Essay
Når nødrett blir normalen
Det er urovekkjande likskapar mellom utviklinga i Tyskland på 1930-talet og dagens USA, skriv Morten Kinander.
Soldatar frå Nasjonalgarden ved Lincoln-monumentet i Washington 23. september i år. No vil Trump setje inn Nasjonalgarden i Chicago òg, med tilvising til opprørslova frå 1807.
Foto: Daniel Becerril / Reuters / NTB
Den 9. oktober stogga ein føderal dommar i Illinois president Donald Trumps forsøk på å setje inn nasjonale styrkar i Chicago. Dommaren fann ikkje «betydeleg bevis for fare for opprør». Så langt har anken til Trump-regjeringa blitt forkasta, men Trump seier han vil be høgsteretten om å få setje inn Nasjonalgarden i Chicago. Kring 500 soldatar står klare ved ein base i Elwood i Illinois.
I august tok Trump kontroll over politiet i Washington D.C. gjennom nødforordning. Det er første gong ein president har gjort noko slikt sidan The Home Rule Act, lova som gir hovudstadsområdet lokalt sjølvstyre, vart vedteken i 1973. Det var ei djupt kontroversiell, men konstitusjonelt tvitydig handling innanfor eksisterande lovverk. Chicago-saka er noko heilt anna. Her har ikkje Trump brukt nødforordning, men han seier at han vil gjere det, fordi det gir han det han kallar unquestioned power – ei makt som ikkje kan utfordrast.
Trump viser her til The Insurrection Act, «opprørslova», frå 1807. Dette er ein konstitusjonell nødrettsheimel som gir presidenten fullmakt til å setje ordinære lover og rettslege prosessar til side og bruke militære styrkar mot eigne borgarar. Medan det å ta kontroll over Washington-politiet opererer i gråsonene av eksisterande lov, set The Insurrection Act sjølve retten ut av kraft. Det er nødrett i reinaste form: Ordinære prosedyrar gjeld ikkje lenger, fordi «nødsituasjonen» krev det.
Både Lyndon B. Johnson og John F. Kennedy nytta Insurrection Act i striden om borgarrettsrørsla og avviklinga av raseskiljet på 1960-talet. George H.W. Bush gjorde det i Los Angeles under opptøyane i 1992 – men då på uttrykkjeleg førespurnad frå delstaten sjølv. Men no er det noko anna: eit forsøk på å bruke nødretten som offensivt politisk verkemiddel mot ein delstat som ikkje ønskjer intervensjon, basert på ei «nød» som ingen domstol har funne bevis for. Washington har til dømes ikkje hatt så lite kriminalitet som no på mange år.
Nødrett har blitt brukt som våpen mot politiske motstandarar før. Den 20. juli 1932 samla Preussens sosialdemokratiske innanriksminister Carl Severing kabinettet sitt til hastemøte. Rikskanslar Franz von Papen hadde kunngjort at delstatsregjeringa var avsett. Påskotet var eit blodig samanstøyt mellom kommunistar, nazistar og politiet i Altona utanfor Hamburg, der 18 døydde. No skulle rikskommissærar skulle med militære middel ta kontroll over Tysklands største delstat. Grunnlaget var rikspresident Paul von Hindenburgs nødforordning under det som truleg er den mest omdiskuterte grunnlovsparagrafen i verdshistoria: artikkel 48 i Weimar-grunnlova.
Severing stod overfor eit særs vanskeleg val: Anten kunne han mobilisere det prøyssiske politiet – noko som i praksis innebar borgarkrig. Eller han kunne bøye seg for det han såg som eit grunnlovsbrot. Etter timar med diskusjon valde han det siste. I løpet av kvelden låg nesten to tredjedelar av Det tyske riket under direkte føderalt – og militært – styre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.