JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ForsvarSamfunn

Større full­makter til USA

Vil Noreg forplikte seg til å ha luft- eller sjømilitære basar på norsk territorium, spurde Sovjetunionen i eit brev i 1949. Svaret skaper framleis debatt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norsk basepolitikken skaper diskusjon. Diskusjon vart det òg då fleire hundre amerikanske soldatar kom til Værnes for nokre år sidan.

Foto: Ned Alley / NTB

10855
20220429

Bakgrunn

Forsvarsavtalen mellom USA og Noreg er komen til på bakgrunn av eit amerikansk ønske om å oppdatere det rettslege rammeverket for amerikanske styrkar på norsk jord.

Avtalen er signert av USA og Noreg i fjor vår.

Avtalen skal handsamast på Stortinget i vår.

Forsvar

christiane@dagogtid.no

Statsminister Einar Gerhardsen, forsvarsminister Jens Chr. Hauge og utanriksminister Halvard Lange sat saman i Det militære samfund i Oslo då brevet frå Sovjet-regjeringa kom. Kalenderen sa 29. januar 1949, og dei tre toppolitikarane var samla for å diskutere korleis eit nordisk forsvarsforbund kunne sjå ut, saman med sine svenske og danske kollegaer.

Men, som Sovjet-regjeringa visste, vurderte Noreg også å knytte seg til vestmaktene. I brevet ber Sovjetunionen Noreg klargjere forholdet sitt til Atlanterhavspakta og spør om Noreg vil forplikte seg til å plassere luft- eller sjømilitære basar på norsk territorium.

I Gerhardsens memoarar kan vi lese at nyhendet om brevet nådde den svenske statsministeren, som etter ei stund kom bort til bordet der nordmennene sat med eit enkelt spørsmål: «Kva gjer de no?»

Dei tre arbeidarpartipolitikarane hadde alt tatt avgjerda. Noreg ville gå inn i Atlanterhavspakta, men ikkje tillate militære basar for allierte, med mindre Noreg var under åtak eller truga med åtak. Dagen etter vart bodskapen send til Sovjetunionen.

Sjølvpålagd

Svarbrevet, ført i pennen av Jens Christian Hauge, kan markere starten på det som enno vert kalla den norske basepolitikken eller den norske baseerklæringa. Som ordet seier, handlar ikkje basepolitikken om ein juridisk bindande avtale mellom to partar. Han handlar om eit politisk forlik – ein sjølvpålagd restriksjon som er kommunisert til den dåverande Sovjetunionen, som er fortolka og følgd opp innanlands og akseptert av Noregs allierte.

Standpunktet til framandlandsbasar på norsk jord vart i åra som gjekk, følgt opp med fleire avspenningsprinsipp, som at Noreg ikkje skal lagre atomvåpen i fredstid, at skip med atomvåpen ikkje skal leggje til i norske hamner, og at allierte øvingar ikkje skal leggjast for nær den russiske grensa i Finnmark.

Basepolitikken er kort sagt ein sentral del av den norske avspenningspolitikken overfor Russland, som frå etterkrigstida og fram til i dag har gått hand i hand med avskrekkingspolitikken som ligg i Nato-medlemskapen og atomvåpentrugsmålet som følgjer med.

Teori og praksis

Målt ut frå politisk semje er basepolitikken ein suksess. 73 år etter at Gerhardsen-regjeringa svarte Sovjetunionen, kommuniserer Støre-regjeringa at basepolitikken står fast. Solberg-regjeringa gjorde det same. Det er ingen politisk strid om prinsippet. Striden står om korleis prinsippet skal praktiserast.

Til dømes reagerte delar av den norske venstresida sterkt då opp til 700 amerikanske soldatar var til stades på Værnes og i Indre Troms i perioden 2017–2020 gjennom ei rotasjonsordning. I beste fall ei utholing av norsk basepolitikk, meinte SV-leiar Audun Lysbakken.

Og nyleg gjorde SV det klart at partiet vil røyste imot ein tilleggsavtale mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid. Ifølgje partiet vil avtalen gjere Noreg til ein del av det amerikanske basenettverket.

Fråsegner frå Raudt tyder på at stortingsrepresentantane deira går i same retning. Dermed vil Støre-regjeringa måtte hente fleirtalet for avtalen på høgresida.

Russisk reaksjon

Russarane følgjer sjølvsagt med på den norske fortolkinga av basepolitikken. I Arktisk råd i fjor vår kritiserte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov det norske forsvarssamarbeidet med USA, ifølgje VG, som følgde pressekonferansen. Lavrov peikte på at land som ligg nær Russland no endrar lovene sine for å tillate utanlandske militære styrkar og våpen på sitt territorium.

Lavrov kunne heller ikkje sjå at «permanent rotasjon» av styrkar i Værnes var i tråd med den norske sjølvpålagde avgrensinga om ikkje å ha utanlandske basar på norsk jord.

Uhindra tilgang

Forsvarsavtalen, som no skal handsamast på Stortinget, slår fast at ingenting i avtalen endrar korkje den norske basepolitikken eller atomvåpenpolitikken. Men forsvarsavtalen gjev USA fullmakter dei aldri tidlegare har hatt på norsk jord.

For å trekke fram nokre sentrale punkt, vil avtalen for det første gje amerikanske styrkar og kontraktørar uhindra tilgang til, og rett til bruk av, såkalla «omforente områder» på norsk territorium. Områda det er snakk om, er militære område på flystasjonane på Rygge, Sola og Evenes, i tillegg til eit område på Ramsund orlogsstasjon. Kritikarar av avtalen kallar områda basar.

Områda skal kunne nyttast til ein lang rekke aktivitetar, som til dømes oppstilling og utplassering av styrkar og materiell, trening, beredskaps- og naudhjelpsoperasjonar, gjennomreise og innkvartering av personell.

Noreg og USA skal ha felles tilgang og rett til områda, men det vert opna for at amerikanarane kan få eksklusiv tilgang til og bruk av delar av dei. Det er amerikanske styrkar som skal kontrollere tilgangen til desse eksklusive områda.

Maktoverføring

For det andre overfører avtalen mynde frå Noreg til USA på fleire område. Amerikanske reglar for arbeidsvilkår skal gjelde i dei «omforente» områda, som kan omfatte daglegvareforretningar, andre vareutsal, militære messer og lokale for fritidsaktivitetar, til dømes.

Meir oppsiktsvekkjande vil amerikanske styrkar også få rett til å utøve tryggingstiltak, som kan innebere bruk av fysisk makt. Det bryt med maktmonopolet lagt til den norske staten.

Retten gjeld innanfor dei militære delane av dei «omforente» områda, dersom det er nødvendig for å oppretthalde eller gjenopprette orden eller verne om amerikanske styrkar, amerikanske kontraktørar, norske kontraktørar og andre som følgjer med.

I ekstraordinære tilfelle kan amerikanske styrkar også treffe «nødvendige og forholdsmessige» tiltak i område som ligg tett attmed områda det er gjort avtale om, og innanfor sivile delar av dei. Dette krev rett nok planar for tryggleik som ikkje er utarbeidde i dag. Om slike planar skal utarbeidast i framtida, vil ein måtte sjå kva Grunnlova tillèt, opplyser Forsvarsdepartementet i framlegget for Stortinget.

Straffeforfølging

Det siste punktet som skal nemnast her, er at førsteretten til å straffeforfølgje handlingar utførte av amerikanske soldatar utanfor teneste, skal overførast frå Noreg til USA. Noreg har høve til å tilbakekalle denne retten i spesielle tilfelle og innan ein frist på 30 dagar, men også i slike høve vil Noreg ha plikt til å utlevere personen det er snakk om, til USA.

Dette kan, ifølgje vurderinga Forsvarsdepartementet sjølv gjer, føre til at varetektsfengsling kan verte vanskeleg, sjølv når det er nødvendig med omsyn til provsituasjonen.

Suverenitet

Sjølv om store fullmakter vert overførte til USA, står det fleire stader i avtalen at alle aktivitetar som er omfatta av han, skal utførast med full respekt for norsk suverenitet, norske lover og dei folkerettslege pliktene Noreg har.

Men også her er det eit men. Det norske synet på denne ordlyden er at amerikansk personell har ei generell plikt til å følgje norske lover og reglar, og at USA har plikt til å etterleve norske reglar og folkerettslege plikter, med unntak for dei områda der amerikanske reglar har fått eksplisitt forrang.

USA har på si side teke til orde for at plikta til å etterleve norsk rett og folkerettslege plikter berre gjeld der dette går i lag med dei amerikanske operative behova.

Dette er ikkje ei ny usemje, men ei usemje som heng igjen frå tidlegare avtaler, ifølgje Forsvarsdepartementet.

Krav frå USA

Det er nærliggjande å spørje kvifor Noreg ønskjer å overføre så mykje makt til ein annan stat. Forklaringa kan liggje i omtalen av saka, som både Solberg-regjeringa og Støre-regjeringa stiller seg bak: Saka er svært viktig.

I framlegget til Stortinget går det fram at eit oppdatert rettsleg rammeverk for forsvarssamarbeid har vore eit ufråvikeleg amerikansk krav for å investere i infrastruktur i Noreg. Det høyrer med til dette biletet at infrastrukturen som vart bygd opp for å ta imot allierte styrkar under den kalde krigen, har vorte bygd ned. Framferda Russland viser i verda, gjev på ny ein trong for infrastruktur som skal gjere det mogleg å ta imot allierte styrkar i ei krise.

Også kravet om å få rett til å utøve makt i Noreg var ifølgje departementet eit ufråvikeleg krav frå USA. Forhandlingane blir omtalte som langvarige og omfattande, og punkt om juss og maktbruk som krevjande.

Uro

Avtalen gjev utvilsamt store og nye fullmakter til USA. Bryt han då også med den over 70 år lange tradisjonen for ikkje å tillate utanlandske makter å ha militærbasar på norsk jord?

På Stortinget ser det ut til at berre SV og Raudt meiner det. Til NTB har Ingrid Fiskaa sagt at Noreg gjev frå seg råderett på norsk jord til USA. Ho fryktar at Noreg ikkje vil få fullt innsyn i kva som går føre seg i dei avtalte områda, og seier at USA til sjuande og sist avgjer kva dei vil gje Noreg innsyn i og ikkje. Dermed vil Noreg ikkje vite kva for våpen som vert lagra der, og om det er fangar på området.

Forsvarstradisjon

Forsvarsdepartementet plasserer på si side forsvarsavtalen med USA i ein lang norsk tradisjon for å ta imot og øve med allierte styrkar. Dessutan vektlegg dei at det ikkje skal vere permanent stasjonerte amerikanske styrkar i Noreg.

«I rettslig forstand er det rett nok ikke vesentlige forskjeller mellom bestemmelsene om omforente områder og bestemmelser i avtaler som regulerer amerikanske baserettigheter i andre land. Forskjellen ligger i hvordan disse områdene vil bli benyttet», står det.

Avsporing

Innhaldet i forsvarsavtalen vil, når alt kjem til alt, vere viktigare for Noreg enn spørsmålet om han bryt med eller vidarefører norsk basepolitikk. Basepolitikken har uansett eit stort rom for fortolking. Har han også utspelt rolla si?

Det meiner Anders Romarheim, som er leiar for Senter for internasjonal tryggleik ved Forsvarets høgskule.

«Basepolitikken setter en underdanig ramme for hva vi kan foreta oss på eget territorium. Den skaper en ferniss av russisk råderett, her i Norge», skreiv han i ein spissformulert kronikk i VG 9. april.

Romarheim meiner dessutan at basepolitikken avsporar viktige forsvarsdebattar her heime. Ein diskusjon om korleis Noreg skal forsvarast, endar gjerne opp som ein diskusjon om kva som strir mot basepolitikken.

Engasjementet er sterkt både i kronikken frå Romarheim og på venstresida i norsk politikk. På Stortinget, derimot, ser det ut til at basepolitikken, slik han no vert tolka, vil verte vidareført som del av den nye forsvarsavtalen mellom USA og Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Russarane følgjer sjølvsagt med på den norske fortolkinga av basepolitikken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis