Utanriks

Om alle er skuldige, er det meste lov

I Israel er det eit utbreidd syn at ingen i Gaza er sivile og alle er Hamas, seier forfattar og analytikar Dahlia Scheindlin.

Tryggingsminister Itamar Ben-Gvir frå ytre høgre-partiet Otzama Yehudit (i midten) under ein konferanse om jødisk kolonisering av Gazastripa 21. oktober i fjor. No snakkar fleire statsrådar om annektering av Gaza.
Publisert Sist oppdatert

19 månader etter det store terroråtaket på Israel i 2023 er Gaza-krigen på veg inn i ein ny fase. Finansminister Bezalel Smotrich vil øydelegge Gaza totalt og fordrive befolkninga, tryggingsminister Itamar Ben-Gvir har lenge ønskt ei israelsk kolonisering av Gaza, og også forsvarsminister Israel Katz frå Likud snakkar om annektering. I første omgang skal mykje av befolkninga truleg drivast sørover mot grensa til Egypt att. Framleis er truleg meir enn 20 gissel i live i Gaza. Ifølge helsestyresmaktene til Hamas er kring 53.000 palestinarar drepne i krigen, og sympatien for Israel i verda minkar stadig.

Korleis ser alt dette ut for den liberale venstresida i Israel, som langt på veg har stått på sidelina sidan 7. oktober-åtaket? Dag og Tid valde å spørje Dahlia Scheindlin. Ho er politisk analytikar og journalist, forfattar av boka The Crooked Timber of Democracy in Israel (2023), fast spaltist i avisa Haaretz, og skriv iblant for The New York Times, The Guardian og Foreign Affairs. Scheindlin var òg med på å grunnlegge det venstreorienterte nettmagasinet +972.

Dei politiske synspunkta til folk som ho har stått svakt i Israel lenge, og vart vidare svekte av terroråtaket i 2023. Sidan da har det vore lite gehør for dei som snakkar om ei tostatsløysing, om rettane til palestinarane på Vestbreidda eller om lidingane til sivile i Gaza.

Tek dei på ordet

– I Haaretz skreiv du nyleg at målet til regjeringa med krigen no i realiteten er ei annektering av Gaza. Trur du dette er eit sannsynleg utfall?

– Vel, fleire av statsrådane i regjeringa seier rett ut at dei vil ha ei annektering. Er det alvorleg meint? Ja, det trur eg. Mange politikarar i regjeringspartia har eit fundamentalistisk perspektiv på politikken, også politikarar i Likud. Det er all grunn til å ta dei på ordet, seier Scheindlin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement