Syngjedamer
og jenteband
Åtte av ti artistar på norske festivalscener er menn. Kan kvotekonsertar verte ein realitet?
Den einaste kvinna på heile festivalen.
Foto: Mone Celin Skrede
Sigurd Wongraven stiller seg breibeint med den eine foten på ein forsterkar og skular ut mot publikum under strenge bryn, kontursminke og sleik.
Eg trekkjer meg eit stykke bort frå midten av folkemengda for å unngå å verte dregen med i trengselen. Det er nest siste dag på Infernofestivalen, òg kalla «pølsefesten».
Med unntak av Edvard Munch-skissa «Dødskyss» på sceneteppet er det ikkje ei kvinne å oppdrive på scena på heile festivalen. Og når eg kjenner bassen i golvet og prøver å unngå å få håret til sidemannen i munnen, trur eg dette er eit fenomen. At det berre skjer her, fordi dette er ein liten sjangerfestival. Men då tek eg feil.
For artistane Haley Shea frå gruppa Sløtface og Kaja Gunnufsen bad om kvotering på norske musikkfestivalar førre veke i NRK. Åtte av ti artistar som har stått på norske scener denne sommaren, er menn. Men det varierer frå festival til festival, sjølvsagt. Nokre festivalar klarar opp mot 40 prosent kvinner, medan andre knapt har éi, skriv statskanalen. Og slik har det vore i mange år.
I 2010 hadde NRK ei sak om problemet, der konklusjonen vart at kvotering, eller «tvangstrøye», var feil metode. Og det gjeld ikkje berre oslofestivalane. Moldejazz fekk kritikk for kjønnsbalansen seinast i fjor.
Argumentet går att: «Vi bookar ikkje kvinner fordi dei er kvinner, men fordi dei er gode musikarar.» Er svaret då at vi ikkje har gode kvinnelege musikarar? Finst det berre to kvinner per åtte menn på scena på norske festivalar fordi kvinner ikkje interesserer seg for musikk, for å spele instrument? Eller tek ein ikkje inn over seg at korkje Joni Mitchell eller Janis Joplin kom ferdige ut av ei form, komplett med lang diskografi og legendestatus? Joplin hadde truleg ikkje slått gjennom om ikkje bandet Big Brother and the Holding Company søkte etter ein kvinneleg vokalist.
– Kvotering handlar om å leite aktivt i underrepresenterte grupper og velje artistar som kan utvide tilbodet – ikkje om å velje ein dårlegare artist, seier Siri Haugan Holden i musikkorganisasjonen Balansekunst til Aftenposten.
Kvotering vert sidestilt med tvang. Ein må. Og her vert eg irritert. Eg får lyst til å nappe tak i dei svarte rustspikarpynta leggskjenene på scena – det er ny dag og nytt band – og mannen som sit fast i dei, og spørje om han aldri har sett ei kvinne med gitar før. Om det er tvang å leite aktivt etter noko nytt og friskt.
Sjølvsagt er det vanskeleg: Skal ein droppe Bruce Springsteen for ei kvinne mange ikkje har høyrt om? Men kva om festivaltilskotsordninga frå Kulturrådet ikkje berre vurderte kvalitet, lokal forankring og geografisk spreiing, men kvinnedel òg? For når ein har nytta festivalsesongen i år etter år på å snakke om dårleg kjønnsbalanse utan resultat, trengst tvangstrøya. Til og med i svart, med naglar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi bookar ikkje kvinner fordi dei er kvinner, men fordi dei er gode musikarar.»
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.