JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den korrupte fotballen

– Majoriteten av medlemane i Fifa vil ikkje gjera noko med korrupsjonen i fotballen, seier Håvard Melnæs i magasinet Josimar etter dei siste avsløringane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gianni Infantino er den nye FIFA-presidenten. Han ser ut til å vera like lite viljug som tidlegare Fifa-presidentar til å reformera internasjonal fotball.

Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB scanpix

4967
20181109

Samtalen

Håvard Melnæs

Redaksjonssjef i Josimar

Aktuell

Massive lekkasjar av løynde fotballdokument

jon@dagogtid.no

Fotballen går gjennom skandale etter skandale. Store internasjonale mediehus med Der Spiegel i spissen har byrja med kritisk journalistikk av fotballen. Det siste er sjeldan vare i Noreg. Fotballmagasinet Josimar har dei siste åra vore eit unntak. Håvard Melnæs er redaksjonssjef og ansvarleg utgjevar.

– Kva er desse «football leaks»-dokumenta, og kvar kjem dei frå?

– Mest truleg kjem dei frå ei hackargruppe, og nettstaden Football Leaks vart skipa i 2015. Dokumenta har alt fått store konsekvensar, skattesakene mot Messi og Ronaldo er vel dei mest kjende døma. Men den nye lekkasjen vi snakkar om no, er mykje større enn fyrste runde. Der Spiegel seier at dei sit på 70 millionar dokument. Når det er sagt, er hovudbiletet «ikkje så mykje nytt». Dei store sakene det er snakk om, har vore kjende for dei som har vore kritiske til den rådande internasjonale fotballpolitikken, men denne gongen er detaljgrada ekstrem. Det eg liker best med desse lekkasjane, er at no har fotballpolitikk endeleg vorte noko store medium i hovudstraumen skriv om.

– Men den største «nyhenda», ein eigen superliga for dei store europeiske klubbane, er ikkje ny?

– Nei, planane har vore kjende, men ikkje at klubbane sjølve har vore aktive med i planlegginga og medvite prøver å bryta ut av eigne medlemsorganisasjonar. Kynismen er ekstrem. Difor har det vore ei fryd å fylgja med på alt som Der Spiegel har kome med. No får vi endeleg sett heilt ned til detaljnivå kor roten, grådig og kyniske fotballbransjen er.

– Men alt skulle verta betre berre vi vart kvitt den førre Fifa-presidenten, sveitsaren Sepp Blatter?

– Den gamle sveitseren Blatter er den som har lært opp den nye sveitsaren Gianni Infantino, som er teken med buksa nede. Han har verkeleg gjort seg allmektig i Fifa-systemet. Fifa har hatt to komitear som har hatt som oppgåve å kontrollera resten av systemet, etikkkomiteen og styringskomiteen. Dei har ikkje vore perfekte, men dei har fungert betre enn det meste anna i Fifa. Infantino har fjerna leiarane av desse komiteane av di dei ikkje ville akseptera utøvande russiske politikarar i styret i Fifa, og av di dei etterforska banda mellom Infantino og russiske oligarkar. I etikkomiteen har han no handplukka ei dame frå Colombia som ikkje kan engelsk. Ho har stogga all etterforsking mot Fifa-presidenten, mellom anna dette at han skal ha nytta privatfly ått av russiske milliardærar.

– Men det meste ser ut til å koka ned til pengar. Kvifor prøver leiarane å skjula den enorme profitten og dei store summane? Kan ikkje dei vedgå at dei driv med big business på line med amerikanske lagidrettar?

– Av di dei vil fordela pengane i lukka rom. Det har vore tradisjonen i alle år. Du må hugsa at majoriteten av medlemslanda i Fifa ikkje har noko som helst ynske om at fotballen skal vera transparent eller ansvarleg på line med store børsnoterte verksemder. Representantane ynskjer å tena så mykje som råd er, personleg. I september var det val av nytt medlem frå Afrika til Fifa-styret. Rapportane om at leiaren for CAF, det afrikanske fotballforbundet, orkestrerte utdeling av pengar for få inn sin kandidat, har vore mange. Dei brune konvoluttane frå Blatters tid er der framleis.

– Men då er det vel naturleg at dei som generer pengane og er nokolunde opne om pengebruken, slike som Liverpool og Manchester United, planlegg eigne ligaer?

– Men ein superliga bryt med essensen i fotballen, han er ikkje ein del av fotballens vesen. Fotballen handlar om grannebyen, klubbane i ditt eige område. Sjå ei TV 2-sending når Liverpool møter Manchester United. Då snakkar dei time opp og time ned om over hundre år gamal rivalisering, vi ser svart-kvitt film, forteljinga er lokalderby. Så spring 22 utlendingar ut for å spela ball. Salsargumenta og kva fotballen er i røyndomen, er to heilt ulike ting. Men fotballen må ha ei historie å selja, skal pengane halda fram med koma inn.

– At klubbane vert lei av Fifa og Uefa, er likevel til å forstå?

– Ja, og Fifa-dyret har fått halda fram med å veksa av di sportsredaksjonane ikkje har gjort arbeidet sitt. Sport er sal. Fjernsynsredaksjonane som sit på senderettane, har det med ikkje å vera kritiske. TV 2 og NRK hadde senderettane til fotball-VM frå Russland, men under Fifa-kongressen to dagar før avspark, hadde dei null representantar. Samstundes veit vi no at Russland nytta nordkoreansk slavarbeidskraft under bygginga av stadionanlegga. Slik arbeidskraft er den største valutainntekta til Nord-Korea. I Qatar har alt fleire hundre arbeidarar døydd før det komande VM-et. NRK og TV 2 vil likevel senda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Qatar har alt fleire hundre arbeidarar døydd før det komande VM-et. NRK og TV 2 vil likevel senda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis