Utanriks

Sveitsisk åleinegang

BERN: Sveits står utanfor EØS-avtalen. No skal landet fornye forholdet til Brussel.

Sveitsarane held sjølvstende og eigne tradisjonar høgt. Her speler eit alpehornorkester utanfor parlamentet i Bern. Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund.
Publisert Sist oppdatert

Fred, fridom, og kaffi til ein hundrelapp. Dei snirklete mellomaldergatene i Bern er reine idyllen her eg går og prøver å få i meg litt koffein på morgonkvisten. Fasadane er nyoppussa og gatene frie for søppel alle som ei. Slikt stell har dei råd til, sveitsarane: Kjøpekrafta er den høgste i Europa, og inflasjonen er berre ein fjerdedel av den norske. I tillegg er landet nøytralt og i stor grad styrt av folket sjølv gjennom direkte demokrati. Tilliten er høg. Det er veksten òg. I horisonten kryp morgonsola opp over Alpane.

Men bak alt det vakre, vene ligg det noko og skurrar. Landet er rikt, men formuen er ikkje likt fordelt: I januar publiserte styresmaktene i Bern tal som syner at 40 prosent av innbyggarane eig berre 1 prosent av formuen i byen. Landet er nøytralt, men deltok i ei militærøving saman med Nato-landet Tyskland i Austerrike for berre to veker sidan. Og det vidgjetne demokratiet...? Parlamentsplassen, symbolet på folkestyret i Sveits, er omringa av bankar. Dei har stor definisjonsmakt. Formuen deira utgjer nesten fem gongar så mykje som det sveitsiske bruttonasjonalproduktet (BNP).

Alt er relativt, skreiv ein fysikar for hundre år sidan. Han hadde budd nesten 20 år i Sveits.

Einsam ulv

Sveits er annleis. Det er sveitsarane sjølve medvitne om. Medan «annleislandet» Noreg er medlem av både Nato og EØS, har sveitsarane lagt seg på ei isolasjonistisk linje. Alleingang, kallar dei det. Landet har vore nøytralt sidan 1600-talet og har halde seg utanfor forpliktande samarbeid. Det har gitt Sveits eit visst handlingsrom internasjonalt: Over 40 internasjonale organisasjonar har hovudsete i landet. Til gjengjeld var sveitsarane så redde for å bli blanda inn i internasjonale dragkampar at dei ikkje blei FN-medlem før i 2002, trass i at Genève hadde vore eit av hovudkvartera til FN i fleire tiår. Om ikkje anna sparer dei pengar på isolasjonismen: Sveits er omgitt av Nato-land og nyttar berre 0,7 prosent av BNP på forsvar.

Men også Sveits er eit land i verda. Nett graden av isolasjon er eit klassisk stridsspørsmål, særleg andsynes EU. I 1992 røysta sveitsarane over om dei skulle bli medlem i EØS eller ikkje. Eit knapt fleirtal sa nei. I staden inngjekk landet eit sett bilaterale avtalar med Brussel. Det gav landet, som er omgitt av dei tre største økonomiane i EU, tilgang til den indre marknaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement