JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sosialist-
komplott

Francois Fillon skuldar regjeringa for å underminera valkampen hans.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Francois Fillon går til åtak og hevdar han er utsett for eit komplott.

Foto: NTB scanpix

3011
20170324
3011
20170324

Fransk val

jon@dagogtid.no

Fransk valkamp er ikkje heilt som norsk valkamp. Gaullisten Francois Fillon byrja bra, så bra at dei fleste rekna med at sigeren var sikker. Men så skjedde det som plar skje i Frankrike: Avisene fann ut at han var korrupt, slik som dei fleste andre franske rikspolitikarar. Ein treng vel ikkje seia det, Fillion liker ikkje alle skuldingane som kjem mot han. Den fyrste skuldinga, som ser ut til å vera rett, er at han betalte kona for ei «falsk» stilling som assistent i parlamentet, den andre skuldinga var at han hadde finansielle band til Russland.

Så kva gjer du når du vert skulda for korrupsjon og ser ut til å vera skuldig? Du går til åtak og hevdar du er utsett for eit komplott. Onsdag denne veka gjekk Fillion til åtak på den sittande sosialistregjeringa og hevda at ho stod bak alle lekkasjane om korrupsjon. Ja, så langt gjekk han at han hevda at lekkasjane var «godt planlagde og organiserte». «Merkeleg nok held sosialistpartiet, herr Macron og herr Holland fram med å koma med desse falske avsløringane», sa han òg, med referanse til Emmanuel Macron, som ser ut til å vinna, og president Francois Hollande.

Sytinga hjelper neppe. Meiningsmålinga på onsdag syner at Macron og Marine Le Pen båe ligg an til å få 26 prosent av stemmene, medan Fillon får 17 prosent. I andre runde, som Fillion, truleg ikkje får deltaka i, vil dimed Macron vinna suverent om meiningsmålingane er rette.

Kona tente godt

Fillion har aldri heilt forklart kvifor han ikkje er korrupt og kva det er med skuldingane som er falskt. Dokumenta som fransk presse har fått tak i, syner at han betalte kona og to av borna minst 800.000 euro for å assistera han i parlamentet, men få om nokon kan hugsa å ha sett familien hans i arbeid i parlamentet. Den 28. mars må kona møte i forhøyrsretten, som sette Fillion under offentleg gransking den 14. mars.

Det er òg mistanke om at Fillion har forfalska dokument som skal syna at kona har arbeidd for han. Om dette er rett, har han både underslege pengar og kome med falsk forklaring. Pierre Cornut-Gentille, som er advokaten til Fillion, avviser sjølvsagt alle skuldingar, og seier til The Daily Telegraph at «sidan arbeidet Penelope Fillion har gjort for ektemannen, har vore reelt, er sjølvsagt alle dokument som syner dette, ekte».

Det er satire- og vekeavisa Le Canard, som vert rekna for å vera den beste og mest truverdige avisa i Frankrike, som står i spissen for avsløringane. Det siste frå den fronten er at ein libanesisk milliardær skal ha betalt eit selskap som er eigd av Fillion 50.000 dollar for å få han til å møta Vladimir Putin og Patrick Pouyanne, som er leiar i oljeselskapet Total.

Kva var svaret frå Kreml på skuldingane? Ja, de gissar rett: «falske nyhende». Om dette held fram, finn nok Le Canard ut at Macron heller ikkje har reint mjøl i posen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva var svaret frå Kreml på skuldingane?

Ja, de gissar rett: «falske nyhende».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis