Frankrike
    Fridom, likskap, gjeldstak
    Franske politikarar klarer ikkje å bli samde om korleis dei skal redusere statsgjelda. Kompromissviljen er låg to år før neste presidentval.
    
    
        Den femte statsministeren i Frankrike på to år, Sébastien Lecornu, heldt den første politiske talen for nasjonalforsamlinga 14. oktober. Får han ikkje partia til å bli samde om gjeldskutt, kan det òg bli ein av dei siste talane han held som statsminister.
        Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Gjeldskrisa i Frankrike kan minne litt om eit mørklagt rom: Alle vil ut, men ingen finn døra. Dei fleste politiske partia i Frankrike er jamt over samde om at statsgjelda i Frankrike er i ferd med å bli eit stort problem. Staten har ikkje gått med overskot på over femti år. Gjelda byrjar no å nærme seg nivået i Hellas før finanskrisa i 2009 – ei dobling frå år 2000. I skrivande stund er ho på 349 milliardar euro, eller 580.000 kroner per innbyggar.
No er ikkje statsgjeld noko nytt for franskmenn. Statsmakta har hatt gjeld sidan mellomalderen, og mykje av industrialiseringa av landet på 1800-talet blei finansiert gjennom låneopptak. Stort sett har dette gått greitt, men når staten har handtert kriser, slik som økonomisk nedgang eller krig, har gjelda skote i vêret. Det er i stor grad tilfelle no òg: Ei av dei mest respekterte økonomiske tankesmiene i landet, OFCE, har rekna ut at mellom 44 og 69 prosent av den noverande statsgjelda har kome på grunn av krisehandtering. Det har vore vanskeleg for politikarane å gjere noko anna i møte med finanskrise og pandemi. Dei kan ikkje smørje budsjetta med oljepengar. Då er alternativet meir gjeld.
Alle mot alle
No kjem baksmellen. Statsgjelda nærmar seg det dobbelte av det EUs gjeldsreglar opnar for. Spørsmålet er korleis ein skal betale. Fløypartia ser ikkje ut til å vilje hjelpe. Partiet til Marine le Pen, Nasjonal samling (RN), har rett nok lova å redusere gjelda med 100 milliardar euro, men ikkje forklart korleis dei skal få det til. I staden blir det stadig peika på at politikken deira kan auke statsgjelda.
Venstrepopulistane i Det ukuelege Frankrike (LFI) er avvisande til problemet og meiner statsgjelda er eit påskot «for å rettferdiggjere innstrammingstiltak og privatisering». I staden vil dei ha slutt på «utpressinga frå dei liberale» og få Den europeiske sentralbanken til å kjøpe opp delar av statsgjelda.
Også nærmare sentrum er det usemje. Den moderate venstresida vil auke inntektene til staten gjennom høgare skattar, medan høgresida vil redusere dei offentlege utgiftene. Ingen vil gi etter.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.