JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FiktivtSamfunn

Knut Rygh, han trur så fast på Borg

For å berga si eiga tru sat soknepresten i halvtanna år og omsette eit verk av teologen Marcus J. Borg. Boka har sidan prega andre norske prestar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sokneprest Knut Rygh.

Sokneprest Knut Rygh.

Foto: Håvard Rem

Sokneprest Knut Rygh.

Sokneprest Knut Rygh.

Foto: Håvard Rem

13277
20190927

Kva trur prestane? Del 2

Dag og Tid har samtala med prestar i Den norske kyrkja om dei sentrale trusspørsmåla slik dei kjem til uttrykk i liturgien og truvedkjenninga

Førre veke: Folkekyrkja i eit trusskifte

Denne veka: Knut Rygh frå Halden, sokneprest i Sagene og Iladalen kyrkjelyd

Neste veke: Marte Holm Simonsen frå Hamar, teologistudent og vikarprest i Løten kyrkjelyd

Prestetru

havard@dagogtid.no

– Når du dreg på åra, byrjar du å spørja deg sjølv om dauden, ikkje sant?

Den rake pucken kjem frå ein høg, langhåra kar etter sundagsgudstenesta i Sagene kyrkje. Eg er der for å prata med presten, som no helsar på kyrkjelyden etter preika. Så kven er han som så direkte peikar på eit motiv bak serien der eg spør lutherske prestar – ikkje om oljeboring i nord, men om arvesynd, etterliv og truvedkjenning?

Jau, det er ikkje presten, men soknepresten. Knut Rygh er sokneprest i Sagene og Iladalen kyrkjelyd nord i Oslo. Hovudkyrkja i soknet er Sagene kyrkje, kjend som Nordkantkatedralen.

Korleis svara eg på spørsmålet? Med å be om ein samtale med Rygh òg. Han svara ja ved å stikka ei bok i handa mi, ei tjukk teologisk bok som han sjølv, på eige initiativ, utan løn og forlagskontrakt, byrja å omsetja til norsk, for å kunna halda fram i jobben sin.

Biskopstønad

Me avtalar å møtast på kontoret hans i ei bortgøymd funkisperle av eit kyrkjebygg, Iladalen kyrkje, eller Ilakyrkja, som ligg ved ein sideveg drygt hundre meter frå Akerselva i Oslo. 

Knut Rygh har vorte samlingsfigur for ei teologisk nyorientering i delar av Den norske kyrkja dei siste åra. Drivkrafta har vore like personleg som spørsmålet han stilte meg.

– Eg har ein angst. Å enda som ein prest som ikkje trur. Difor har eg bora i teologien. For å finna nya haldepunkt for trua mi.

Boringa førte han til Marcus J. Borg (1942­–2015), amerikansk teolog, framståande forskar på den historiske Jesus og forfattar av teologiske verk, mellom anna Speaking Christian (2011) som i Ryghs omsetjing heiter Gjenoppdag kristendommen (2017). Borg meiner at dei sentrale omgrepa i kristendomen er mistydde. Med dei sentrale omgrepa siktar han til det same som spørsmåla i denne serien, til sakramentliturgi og truvedkjenning. Og kva er ifylgje Borg og Rygh årsak til mistydingane? To ting: 1) ei bokstavleg lesing av Bibelen og 2) himmel og helvete som hovudramme for ei forståing av omgrepa og trua.

Borg argumenterer for at Bibelen ikkje skal lesast bokstavleg, men metaforisk og historisk, og for at kristendomen ikkje handlar om etterlivet og dei to utgangane. Utgjevinga vekte oppsikt, harme og entusiasme. Ho fylte framsida i Klassekampen. Kritikk vart reist, støtte kom òg. Ikkje minst gledde det soknepresten at han fekk støtte frå ein bymisjonsprest, Kari Veiteberg, som like etter boklanseringa vart biskopen hans.

Arvesynda

På grunn av arvesynda høyrde den nyfødde ikkje til Gud, men vart omvend i dåpen. Eit slikt syn er svekt i den nye dåpsliturgien. Før 2017 heitte det: «Dei er fødde med menneskeslekta si synd og skuld.» Etter 2017 heiter det: «I dåpen tek Gud imot oss.»

– Trur du på arvesynda?

– Nei. Di djupare ein grev i mennesket, di ljosare vert det. Djupast i oss finn du ikkje Gamle-Erik, men Kristus.

– Er det dine ord?

– Ja. Og då eg sa dei offentleg i 2010, vart det sendt klage til dåverande Oslo-biskop Ole Christan Kvarme. Men han kalla meg ikkje inn til samtale. Det må ha vore innanfor.

– Korleis ser du då på arvesynddogmet?

– For meg er det ei arvesynd at eg oppfattar meg sjølv som sentrum i tilværet. Den institusjonaliserte egosentrismen er ei arvesynd. Me må dekoda kva som er sentrum. Eg er for oppteken av kva som er mitt. Sist sundag tok eg med meg ein stein i kyrkja. Steinen fann eg i Bohuslän. Er denne steinen min, spurde eg forsamlinga. Når steinen er 900 millionar år gamal, medan eg er 52 år, kan eg då seia at steinen er min?

– Utan tradisjonell arvesynd vert ikkje dåp og nauddåp lenger like naudsynt?

– Nei, det me gjer i kyrkja, gjer me ikkje for Guds skuld, men for vår eiga skuld. Dåpen synleggjer eit nærvær som alt er der.

Himmelferda

Truvedkjenninga: «fór opp til himmelen». Himmelferda har frå gamalt av vore sett på som ei fysisk ferd.

– Trur du på himmelferda?

– Ja og nei. Eg trur at Jesus vart Kristus. Eg trur at han fullbyrda inkarnasjonen, at han fullt ut vart menneske. Han gav seg til menneska og vart ein del av jorda. Han fór ikkje til ein himmel der oppe. Han vart inkarnert i djupet.

– Meiner du då det djupet i mennesket som du nemnde i spørsmålet om arvesynda?

– Ja. Og eg kjem nok attende til det djupet i andre spørsmål òg.

– Er Jesus Guds son?

– Ja. I Jesus ser me det me kan sjå av Gud i eit menneske – den avgjerande openberringa av Guds grunnkarakter og lidenskap. I tidleg kristen tid var «Guds son» ein keisarleg tittel òg, ein arv frå keisar Augustus, som etter tradisjonen var fødd av ei jomfru. Andre keisartitlar var Herre og Verdsfrelsar som kom med fred, pax romana. Som eit motsvar til romersk keisarteologi nytta kristne slike titlar om Jesus. Å vedkjenna at Jesus var Guds son, var ei antiimperialistisk utsegn, og eit ynske om å organisera eit samfunn der herren var tenar og eigedom felles. Det trur eg er grunnleggjande for å skjøna kva kristendomen opphavleg handla om – og kan handla om for oss i dag. 

 Atterkoma

Truvedkjenninga: «skal koma att derifrå». Jesu atterkome frå himmelen til jorda i dei siste tider har vore ei sentral førestilling i kristendomen og i delar av islam.

– Trur du på atterkoma?

Rygh siterer frå Herrens bøn, fadervår, i Matteus 6: «Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.» Han spør:

– Kvar er himmelen? Kvar kjem han attende frå? Himmelen er i djupet. Kristus er ikkje i etterlivet, men der Gud vert synleg for meg.

– Tenkjer du på Lukas 17,21, som vert omsett med både «himmelriket er inni dykk» og «himmelriket er midt iblant dykk»?

– Eg tenkjer at himmelen er i djupet av oss, i djupet av naturen. Eg hadde ein gong eit syn. Eg såg til botnar i meg sjølv, og der såg eg eit andlet bak ei hinne, som i ein spegel, og det var andletet til Kristus.

Synet liknar ikonet som står framme på kontoret hans. I tillegg til dei tre heilage personane i ikonet var det opphavleg ein spegel i krinsen, slik at dei som studerte ikonet, fekk sjå seg sjølve som ein fjerde person i treeininga.

– Om eg trur på atterkoma? Eg trur ikkje på Harmageddon. Eg har inkje å vera redd for. Eg har ikkje angst. Det Gud vil, er det eg djupast vil.

Han les eit dikt høgt:

Mine djupaste lengslar
er Gud sine lengslar
hjå meg

Mine djupaste tankar
er Gud sine tankar
hjå meg

– Kven siterer du no?

– Eg har skrive det sjølv. Eg har skrive melodi til det òg.

Domedag

Truvedkjenninga: «og døma levande og døde». Førestillinga om domedag finst i dennesidige og hisidige, i ytre og indre versjonar, frå Guds trone til Ibsens «å holde dommedag over seg selv».

– Trur du på domedag?

– Domen må me vona kjem. Rettferda må me tru skal sigra. Men me veit sjølvsagt ikkje korleis domen vil gå føre seg.

– Korleis ser du det føre deg?

– Eg skreiv ein gong ei universitetsoppgåve der eg samanlikna nær dauden-opplevingar med frelsesopplevingane til nyomvende. Dei hadde mykje sams. Dei som hadde vore på terskelen til dauden, og dei som hadde hatt ei frelses­oppleving, opplevde båe at dei såg livet sitt frå ein annan ståstad enn den vanlege. Jøss, var det sånn det var, tenkte dei. Dei opplevde at dei vart sette, og at dei såg feila dei hadde gjort i livet, og det kan vera vondt, men blikket som såg dei, og som dei no såg seg sjølve med, var eit kjærleg blikk.

– Nåde?

– Nåde.

– Ein kollega av deg fortalde meg at domedag ikkje skil gode og vonde menneske, men det gode og vonde i det einskilde mennesket.

– Amen.

Oppstoda

Truvedkjenninga: «oppstoda av lekamen». Den kroppslege oppstoda til Kristus og dei truande heng saman i tradisjonell lære.

– Trur du på oppstoda til Jesus? 

– Ja. Det hjelper meg å skilja mellom Jesus før og etter påske. Før påske var Jesus eit historisk menneske, som ein av oss, avgrensa til ein stad og ei tid, med ein hårfarge, med ein kropp som laut eta, drikka og sova. Jesus før påske er daud, og oppstoda handlar ikkje om å føra han tilbake til eit liv slik vi kjenner det her. For å setja det på spissen: Etter påske treng ikkje Jesus, den oppstadne, å lata vatnet. 

– Trur du på oppstoda av lekamen?

– Me skjønar ikkje det som står i Paulus’ fyrste brev til korintarane 15: «Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp.» Skal kjernen i meg halda fram med å leva? Ja, det trur eg. Slik frøet som vert sådd, vert eit tre.

­­– Kva er kjernen? Er det atoma?

­– Me veit ikkje. Men trua på oppstoda av lekamen syner kor viktig kroppen har vore i kristendomen. At trua ikkje har vore så abstrakt og kroppsframand som mange har meint. Trua fortel oss at det røynlege ikkje er ein annan stad. Det er her. Kroppen og jorda er ikkje ei skuggeverd som hjå Platon.

Etterlivet

Truvedkjenninga: «og evig liv». Førestillinga om eit æveleg liv for det einskilde menneske kom seint i jødedomen, men har vorte dess viktigare i kristendomen og islam.

– Trur du på livet etter dauden, eller etterlivet, som mange no seier, som i det engelske afterlife?

– Eg døyr i Gud.

– Kven har du det etter?

– Det seier eg med Marcus J. Borg. Men kva det vil seia, er vonlaust å setja ord på.

– Gjev du etterlatne von om at dei får sjå att ein nær ven eller slektning som nett er daud?

– Eg kan ikkje fortelja dei at det ikkje er slik. Men eg forkynner det ikkje aktivt til dei som ikkje spør om det. Æva er med meg no. Av jord er du komen, heiter det. Atoma i kroppen fer andre stader.

­– Går medvitet opp i altet slik kroppen går opp i jorda, tenkjer du?

– Eg trur det er noko bakanfor. Ljoset er der. Me finn vegen heim. Me vert hegna om. Når bikkja mi døyr, vert ho hegna om, ho òg.

­– Kva vert då di rolle som prest?

– Å laga ein arena for undring. No er me attende til arvesyndomgrepet. Eget står i sentrum for tilhøvet vårt til æva òg. Har me eg-medvit etter dauden? Ingen veit. Ein prest skal ikkje meina så mykje om etterlivet. Difor held det for meg å lesa tekstar frå gravferdsliturgien.

– Kva seier du til døyande eller pårørande som trur på Gud, men ikkje på eit individuelt etterliv?

– Då seier eg: No har du valt denne ramma og desse ritane om livsovergangen. Ramma du har valt, er verdig. Og når du har valt henne, har du valt visse grunnpremiss.

Helvetet

– Trur du på helvetet?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men å ha angst for dauden er legitimt.

– Finst Gud utanfor mennesket? 

– Ja. Men ein kan ikkje putta Gud i lomma og seia: Ok, no har eg deg, Gud, der er du. For meg er Gud eit heilagt nærvær i meg og kring meg, ikkje eit overnaturleg vesen åtskilt frå universet, som i teismen. Eg har heller ikkje ei panteistisk tilnærming: Alt er Gud. Betre er ei panenteistisk tilnærming: Alt er i Gud.

Himmelen

– Trur du på himmelen?

– Eg trur på trusførestillingar som gjev livskraft. Di meir eg seier om det, di verre vert det.

Svara til Rygh stadfestar at dei tradisjonelt kristne førestillingane om ein fysisk kosmologi, med oppe og nede, himmel og helvete, er sterkt svekte hjå mange prestar i dag. Men i kyrkjesoga har slike førestillingar heller aldri rådd grunnen åleine, men gjennom hundreåra vorte utfordra av kristne mystikarar og diktarar.

Strid og semje

Utgjevinga av Borg-boka var ikkje fyrste gong Rygh skapte strid. Han ynskte å verta misjonær og studerte teologi ved den konservative Misjonshøgskulen i Stavanger, men vart kalla inn på kontoret til dekanus og fekk beskjed om å slutta og snakka med dei yngre studentane, for dekanus kjende att spørsmåla hans i dei, og vart redd for spørsmåla. Då vart det for trongt for Rygh, som i staden avslutta studia i Oslo. I den fyrste prestejobben i Bryn i Bærum fekk han ein avtale om at han kunne slutta på dagen dersom han kjende at han gjekk på akkord med seg sjølv i spørsmål om den doble utgangen og homofili.

– Men det gjorde eg ikkje, og etter ein lang ordinasjonssamtale med Odd Bondevik, som kjende meg godt frå tida på Misjonshøgskulen, men som no hadde vorte biskop i Møre, vart eg ordinert til presteteneste i Kristiansund. Me vart samde om at preikestolen var kyrkja sin stol og ikkje min.

Trua på ein overlegen og misjonerande kristendom mista han tidleg i tjueåra då han la ut på ei togferd frå Stavanger som enda i Kina og Indonesia.

– Eg vart forma av den reisa. Eg røynde at trua på helvete hadde vore motivasjonen min for å vilja verta misjonær, så eg måtte redefinera det meste. Eg røynde kor feil det var at ein umogen og einøygd 23-åring skulle gå bort til en nitti år gamal buddhistmunk, dunka han på skuldra og seia: «Hei, Jesus er svaret.» Det vart for lett og arrogant.

Å gjera seg sjølv, og sidan Kristen-Noreg, kjend med Marcus J. Borg, handla for Knut Rygh ikkje om å vinna ein debatt, men om å berga trua og livsvalet.

–?Eg fekk ut boka og er nøgd med det. Det får halda. Fyrst og fremst er eg lokalprest.

Men eit frø vart nok sådd. Seinare skal eg møta prestar frå ein annan generasjon, heilt unge prestar, som nyttar både Rygh og Borg som referansar i svara sine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­­­– Me finn vegen heim. Me vert hegna om. Når bikkja mi døyr, vert ho hegna om, ho òg.

– Ein prest skal ikkje meina så mykje om etterlivet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis