frå Kryviy Rig. Temaet – å vente på kven veit kva – har fått ny meining i løpet av krigen. Amatørskodespelarane skreiv om stykket, men det sentrale innhaldet er ikkje endra, og handlinga er ikkje lagd til Ukraina. Dasjkovskij driv framleis med nettundervisning av elevane sine ved skulen i Irpin, dit ein del born vende attende etter at byen var frigjord frå russarane.

No driv skodespelarane med prøver på 1984 av George Orwell. Lokale teaterelskarar var forbløffa over det høge nivået på så vel skodespelarar som regi. Teatertruppen ser ut til å vere i vekst, og Uzjhorod-filharmonien har gjeve dei ein eigen scene å arbeide på. Kort sagt har teaterlivet i Transkarpatia blitt rikare sidan krigen tok til. Omplasseringsteateret førebur sin første turné i Vest-Ukraina og drøymer om ein europaturné.

I Tsjernihiv, i den andre ytterkanten av Ukraina, nær grensa til Belarus, har teaterlivet så å seie stoppa opp. Regionen er under konstante åtak frå russisk artilleri og granatar. Bruene mellom Kyiv og Tsjernihiv som vart øydelagde, er ikkje reparerte, på grunn av risikoen for at dei blir råka av russiske missil ein gong til.

Elektrisitet er ein sjeldan gjest i heimane til dei som bur der, men det verste er mangelen på gatelys, trafikklys som ikkje verkar, og mørkeret i det store og heile, som på denne tida av året fell kring klokka 16:00.

Mørkeret er årsak til at talet på trafikkulykker har auka dramatisk. Fotgjengarar er redde for å gå over gata, også der det er fotgjengarfelt. Sivile og militære styresmakter prøver å få trafikklys av ymse slag til å fungere, sjølv om det ikkje finst straum andre stader. I tillegg deler dei ut refleksvestar og -armband gratis til lokale innbyggjarar som er interesserte, slik at dei er lettare å sjå for bilistane.

Også i Kyiv blir trafikklys slått av når det er straumstans, noko som har skulda for mange trafikkulykker. Det er likevel færre bilar på vegane, til dels på grunn av is og snø, men òg fordi eigarar av elektriske bilar ikkje får til å lade bilane sine. Somme stolte Tesla-eigarar er no tvinga til å kjøpe aggregat og drivstoff. I bagasjeromma på Tesla-bilar står det no ofte små aggregat og to bensinkanner.

Etter denne krigen er det lite truleg at ukrainarar er snøgge med å kjøpe elektriske bilar for ei stund. Situasjonen med bensin er framleis til å leve med, så lenge bensinstasjonane har drivstoff på lager, men prisen på bensin har meir enn dobla seg sidan februar i år.

Hovudsaka er at toga går – og vanlegvis til rett tid. For få dagar sidan rulla det første toget til nyss frigjorde Kherson inn på den regionale hovudstadsstasjonen til jubel og stor applaus. Om bord i toget, som var måla i lyse fargar med patriotisk graffiti, var det tre typar passasjerar – journalistar, ukrainarar som ikkje hadde noko spesielt å gjere i Kherson, men ønskte å vise at dei var faste i trua på siger over den russiske hæren, og passasjerar som hadde det travelt med å få sjå att slektningar som er fastbuande i Kherson.

Dei fleste passasjerane – og journalistane – vart ikkje verande i byen, men reiste attende til Kyiv med det same toget. Det er trass alt ingen hotell som fungerer i Kherson. Faktisk er det ikkje stort der i det heile teke: ikkje elektrisitet, ikkje oppvarming, ikkje vatn i røyra og nesten ikkje mobildekning. Dei russiske militære som trekte seg attende, sprengde alle mobilmastene.

Kvinnene i dette bussskuret i Kherson ventar ikkje på buss eller Godot, men på mat, vatn og elektrisitet.

Kvinnene i dette bussskuret i Kherson ventar ikkje på buss eller Godot, men på mat, vatn og elektrisitet.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

Likevel bur framleis om lag 80.000 menneske i byen, under desse ekstremt vanskelege tilhøva. Regjeringa har kome med tilbod om å evakuere innbyggjarar no i vinter til naboregionen Mykolaiv eller til Vest-Ukraina. Men å få denne bodskapen ut til folk er vanskeleg utan internett og mobildekning.

Meir oppmuntrande er det at ein supermarknad og to bankar har opna filialar i byen, og medisinsk hjelp er tilgjengeleg. Etterslep av pensjonar frå okkupasjonstida blir òg utbetalte.

Kherson får humanitær hjelp, og utdelingsstadene har blitt dei viktigaste informasjonssentera i byen. Bensin er levert til ein av bensinstasjonane, så ein kan fylle tanken, sjølv om ein må stå i lang kø for å få gjort det.

Eksplosjonar høyrest kvar dag i Kherson. Lyden kjem ikkje berre av at den russiske armeen skyt mot frigjorde Kherson frå den andre sida av Dnipro. Det er òg lyden av den naudsynte rivinga av administrasjonsbygningane i byen, bygningar der det er uråd å fjerne minene.

Før dei trekte seg attende, minela det russiske militæret alle nøkkelpunkt i Kherson. Titals skarpskyttarar freistar uskadeleggjere minene så godt dei kan, men ikkje alle bygningane kan bli minefrie. Det gjeld til dømes bygningen til SBU, dei ukrainske tryggingstenestene. Han laut sprengjast i lufta, til liks med bygningen til politiet.

Arbeidet med å undersøke og gjere skular og barnehagar minefrie, er snart fullført. Dei vil ikkje fylle dei vanlege oppgåvene sine denne vinteren, men såkalla «rom for den ubøyelege viljen» blir oppretta der i staden – ti–tolv samfunnssenter over heile Kherson. Det vil vere aggregat der, og ein vil kunne lade telefonar og datamaskiner, og kople seg opp på nettet som Elon Musk står bak. Legar og sosialarbeidarar vil stå til teneste der for å gje hjelp og råd. Og sjølvsagt vil ein kunne få varmen i kroppen, drikke varm te og ete ein liten matbit.

Eg skulle gjerne lagt til bøker og andre kulturelle aktivitetar på desse stadene, men i ein situasjon som handlar om å overleve, har ikkje kultur førsteprioritet.

Den første kafeen er alt opna i byen. Lokale autoritetar lovar å syte for ei viss straumforsyning om to–tre veker, dersom det ikkje kjem nye åtak på infrastruktur med russiske missil. Det er eit stort «dersom».

Fem hundre polititilsette har kome attende til Kherson og byrja arbeidet med å sikre lov og orden. Tre hundre til arbeider i Kherson-regionen. Det er framleis unntakstilstand her, det inneber at produksjon og sal av alkohol er forbode. Det er praktisk tala ingen kriminalitet i byen, det er berre ruinane og offera etter russiske krigsbrotsverk.

I Kherson er det oppdaga at det russiske militæret har nytta fleire bygningar til torturkammer. Tusenvis av innbyggjarar, inkludert tenåringar som ikkje la skjul på dei negative haldningane sine andsynes Russland og det russiske militæret, var innom desse fryktelege plassane. No er det over, men kvar einaste innbyggjar i Kherson som overlevde okkupasjonen, kan fortelje skrekkhistorier som kunne fylle ti bind med Stephen King-romanar.

Det ser ut til at tenåringar har gått ut i gatene igjen for å syne haldninga si til Russland og det russiske militæret. No dekkjer dei veggane på bustadblokker med bilete av øvstkommanderande for dei ukrainske styrkane, general Zaluzhnyi.

Det same biletet er måla på fundamentet til admiral Usjakov-monumentet som stod framfor bygningen til Marineakademiet i Kherson. Monumentet over Usjakov vart fjerna av den russiske armeen. Byen ville utan tvil setje pris på å ha eit monument av general Zaluzhnyi der i staden.

Og eg vil bli glad når omplasseringsteateret Uzhik frå Uzjhorod dreg på turné til Kherson med ei komedieoppsetjing – eg er redd Medan vi ventar på Godot ikkje vil slå an der. Innbyggjarane i Kherson venta for lenge på frigjeringa. Dei visste ikkje at kunngjeringa av ein militær aksjon for å fri Kherson frå den russiske hæren, ei kunngjering som kom tidleg i vår, i røynda var del av ein kampanje for å feilinformere og lure russarane.

Til alt hell beit russarane på og trudde at ukrainarane ville gjere ein tidleg framstøyt for å vinne attende Kherson. Dette gjorde det råd for den ukrainske hæren å frigjere Kharkiv så fort. Men Kherson var overlaten til å vente på fridom. Endeleg har det skjedd.

No ventar Kherson på godt mobilsamband, elektrisitet, vatn og oppvarming. Når dette er i orden, vil det bli mogleg å planleggje eit ferdigutvikla kulturliv. Det kjem til å bli glasuren på kaka.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis