Forteljingar om frykt – Russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
Ikkje forbode, men ikkje lov
Russiske gatemusikarar får gjennomgå.
Illustrasjon: May Linn Clement
Eg trong ikkje gruble lenge på kva eg skulle skrive om denne veka, for no er det berre eitt tema folk er opptatte av på russiske sosiale medium. Det gode nyhendet er at det handlar om musikk. Det dårlege nyhendet er det handlar om å halde folk nede.
Diana Loginova, 18 år og student, er kjend som gatesongar i bandet Stoptime frå St. Petersburg. St. Petersburg er full av gatemusikarar, men Stoptime hadde eit anna repertoar – med låtar av artistar som har blitt stempla som utanlandske agentar i Russland.
Eg har visst ikkje forklart kva ein utanlandsk agent er, i denne spalta, merkeleg nok. Det er ikkje lett å forstå seg på livet i Russland viss ein ikkje veit kva ein utanlandsk agent er. Kortversjonen er at det er eit stempel russiske styresmakter set på personar og grupper som i deira auge får tilsendt pengar frå utlandet eller er «under utanlandsk påverknad».
Styresmaktene kom opp med omgrepet i 2012, men det blei sjeldan brukt i starten. No har det blitt vanleg. Og tolkinga har endra seg. Tidlegare måtte den som blei stempla som utanlandsk agent, fylle ut diverse rapportar og legge inn ein merknad under innlegga sine på sosiale medium. No har stempelet blitt giftig, og det held folk nede.
Utanlandske agentar får ikkje lov til å undervise eller drive med opplæring av noko slag. Viss dei skriv bøker, får dei ikkje gi dei ut eller tene pengar på andre vis. Det blir stadig vanskelegare å ta hand om eigedom. Alle byråkratiske prosessar er håplause. Ein får ikkje jobb.
No set styresmaktene «utanlandsk agent»-merkelappen på folk i hytt og vêr, særleg på personar dei vil ha ut av landet. Å leve med merkelappen i Russland er nemleg trøysteslaust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.