JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Listhaugs provoserande metode

Siv Jensens politiske bragd var å føra Frp inn i regjeringa. Ho går av for gi partiet ein ny giv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På spørsmål frå ein journalist frå Dagbladet viste Sylvi Listhaug fram gullkorset ho har rundt halsen, på ein pressekonferanse førre fredag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5541
20210226
5541
20210226

hompland@online.no

Den manifeste Magnus Marsdal prøvde for eit drygt tiår sidan å knekka «Frp-koden». Nå som Siv Jensen har abdisert og overlate til Sylvi Listhaug å bera korset vidare, har han oppdatert sjukdomsteikna og boteråda (Klassekampen 20. februar).

Diagnosen av Listhaugs metode er «den kalkulerte flertydighetens provokasjon». Første fase: Skapa merksemd ved å seia noko skikkeleg grovt om grupper og minoritetar og håpa på krass fordømming. Fase to: Spela misforstått og insistera på at det ikkje var slik meint. Fase tre: Gjera seg til offer for den godheitstyranniske meiningseliten som ikkje vågar open debatt.

Mange klarer ikkje å la vera å ta til motmæle mot slike utspel, så dei trykker på den moralske skandaleknappen. Då hamnar skjellsordutvekslinga på listhaugianske premissar. Det er ein utspekulert talepunktmetode Listhaug har vidareutdanning i frå Fyrstehuset.

MARSDALS DIAGNOSE er treffande, men få er vaksinerte og flokken er ikkje immun. Presse og politiske motstandarar kjem til å bita på kroken igjen og igjen. Slik er den mediale dramaturgien og den politiske logikken Listhaug så listig og dyktig dyrkar.

Med sine utspel er ho som rottefangaren frå Hameln, kjend frå Grimms eventyr for folk flest. Under ein snikinvaderande pest spelte han fløyte og gjorde det av med skadedyra. (Av humanitære omsyn skal det ikkje nemnast korleis rottefangaren hemna seg då han ikkje fekk den betalinga han meinte han var lova og fortente.)

DEN LAUSLATNE FANGEN frå Solbergs grå fengsel skal kasta silkehanskane, spissa, reindyrka og blankpussa Frp-profilen som blått alternativ. Medan ho ventar på at flyktningstraumen skal ta seg opp, langar ho ut mot løyvingar til kulturpiss.

Partiet skal ikkje forhandla, men berre røysta for eigne forslag. Innanfor eller utanfor er ikkje viktig, for å sitta i regjering er eit middel, ikkje eit mål. Dei skal slett ikkje lefla med dei to små tullepartia i regjeringa, men trur dei kan få gjennomslag for sin politikk likevel, av og til i firarbanden saman med Senterpartiet.

Listhaugs perspektivmelding er valet i 2025. Første nestpåpassar Ketil Solvik-Olsen trur han skal få ei hand på blyanten i det nye kapittelet av partisoga, for dette er arbeidsdelinga mellom den provokative sunnmøringen og den modererande jærbuen: ho med utestemme og han med innestemme, han med ein skeiv liten geip og ho med same stive og usårlege smil, ho med korte talepunkt og han med lange resonnement, ho skal kasta opp, og han skal rydda i det som fell ned.

SOM BYRÅD I OSLO og styrar av ei handfull departement har rottefangaren frå Ørskog vist seg som ein lite gjennomføringsdyktig politikar. Ho går ikkje stille i dørene i barnehagen, men har det mest i kjeften.

Livet er æve, men det er ikkje Listhaugs ord. Dei er store og flyktige og blir bytta ut etter situasjonen. Under partikampen i Oslo for nokre veker sidan gav «nasjonalkonservatisme» henne frysningar, og ho samanlikna det med nazistisk nasjonalsosialisme. Nå er dei nasjonalkonservative hjarteleg velkomne tilbake dersom dei les partiprogrammet og er lojale mot partileiaren.

BYRÅSJEFENS UVANE er å gjenta seg sjølv, men av og til er det på sin plass. Førre veke siterte han Trygve Brattelis svar på spørsmålet om kva han trudde ettermælet hans ville bli: «Godt, i den grad det kan skade mine etterfølgere.»

Slik må dei også lesast, dei varme og vennlege politiske nekrologane over Siv Jensen frå motstandarar: som spark til tronfølgjaren Sylvi Listhaug, som har gøymt dei kunstnarleg uforma halssmykka sine og tatt fram bestemors kors for å bera arven vidare på sitt vis.

SIV JENSEN KOM som ein stormvind inn i norsk topp­politikk då Carl I. Hagen kåra henne til arvtakar. Hennar forteneste er å ha ført det kroniske opposisjonspartiet inn i regjering. Det var eit nederlag for prosjektet å gå ut. Nå gir ho Framstegspartiet ein ny giv ved å gje seg på bånn.

Fram til valet blir den demoti­verte tante Siv «lame duck». Ho skal ta omsyn til seg sjølv og bruka tid og krefter på å dressera ein hundekvalp. Det kan bli lettare enn å gjeta harar og passa på ein villstyrig saueflokk som har hamna i åvelta.

***

RETTINGAR. Vertinna fryda seg sist veke over Per Sivles «Tord Foleson» i dødsannonsen for Porno-Hagen: «Merket det stend, um Mannen han stupa.» I nekrologen i Aftenposten blei Leif Hagen hugsa for at han som gutunge var med og stal Sagene Ring. Då farten auka nedover Torsjævv, hoppa dei andre rampegutane frå Bjølsen av, men villbassen Leif (6) stod standhaftig ved styrehjulet til trikken bråsvinga og stoppa i Sannergata, der politiet stod og venta.

I 1979 hjelpte lokalpatrioten Hagen den fallerte fotballklubben Skeid frå Torshov ut av ei akutt gjeldsknipe. Men etter eit ofseleg mediekøyr blei «L. Hagen Import» av pornomoralske grunnar vraka som offisiell og solid betalande sponsor, så laget blødde ikkje med «Aktuell Rapport» på drakta då Erling Borgen var fotballformann nokre år seinare og skulle rydda opp.

Nå har den utuktige Hagen testamentert 30 millionar til Skeid, som vil setja av pengane til eit slags oljefond for breidde og elite aust for elva. Pornopengar luktar tydelegvis ikkje lenger verre enn dei millionane andre fotballklubbar i Oslo har fått frå kvikke, svarte, smarte, spekulative, olja og
lakselusete investorar.

Sa-sa-sa, bra-bra-bra, Skeid-Skeid-Skeid.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis