JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Tung tids jordbrukstal

Jordbruksoppgjeret i år er blant dei beste nokon gong. Men det er ikkje gjeve at det er nok, eller at pengane faktisk vert att hjå bonden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Går bøndene og jordbruket lysare tider i møte? Det er det stor usemje om etter årets jordbruksoppgjer.

Foto: Gjermund Undheim

13069
20230526

Jordbruksavtalen

Er ein inntekts- og næringsavtale mellom staten og bøndene, og vert forhandla fram årleg.

Set rammevilkår for landbruket, spesifiserer målprisar, eller maksprisen bøndene kan få for jordbruksvarene, økonomiske overføringar og andre tiltak som påverkar bøndenes høve til å skaffe seg inntekt.

Har i år ei ramme på 4147 millionar kroner, som gjev såkalla auka inntektshøve på i snitt 111.000 kroner per årsverk. 864 av millionane er auka målpris, medan 2,9 milliardar er auka tilskot.

Jordbruksoppgjeret

eva@dagogtid.no

I Hurdalsplattforma sette Arbeidarpartiet og Senterpartiet to ambisiøse mål for norsk jordbruk. Det eine var å leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, og det andre var å auke sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, basert på norske fôrressursar, til 50 prosent.

Med to år att på seg til å realisere plattforma, er det ikkje openbert at dei kjem å nå måla, og jordbruksavtalen som vart underteikna førre veke, ser heller ikkje ut til å gjere det mykje sikrare.

Rett nok er lønsoppgjeret som staten og Norges Bondelag no er samde om, høgt. Avtalen inneber auka inntektshøve på til saman 4,15 milliardar kroner. For dei litt over 37.000 bøndene i Noreg utgjer det i snitt 111.000 kroner per årsverk, eller ein lønsauke på heile 23 prosent. Med andre ord: Eit resultat ingen andre lønsforhandlande grupper vil vere i nærleiken av.

Saman med det rekordhøge oppgjeret i fjor har løyvingane over statsbudsjettet til gjennomføring av jordbruksavtalane med dette også auka frå 17,5 milliardar til 27 milliardar kroner på to år.

Likevel er det stor misnøye med oppgjeret både i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som ikkje sjølv deltok i forhandlingane, og blant fleire av Bondelagets eigne medlemmer. Fleire fryktar dei ikkje kjem til å sjå særleg til inntektsauken, og småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg meiner oppgjeret aukar heller enn reduserer inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet.

Sviktande føresetnader

Mykje av bakgrunnen for frykta og misnøya botnar i den generelle kostnads- og renteauken. Snittsummen på 111.000 kroner per årsverk i lønsauke føreset mellom anna at gjødselprisane, som frå 2021 til 2022 auka med 70 prosent, kjem til å gå ned med 40 prosent i 2024. I tillegg er det venta at dei faktiske rentekostnadene bøndene betaler for dei 81,5 milliardar kronene jordbruket samla har i gjeld, vert på om lag 4,5 milliardar kroner i 2023. Det svarar til ein renteprosent på 5,6 prosent. Men begge føresetnadene er usikre, og det skal ikkje store renteauken eller mykje mindre nedgang i gjødselprisane til før det går på inntektsauken laus.

Oppgjeret i fjor kan stå som døme. Det la nemleg til rette for å tette det gjennomsnittlege inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet med om lag 40.000 kroner per årsverk. Samstundes tok det høgde for at kostnadene for bonden kom til å stige kraftig. Men kostnadsveksten vart endå større enn tenkt, særleg for gjødsel, kraftfôr, energi, renter og bygningsmateriale. I oppgjeret i år er det difor lagt inn 888 millionar kroner i kompensasjon for at føresetnadene ved fjorårets oppgjer ikkje slo til som venta, som Landbruksdepartementet uttrykkjer det. Meir enn ein femtedel av lønsoppgjeret til bøndene i år er altså ei korrigering for å oppnå det dei forhandla seg fram til i fjor.

«Luftpengar» og sprik

Grunnen til at Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikkje var med på forhandlingane i år, var at dei to faglaga i landbruket ikkje vart samde om eit felles krav. Bondelaget enda med å krevje 6,9 milliardar kroner i ramme, medan Småbrukarlaget ikkje ville gå under 9,8 milliardar. Den største skilnaden låg i at Bondelaget ville ha 120.000 kroner per årsverk i tetting av inntektsgapet mot andre grupper, medan Småbrukarlaget ønskte minst 180.000 kroner til same føremål. I den framforhandla avtalen er det no lagt opp til 60.000 kroner per årsverk i tetting av inntektsgap.

Småbrukarlaget la òg til grunn høgare kostnader enn Bondelaget. Mellom anna rekna faglaget inn ein nedgang i gjødselprisane på 20 prosent, medan Bondelagets forhandlingsutval la til grunn ein nedgang på 30 prosent, sjølv om det også stadfesta at «det er svært usikkert hvordan gjødselprisene vil utvikle seg kommende sesong».

At den framforhandla avtalen no legg til grunn ein prisnedgang på 40 prosent, kommenterer småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg slik:

– Det kan jo vere det vert 40 prosent, men det er temmeleg usannsynleg, og no er heile risikoen her lagd på bonden. Regjeringa legg opp til at vi skal ta kostnaden om føresetnaden er feil, og så skal dei i staden betale oss litt i ettertid. Det går kanskje bra for dei med god likviditet, dei har òg råd til å gjere dei gode innkjøpa, men det er ikkje alle som har god likviditet. Det finst fattige og rike bønder, og det vert stadig betre å vere rik bonde og stadig dårlegare å vere fattig.

Den største skilnaden i Småbrukarlagets kostnadsutrekning ligg derimot i renta. Som nemnt er det rekna at dei faktiske rentekostnadene for bøndene i 2023 vert på 4,5 milliardar kroner. Dette talet går fram av den såkalla totalkalkylen, som er grunnlagsmaterialet jordbruksoppgjeret er basert på. Før dette talet går inn i reknestykket for jordbruksavtalen, vert derimot prisstigingsvinsten på den lånte kapitalen i jordbruket, som for 2023 vert rekna til 3,8 milliardar kroner, trekt frå. Jordbruksavtalen som no ligg føre, legg dermed til grunn ein realrentekostnad på 705 millionar kroner for bøndene.

Solberg meiner dermed oppgjeret er fullt av luftpengar.

– Det vert som å seie at den som eig ei leilegheit som stig 100.000 kroner i året i verdi, skal trekkjast i løn for verdistiginga. Vi betaler 3,8 milliardar i renteutgifter som ikkje synest i reknestykket. Eigedelane våre stig mykje teoretisk, men det er jo ikkje pengar vi får betalt rekningar med, seier han.

Let vente på seg

Det grasrotdrivne bondeopprøret, som Solberg var del av, vann alt i 2021 fram med kravet om at talmaterialet jordbruksoppgjeret byggjer på, må endrast for å skildre røynda til bonden betre. Og i budsjettforliket i Stortinget i 2021 la Ap, Sp, SV og Raudt til grunn at regjeringa skulle leggje fram både nytt talgrunnlag og ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre i løpet av 2022.

Begge delar lèt likevel vente på seg, og i Stortinget denne veka kunne ikkje landbruksminister Sandra Borch (Sp) svare på om talgrunnlaget og opptrappingsplanen kom i løpet av 2023 heller.

Ifølgje bygdeforskar Reidar Almås ved Ruralis må regjeringa lande begge desse før det går å konkludere med resultatet for jordbruket. I eit intervju med Nationen syner han til at jordbruksoppgjeret i år isolert sett likevel er «raust». Det grunngjev han med at regjeringa har gått med på å dekkje inn dei sviktande føresetnadene frå oppgjeret i fjor, og at oppgjeret enda på over 800 millionar meir enn det staten fyrst tilbaud, slik at forhandlingsvinsten var stor.

Christian Anton Smedshaug, som er dagleg leiar i tankesmia Agri Analyse, meiner òg oppgjeret er godt.

– Objektivt sett er det eit av dei beste oppgjera norsk jordbruk har fått nokon gong, men om det er godt nok ut frå forholda no, trur eg vert opplevd ulikt frå bonde til bonde. Situasjonen er stort sett god for kornbøndene og svin og fjørfe, men han er særleg utfordrande for mange mjølkeprodusentar. Hovudutfordringa er dei som har investert mykje og har høge kapitalkostnader, og kanskje og ein del innleigd arbeidskraft som no er dyrare og vanskelegare å skaffe, seier han.

– Mjølkeprodusentane har samstundes vorte særleg prioriterte i oppgjeret, både gjennom auke i mjølkeprisen, tilskotssatsar og investeringsmidlar?

– Ja, det er teke ganske bra i. Mjølkebruk får ein inntektsvekst på mellom 100.000 og 224.000 kroner per årsverk frå 2023 til 2024, avhengig av storleik og kvar i landet dei ligg. Samstundes har nok følgjene av tidlegare og dårlegare oppgjer vore undervurderte. Og betringane gjeld for 2024, men bøndene skal jo framleis kome seg gjennom 2023. Det er òg eit problem at dei med høg gjeld og løpande rentekostnader ikkje kjenner seg att i reknestykka, seier han.

Noko av årsaka til at mjølkeproduksjonen er under press, er konkurranse frå importprodukt og at forbrukarpreferansane endrar seg og etterspurnaden etter mjølkeprodukt går ned. I tillegg står mange mjølkeprodusentar overfor store investeringar fram mot 2034 når kravet om at alle må ha lausdriftsfjøs, tek til å gjelde. Smedshaug er redd dei som framleis har båsfjøs og har vore i tvil om dei skal satse vidare, vil vere endå meir i tvil etter årets oppgjer. Og det trass i at investeringsstøtta til ombygging til lausdrift aukar frå 35 prosent til 50 prosent.

– Ramma for investeringsstøtta er likevel ikkje høg når ein ser kor mange bruk det er som ikkje har lagt om til lausdrift enno, seier Smedshaug.

39 prosent

Landbruks- og matminister Sandra Borch meiner på si side årets jordbruksavtale bidreg til å tryggje matproduksjonen over heile landet. Og då ho presenterte innhaldet i avtalen saman med Bondelaget førre veke sa ho at avtalen òg bidreg til auka sjølvforsyningsgrad.

Sjølvforsyningsgraden av jordbruksmatvarer låg i 2021 på 44 prosent, ifølgje tala staten baserte seg på i lønstilbodet til bøndene. Korrigert for import av fôr var han derimot på 39 prosent, så det er ein jobb å gjere for å nå 50 prosent.

Av husdyrprodukt som mjølk, fløyte, rømme, smør, konserverte mjølkeprodukt og egg er vi nær eller heilt sjølvforsynte, og sjølvforsyningsgraden ligg også over 80 prosent for produkt som ost, yoghurt, fisk, kjøt og kjøtbiprodukt. For korn som mjøl og grønsaker ligg sjølvforsyninga derimot under 50 prosent, og for frukt og bær under 10 prosent. Og når det gjeld kjøt, ost, smør og konserverte mjølkeprodukt gjekk sjølvforsyningsgraden også ned i åra fram til 2021, mellom anna på grunn av auka import.

Kva sjølvforsyningsgraden ligg på to år uti regjeringsperioden, er førebels ikkje klart, men Norsk institutt for bioøkonomi arbeider ifølgje regjeringa no med tala for 2022.

På spørsmål om kva det er ved jordbruksoppgjeret i år som konkret bidreg til auka sjølvforsyning, syner landbruksministeren til at inntektshøva til bøndene er sterkt betra og vil styrkje investerings- og produksjonsviljen, at lønsemda i produksjon av både matkorn, fôrkorn og proteinvekstar er betra ytterlegare, og at tilskotet til matkorn vert gjeninnført for å sikre norsk konkurransekraft mot import av bakevarer og mjøl. Ho peikar òg på auka investeringstilskot, inkludert 60 prosents auke i tilskotet til drenering, som viktig for produksjonspotensialet i jordbruksareala.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming nemner nokre av dei same faktorane og legg til at prisane bøndene kan få for grønsaker og frukt, er auka betydeleg for å gjere det meir attraktivt å produsere. Samstundes vedgår han at ein eventuell mindre nedgang i gjødselprisane enn dei 40 prosentane som er venta, kan svekkje inntektshøva og innebere mindre gjødsling og lågare avlingar av korn i året som kjem.

Har ingen tidsfrist

Landbruksministeren har ikkje svar på kva tid målet om å verte 50 prosent sjølvforsynt med norske jordbruksmatvarer kjem til å vere nådd, eller kva delmål regjeringa har sett seg for auken.

– Det er ikkje sett noko tidspunkt for kva tid målet skal vere nådd. Det må takast steg kvart einaste år. Det er ikkje gjort over natta å endre og betre biologiske produksjonar, seier ho til Dag og Tid.

Smedshaug meiner det vert vanskeleg å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent.

– Det vi er gode på å produsere, er mjølk, der forbruket har gått ned i nyare tid, og poteter, som også fell ganske bra fordi forbruket går ned. Når det gjeld stivelserike grønsaker som kålrot, gulrøter, nepe løk, er det òg marknaden som stoppar ein særleg auke. Vi har areal nok å produsere på, men det er avgrensa kor mykje vi et av dette. Så det finst få lågthengande frukter her, bortsett frå å bruke meir korn i matmjølet og meir gras til drøvtyggjarane, og det er det ein alt gjer. Ein kunne kanskje òg investere meir i kornlogistikk i Noreg, gjeve støtte til utbygging av siloar og korntørker på gardane, til dømes, og gjort det lettare å ta vare på meir av matkornet over år, men det finst ikkje opplagde store grep, seier han.

Og når det gjeld årets jordbruksoppgjer, meiner han det ikkje endrar noko på sjølvforsyningsgraden.

– Det oppgjeret prøver å handtere, er fyrst og fremst å sikre voluma og basisproduksjonen vi alt har, altså å halde oppe status quo og sikre produksjon over heile landet, seier han, og legg til:

– Dette er sjølvsagt ein føresetnad for ei framtidig auka satsing.

Kjelder: Jordbrukets totalregnskap, Krav i jordbruksforhandlingene 2023, Statens tilbod i jordbruksforhandlingene 203, Sluttprotokoll fra forhandlingsmøte mellom staten og Norges Bondelag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis