JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tobakk av vin

– Det er mykje farlegare å røykja enn å drikka eit glas vin, og så seier KrF at dei er opptekne av helsa til folk. Det heng ikkje på greip, seier Carl I. Hagen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Arild Hareide og Carl I. Hagen sit saman i Stortinget. Om litt skal partia deira kanskje sitja saman i regjeringa. Men om taxfree vert dei neppe samde.

Foto: NTB Scanpix

4661
20181123

SAMTALEN

Carl I. Hagen

Vararepresentant for Frp på Stortinget

AKTUELL

Nytt statsbudsjett med KrF

4661
20181123

SAMTALEN

Carl I. Hagen

Vararepresentant for Frp på Stortinget

AKTUELL

Nytt statsbudsjett med KrF

jon@dagogtid.no

Tysdag kveld gjekk regjeringa Solberg gjennom si til då truleg største krise. Gruppemøtet til Framstegspartiet om framlegget til budsjettavtale med Kristeleg Folkeparti varte og rakk. Då det vart avrøysting, sa eit stort mindretal nei til framlegget. Mellom dei som var særs misnøgde, var vararepresentant Carl I. Hagen, som i si tid var formann i Frp og den store partibyggjaren.

– Kan eg ramsa opp nederlaga for Frp?

– Du tenkjer på taxfree-nederlaget? Det var eit svik.

– Kan vi byrja med samferdsel?

– Ok.

– Frp i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane har i alle år kjempa for Stad skipstunnel. Ketil Solvik Olsen fekk tunnelen inn i Nasjonal transportplan, men i forslaget til statsbudsjett var han ute. No kom han inn att.

– Ja, og det er veldig bra.

– Men det var KrF som berga han etter at Siv Jensen og Jon Georg Dale tok han ut. No får vel KrF æra?

– Det er ikkje slik det fungerer. Det er fire parti som går inn i tingingar, og det er no fire parti som står ansvarlege for resultatet. Alle der oppe veit at heilt sidan eg drog til Nordvestlandet og lanserte Stad skipstunnel, så har Frp i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane kjempa beinhardt for tunnelen. No er han inne på statsbudsjettet. KrF og Frp har av og til felles interesser mot Høgre, dette er eit døme på at vi har funne saman for å gje Distrikts-Noreg betre samferdsel. Du får ikkje meg til å seia at dette er eit nederlag.

– Frp fekk i si tid fjerna elavgifta for datasenter. No vert avgifta ført inn att for virtuelle pengar, i hovudsak bitcoin-produksjon. Det må du vel vedgå at er eit nederlag?

– Sjølvsagt. Det er veldig trist at dette skjedde. Frp har i alle år kjempa for det private næringslivet, vi ynskjer å nytta skatte- og avgiftspolitikken til å skapa arbeidsplassar. Men her tapte vi.

– Kva var det eigentleg som skjedde i denne taxfree-saka? Var KrF for eller mot innstramminga i kvoten?

– Dei lurte oss på ein formalitet. Då opposisjonen gjekk til KrF og bad dei røysta for innstramminga, var svaret at «det kan vi ikkje, sidan vi er i forhandlingar med regjeringa om statsbudsjettet». Men så fekk visstnok Olaug Bollestad denne lyse ideen at KrF kunne røysta for ei innstraming som vart gjord gjeldande frå 2020. Då kunne KrF seia at 2020 ikkje har noko med tingingane om statsbudsjettet for 2019 å gjera. Dette er teknisk sett rett, men i røynda gjev dei ein potensiell regjeringspartnar eit slag i andletet.

– Sjølv er eg kanskje litt meir forundra over at Sp røysta for innstramminga, som på sikt vil føra til eit mindre overskot for Avinor. Overskotet der går mykje til distriktsflyplassar.

– Ja, men det er Ap som avgjer, og for dei er det berre éin ting som er viktig: å påføra regjeringa nederlag anten dei er samde eller ikkje. Men eg må seia at det er noko hyklerisk i dette at KrF no erstattar vin med tobakk. No kan alle dei som før bad vener om å taka med røyk, på ny be venane om å taka med tobakk sidan tobakkskjøp ikkje fører til redusert vinkvote. Alle veit at det er mykje farlegare å røykja enn å drikka eit glas vin. Og så seier KrF at dei gjer dette av helsegrunnar. Det heng ikkje på greip.

– I framlegget til statsbudsjett låg det inne om lag 1 milliard i skatte- og avgiftslette, KrF har nesten nulla ut denne letten. Frp har vel ansvaret for det resultatet òg?

– Ja, men då lyt eg berre seia at om du vil ha skattelette og effektiv bruk av pengar, så lyt du røysta på parti som står for skatte- og avgiftslette og effektiv bruk av pengar. Men no skal vi ha sonderingar og mogleg forhandlingar med KrF om regjeringsdeltaking. Då får vi sjå korleis det går med både skattelette og taxfree.

– På eitt felt gav ikkje Frp etter, og det var på kvoteflyktningar. KrF kravde fleire, det vart ikkje fleire. Er det eit signal om at innvandringspolitikken skal liggja fast same kva også med ei eventuell ny regjering?

– Eg veit ikkje, men eg vel å vona at det er slik. For Frp er innvandringsfeltet det viktigaste. Vi vil ikkje berre at innvandringspolitikken skal halda fram som no, vi vil ha innstrammingar. Men korleis det går i sonderingane, er det umogleg å svara på no. Eg vonar at alle ser på kvarandre som partnarar det er positivt å gå i regjering med, og ikkje som motstandarar. Skal de skje, må vi spela med opne kort og ikkje halda på som i taxfree-saka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg må seia at det er noko ­hyklerisk i dette at KrF no erstattar vin med tobakk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis