JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Når dei rike reiser

Skatteflukta får ikkje konsekvensar på kort sikt for norsk vekstkraft, men er truleg skadeleg lenger framme, trur sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjell Inge Røkke & Co reiser frå oss. Gjer det noko?

Foto: Terje Pedersen / NTB

4780
20230324

Samtalen

Harald Magnus Andreassen

sjeføkonom i SpareBank1 Markets

Aktuell

Rikingar dreg frå fedrelandet

4780
20230324

Samtalen

Harald Magnus Andreassen

sjeføkonom i SpareBank1 Markets

Aktuell

Rikingar dreg frå fedrelandet

jon@dagogtid.no

Korkje skattedebatten eller skatteflukta vil gje seg. Det hjelpte heller ikkje på temperaturen at den nyvalde leiaren for Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, på landsmøtet i helga bad Kjell Inge Røkke om «å ryka og reisa», sjølv om han alt hadde reist. Men gjer det noko for oss andre at dei rike og ikkje fullt så rike i stadig aukande mon flyttar til land som Sveits? Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i SpareBank1 Markets, som arbeider med dei verkelege rike.

– At rikingar som Røkke dreg, fører det til lægre vekst her heime?

– Eg har grudd meg til at ein journalist stiller meg det spørsmålet, for eg er usikker på svaret. På kort sikt er eg trygg på at svaret er nei. Så lenge verksemdene er her sjølv om eigarane bur i eit anna land, held aktiviteten fram. Om noko kan det faktisk verta høgre vekst, av di eigarane får så mykje lægre skatt. Dei sparte pengane kan dei investera i verksemder dei alt eig, og på den måten gje dei høgre vekstkraft.

– Men på lengre sikt?

– På lengre sikt tviler eg på at skatteflukta er bra. Når ein bur ein annan stad, vert kontaktnettet ein har, gradvis vridd i retning av der ein bur. Vert eigarane litt etter litt involverte i det lokale næringslivet der dei har flytta, vert dei mindre opptekne av å knyta til seg dyktige folk i Noreg eller finna på noko nytt og lurt her heime. Det fysiske og nasjonale har noko å seia.

– Det lokale har vel også noko å seia? Sparebank1 Volda og Ørsta tapte mykje pengar offshore etter 2014. Dei måtte henta inn 100 millionar i ny eigenkapital. Så godt som alle pengane kom frå lokalt næringsliv. Det var ikkje Oslo som berga dei.

– Det dømet er eit typisk og pedagogisk. Nærleik er ofte avgjerande. No trur eg ikkje at ein som var fødd i regionen, men hadde flytta ut, automatisk hadde sagt nei til å stilla opp med eigenkapital til sparebanken. Det er likevel slik at tid skapar distanse. Gradvis vert banda tynnare, og for arvingar av folk som før budde i Noreg og i eit lokalmiljø, vert banda nesten heilt borte. Nei, utflyttinga vi har sett, får ikkje konsekvensar for BNP i 2023, men i 2033 og 2044 vil vi sjå konsekvensar, som vi rett nok ikkje kjem til å kunna talfesta av di vi ikkje har eit alternativ å rekna på.

– Men samstundes viser forskinga eintydig at verksemder med utanlandsk eigarskap går betre enn verksemder med norsk eigarskap her heime?

– Ja, men det dømet seier ikkje noko anna enn at utlendingar er interesserte i den delen av næringslivet som går best, og der dei sjølve kan koma inn med kapital og kompetanse som gjer vekstkrafta endå betre. Utlendingar kjøper ikkje verksemder som berre går greitt. Utanlandsk eigarskap gjev høgre produktivitet og dimed høgre lønsevne. Dessutan tvingar utlendingar gjennom forbetringar i andre verksemder. Utanlandsk kapital skal vi ikkje vera redde for. Vi skal derimot vera redde for at dei som ikkje bur i Noreg, ikkje vil investera her.

– For meg er det eit paradoks at ei regjering som seier ho er særs oppteken av norsk eigarskap, innfører ein sterk auke i utbyte- og formuesskatt som berre råkar nordmenn busette i Noreg og ikkje nokon i utlandet?

– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor Senterpartiet er med på dette. Eg trur ikkje at Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, om dei sat åleine i regjering, hadde kome på å skatta dei rikaste ut av landet. Dei hadde nok som alle andre som hamnar i regjering, innsett at skattesystemet alltid kan verta betre, og ja, eg trur at auka grunnrenteskatt på vasskraft og ein skatt på laks hadde kome i alle høve, men ikkje auken i formues- og utbyteskatt, som råkar næringsliv som Sp seier dei vil verna.

– På meg verkar det som det har oppstått ei stemning mellom eigarar om at dei er viljuge til å betala høgre skatt på overskot i byte mot at formuesskatten forsvinn og utbyteskatten vert redusert?

– Det er nok ein del som tenkjer i den retning. Vi såg også at eit mindretal i skatteutvalet som leverte utgreiinga si før jol, ville gå i den retninga. Noreg ligg no i den lægre delen internasjonalt med ein så låg overskotsskatt som 22 prosent. Storbritannia som har lege lågt, auka no overskotsskatten til 25 prosent. Eg personleg er for ein litt høgre skatt på overskot i byte mot lægre på formue og utbyte, men vi bør passa oss for å skattleggja lønsinntekt og kapital veldig ulikt, elles får vi skattetilpassing. Ein annan fordel ved å auka skatten på overskot og redusera han på kapital elles, er at det vert eit likare skatteregime mellom nordmenn og utlendingar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis