JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Oppgjerstimen

Jordbruksoppgjeret ligg an til å verte historisk dyrt. Vi har fått rekninga for ein feilslått jordbruks­politikk, meiner tidlegare landbrukstopp Anders Nordstad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fleire storfebønder vurderer om dei kan halde fram etter konstnadsauken den siste tida.

Foto: Ørn. E Borgen / NTB

12660
20220513

Bakgrunn

Jordbruksoppgjeret

27. april la jordbruket fram eit krav med ei ramme på 11,5 milliardar.

4. mai la staten fram eit tilbod med ei ramme på 10,5 milliardar. Med same reknemåte som bondeorganisasjonane tilsvarer tilbodet 8,9 milliardar.

16. mai er fristen partane har sett for å kome i mål.

Oppgjeret i år er spesielt fordi det skal kompensere kostnadsvekst over fleire år.

Landbruk

christiane@dagogtid.no

Alt liv heng saman med dette: Gras og andre grøne plantar tek til seg næringsstoff og vatn frå jorda, energi frå sollyset og karbondioksid frå lufta. Tilbake frå planten får vi oksygen i lufta og planten sjølv, som byr på sukker, stivelse og karbohydrat. Enkelte plantar kan vi menneske ete, som korn. Andre plantar må vi overlate til firbeinte med meir robuste magar, som gras, som igjen vert mat for oss.

Når ein blar att og fram i dei til saman 350 sidene som utgjer krav og tilbod framfor årets jordbruksoppgjer, kan ein finne ro i å tenkje på dette enkle faktumet. Ja, langt meir ro enn ved å tenkje på årsakene til at jordbruksoppgjeret i år vil verte historisk dyrt. Rekordhøge prisar på energi, som igjen har ført til prisvekst på kunstgjødsel, kraftfôr, frakt emballasje og mykje anna på verdsmarknaden. Ein krig på kontinentet som gjer vondt verre.

Opprør og krig

2021 og 2022 er åra då «alt» vart dyrare for matprodusentar. Og då råvareracet tok til i fjor haust, var det alt opprør i den norske bondestanden. Utanfor bondelaga aksjonerte unge bønder for å betre livsvilkåra sine, som vart prega av høg gjeld, låg inntekt og dystre framtidsutsikter. Kva no?

Svært forenkla har jordbruksforhandlingane i år to hovudsaker: kompensasjon for ekstrakostnader og auka inntekter. At bøndene vert kompenserte, er alt klart. Dermed står slaget om inntektene. Budsjettmidlane vil auke frå totalt 18,4 milliardar i 2022 (20,2 milliardar etter kompensasjon for ekstrakostnader) til ein stad mellom 23,8 milliardar (som er tilbodet frå staten) og 26,5 milliardar (som er kravet frå bøndene).

I tillegg vert maten dyrare. For når matprisane aukar globalt, gjev det rom for prisauke også i Noreg.

Vantru og vonbrot

Reaksjonane på krav og tilbod har vore delte, for å seie det mildt.

Store delar av jordbruket har møtt statens tilbod med letnad, fordi utgiftsveksten vert kompensert. Men også vonbrot. I Hurdalsplattforma har regjeringa lova å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Men der bøndene vil starte med å tette gapet med 100.000 kroner per årsverk, utover 25.000 i forventa lønsvekst, har staten tilbode 30.000.

Utfordra landbruket

Midt i all indignasjonen over pengar er siviløkonom, landbruksdebattant og tidlegare landbrukstopp Anders Nordstad indignert over noko anna. Han ser trong for ein snuoperasjon i norsk landbruk som ikkje kjem.

I jordbruksoppgjeret i fjor kunne Nordstad påverke innanfrå, i stillinga som generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I mars i år gjekk han av etter berre 14 månader i organisasjonen. På bloggen sin skreiv han at den som vågar å utfordre etablerte sanningar i jordbruket, vert sett på som eit trugsmål.

– Eg gjorde eit heiderleg forsøk i litt over eit år på å endre ting frå innsida av jordbruket, men innsåg at det ville vere enklare å skape ei ordentlig retningsendring frå utsida, seier Nordstad til Dag og Tid.

No driv han det han kallar folkeopplysning om mat og landbruk. Han bloggar aktivt på Facebook, skriv faste kommentarartiklar i Nettavisen og er aktiv på debattsidene i ulike aviser. For slik han ser det, må det meir enn eit bondeopprør til for å endre norsk landbrukspolitikk. Nordstad etterlyser ikkje mindre enn eit folkeopprør.

Kornhandlar

Det nærmaste Nordstad sjølv har vore bondeyrket, er farens oppvekst på ein gard i Østerdalen. Likevel har han vore tett på landbruket, for i mange år jobba han med internasjonal handel med korn og soya. Når eg spør Nordstad kva som har forma engasjementet hans, peiker han på begge desse to utgangspunkta.

– Eg har sett industrielt jordbruk på nært hald. Dess nærmare ein kjem, dess styggare vert det. Eg har kome til at det småskala-familielandbruket vi tradisjonelt har hatt i Noreg, er verdfullt for ein nasjon, seier han.

Men no er Nordstad uroa over ei utvikling, som, slik han ser det, har gått feil veg i lang tid.

– Politikken fører oss i retning av eit jordbruk som liknar mistenkjeleg på det vi ser andre stader i verda. Eit kapitalintensivt stordriftslandbruk med mykje, for Noregs del, importerte innsatsfaktorar som kunstgjødsel og kraftfôr. Vi har fått eit jordbruk som er sårbart for endringar i energiprisane, og det trur eg ikkje er så lurt.

– Ønskt politikk

Om vi ikkje har vorte merksame på det før, skal det mykje til å ha gått glipp av det i år. Dei internasjonale energiprisane går rett inn i rekneskapen til den enkelte bonden. Ifølgje Norges Bondelag går heile 7,9 av dei 10,15 milliardane staten har tilbode bøndene i jordbruksoppgjeret, til å dekkje kostnader. Slik Nordstad ser det, er dette resultatet av ein ønskt politikk over mange år.

– No kom rekninga, seier han.

Norske bønder har i årevis effektivisert drifta for å halde på lønsemda, ved å auke volumet på produksjonen. Ein gjennomsnittleg mjølkebonde har stadig fleire kyr, og kvar ku gjev stadig meir mjølk, til dømes. I takt med at bøndene driv større, vert gardsbruka færre. I løpet av dei siste 50 åra har tre av fire gardsbruk lagt ned drifta, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Den teknologiske utviklinga, med mjølkerobotar og anna utstyr, gjer det mogleg å utvide. Utfordringa er at stordrift kostar, i form av utstyr og diesel, og i form av at jorda ikkje lèt seg flytte. Tida på traktorsetet og trongen til kraftfôr aukar.

Ulempene ved stordrift er langt større enn fordelane, meiner Nordstad.

– Eg vil ikkje attende til steinalderen, men det stadige effektiviseringskravet gjer at norske bønder ikkje har mykje val, seier han.

– For den vesle matjorda ligg der ho ligg. Måten bøndene kan møte effektiviseringskravet på, er ved å auke kapitalbruken og importen av råvarer til matproduksjon. Det gjer oss meir sårbare og mindre sjølvforsynte. Aldri før har så få bønder produsert så mange kilo mat. Men grovt rekna består halvparten av kraftfôret av importert råvare.

– Snikeffektivisering

– Effektivisering vert som regel trekt fram som ein suksessfaktor i ein bransje. Viser ikkje effektiviseringa eit vellukka landbruk?

– Effektiviseringa går sin gang overalt i verda, men problemet er den såkalla tredemølla i jordbruket. Ein produserer stadig meir, men lønsemda vert stadig dårlegare for produsenten. Fordelen skal tilfalle forbrukaren, men eg er usikker på om det skjer i Noreg, som har så sterke daglegvarekjeder. Vinsten vert verande hos nokre ganske få, som er vortne veldig rike på kort tid, seier Nordstad.

Han meiner effektivisering av jordbruk ikkje er som anna effektivisering, fordi jordbruk jo djupast sett handlar om bruk av jord. Jord som er der ho er. Eller ved fotosyntese, som også må gå føre seg ein stad.

Nordstad har derfor lansert omgrepet «snikeffektivisering», som han meiner skildrar utviklinga i norsk landbruk på ein meir presis måte enn «effektivisering».

– Graset gror ikkje fortare sjølv om fjøset vert større. I jordbruket finst det få skalafordelar og høve til effektivisering. Det har ein løyst ved å snikeffektivisere. Ein kuttar ut beitebruk fordi det er meir lønsamt å bruke kraftfôr, som er basert på fotosyntese som har gått føre seg ein annan stad i verda. Så spørsmålet her er kvar i verda fotosyntesen skal skje – i Noreg eller ein annan stad. Det gjeld uavhengig av den akutte krisa vi er i no, med krig og høge råvareprisar.

Ikkje ellevilt

Nordstad lèt seg ikkje rive med av dei høge pengesummane som staten og bondeorganisasjonane no forhandlar om. Dei er korkje elleville eller vanvitige, slik han ser det.

– Staten må kompensere for at det vert ført ein lite berekraftig mat- og landbrukspolitikk som har pressa næringa til å nytte mindre norske ressursar og meir import. Ein har gjort seg sårbar, og no kjem rekninga. Når det gjeld tetting av inntektsgap, synest eg ikkje tilbodet frå staten er så storveges. Ulike tal er i omløp, men dei fleste er samde om at gapet ligg ein stad mellom 250.000 og 400.000 kroner. Når staten tilbyr 30.000, vert det ikkje gapet tetta på korkje fire eller seks år.

– Både prisane og renta går opp, og også andre arbeidstakarar med vanlege løner kan gå hardare tider i møte. Er dette året for å trappe opp bondeinntekta?

– No ligg det inga sterk opptrapping i tilbodet, og auka målprisar vil berre føre til ein avgrensa prisauke for forbrukarar. Norske forbrukarar kjem heldigare ut enn i mange andre land, med det systemet vi har. Ikkje for at eg vil den vegen, men ser ein til ein del EU-land, så er sentrale jordbruksprodukt gått opp med 20–60 prosent. Det gjeld alt frå mjølk, smør og kjøt til korn.

– Du trur ikkje dei store løyvingane kan føre til mindre velvilje overfor norske bønder?

– Når enkelte medium framstiller dette som eit kjempekrav, og at bøndene utnyttar krisa i Ukraina for alt ho er verd, kan jo enkelte tenkje slik. Men det er ei større utfordring om pengane vert brukte på same måte som dei har vorte brukte dei siste 10–20 åra. For då vil det verte ei utfordring å få folk til å forstå kvifor det er nødvendig å bruke så mykje pengar på landbruket.

Eiga oppskrift

Så kva for eit landbruk ser Nordstad for seg? Kva slags etablerte sanningar i jordbruket har han ønskt å utfordre? På bloggen har han lagt ut ei oppskrift som inneber endra tilskot og auka prisar til bøndene.

Tilskota vil han vri frå volumproduksjon basert på importert råvare til bruk av norske ressursar, og han vil premiere planteproduksjon til både dyr og menneske.

Prissetjinga er meir komplisert. Nordstad vil auke prisane, men skriv at han stadig møter tre etablerte motførestillingar: at auka prisar gjev auka import og mindre marknad, at auka prisar gjev overproduksjon og lågare prisar, og, til sist, at auka prisar til norske matprodusentar gjev dyrare mat for norske forbrukarar.

Nordstad meiner at desse tre etablerte sanningane må utfordrast om landbruket skal verte lønsamt. Sjølv meiner han motførestillingane er meir myte enn sanning: at importen ikkje nødvendigvis heng saman med norske prisar, at betre marknadsregulering og mindre bruk av kraftfôr vil hindre overproduksjon, og at matprisen i daglegvarebutikkane i stor grad vert sett ut frå kjøpekrafta folk har.

Men kven ser han for seg skal stå for desse endringane? Sjølv slutta han jo i ein av organisasjonane som burde ha ei viss gjennomslagskraft gjennom jordbruksforhandlingane.

Ber Stortinget styre

– Har du mista trua på avtaleinstituttet, som det heiter, altså jordbruksforhandlingane?

– Når ein ser på resultata, så talar dei litt for seg sjølv. Det er relativt beskjeden måloppnåing om ein ser på dei måla Stortinget har sett for landbrukspolitikken. Når sjølv eit parti som Høgre snakkar om kor fortreffeleg avtaleinstituttet er, får det meg til å tenkje.

– Du er ikkje sikker på at forhandlingane tener føremålet sitt lenger?

– Det er føremålstenleg å forhandle om noko. Men bondeopprøret har vist at ein forhandlar om svært usikre talgrunnlag. Den største utfordringa er kanskje at ein berre forhandlar om ting som kan målast, vegast og teljast. Men verdien i norsk landbruk, som beredskap, sjølvforsyning og vern av kulturlandskap, levande bygder og biologisk mangfald, det kan ikkje verte målt. Det store biletet manglar.

– Så då må anten marknaden eller Stortinget styre?

– Mat er politikk. Det skulle berre mangle. Mat er politikk i alle land. I dag set Stortinget målet og lèt regjeringa forhandle fram verkemiddelbruken med næringa, som så vert banka gjennom i Stortinget. Når ein over tid har sett at ein ikkje når måla, meiner eg Stortinget bør ta eit større ansvar for gjennomføringa av politikken. Noreg er vel det einaste landet med eit avtaleinstitutt. Det kan vere at andre land har funne betre løysingar.

Folkeopprør

Nordstad er oppteken av at landbrukspolitikken ikkje er til for bøndene, men for alle oss som et maten.

– Vi treng ikkje berre eit bondeopprør, men eit folkeopprør, seier han.

– Vi treng å forstå kor viktig det er for oss å ha ein berekraftig matproduksjon. Mange trur at jordbrukspolitikk er frykteleg komplisert og orkar ikkje følgje med på det. Men dersom utviklinga held fram som i dag, med færre bønder og større bruk av importerte råvarer, er det vi som et maten, som til slutt endar med ei sårbar matforsyning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis