JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Livet i ein framand by og i ein framand bustad

Kan krig vere ei tid for sjølvutvikling, for sjølvutdanning? Sjølvsagt kan det vere slik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Friviljuge frå Den transkarpatiske gastronomiske bataljonen laga mat til flyktningar i Uzjhorod 2. mai.

Foto: Serhii Hudak / Reuters / NTB

12788
20220513

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

I snart to månader har vi budd i husværet til nokon andre. I løpet av denne tida har det blitt så å seie heimleg for oss. Eg veit kvar eg finn ein middels stor kasserolle og pilaffkrydder på kjøkenet. Eg veit kvar strykejernet er, og kvar strykestativet er gøymt. Eg veit kvar vertinna har reine badehandkle.

Eg veit òg korleis fleire utsal i den lokale basaren ser ut, og eg veit av ein mann som sel dårlege poteter. Eg spurde han to gonger: Er potetene gode? Han forsikra meg begge gongene om at potetene var framifrå. Men halvparten laut kastast – inni var dei svarte, ròtne. Han selde dei innpakka i tette posar på to kilo. Det er slik alle handelsmenn gjer. Eg kjøper ikkje fleire poteter av han, men eg helsar på han når eg går gjennom basaren.

I løpet av opphaldet her har eg alt talt 15 kjentfolk som førebels har slått seg ned i nærleiken av oss. «Nærleiken» vil ikkje seie ved sida av. Her i Transkarpatia er det slik at om nokon bur 50 kilometer unna oss, er det i nærleiken, det vil seie på denne, vestlege, sida av den ukrainske delen av Karpatane.

60 kilometer frå oss, i eit romsleg husvære i eit hus med to høgder i byen Berehove, har nære vener av oss frå Kyiv budd i to månader no – enka Irina etter den første forleggjaren min, saman med dottera Alena, barnebarnet Artem og tre andre kjende. Dei betaler ikkje leige. Dei oppfører seg korrekt, det vil seie i samsvar med reglane for flyktningar og migrantar.

Dei vart offentleg registrerte som «fordrivne personar» og fekk dokument som stadfesta dette, og med desse dokumenta kan ein få humanitær hjelp.

Det finst fleire humanitære senter i Beregovo. Alle har sine eigne ordningar, og ingen veit nøyaktig kvar og når og kva slags hjelp som vert gjeven. Mange migrantar går jamleg frå det eine senteret til det andre, og om dei ser ein kø, sluttar dei seg straks til han. For dette inneber at det er hjelp å få.

Mat blir delt ut til ulike tider. Da maten kom til faste tidspunkt, nekta Irina, enka etter forleggjaren min, å stille seg i kø. «Eg ser for velfødd ut», sa ho. «Eg skjemst!» Og ho bad dottera Alena om å gå og hente det dei delte ut. Vanlegvis var det solsikkeolje, fiskehermetikk, bokkveite og andre kornprodukt.

Alena går gjerne etter hjelp. Ho set pris på kontakten med andre i køen. Sist stod ho i kø i ein time for å få ein kartong med hygieneprodukt. Ho hadde med seg heim tolv rullar toalettpapir, ti såpestykke, tre kilo vaskemiddel, fem tannbørstar, tre tannkremtubar og fem barberhøvlar. Alt var pakka i ein kartong med påskrifta «hygienesett for ein familie på 5 for 1 månad». Det var òg gjort tydeleg at pakka var frå den austerrikske Raudekrossen.

Ikkje langt frå staden der dei gjev hygienisk hjelp, er det utdeling av ferskt, varmt brød som ein får utan å vise flyktningdokument. Eit stykke unna er det to rom med gratis klede som er samla inn av innbyggjarane i byen og omliggjande landsbyar. Der kan ein straks skifte til klede etter eige val. Problemet er berre at det ikkje finst «humanitære» sko. Men flyktningar og migrantar kom ikkje berrføtte hit.

Svært ofte står eldre kvinner og bestemødrer i kø for å få humanitær hjelp. Dei likar òg å prate saman og spørje om kven som flykta frå kor, og kva laut dei vere att heime? Stort sett er dette «urbane» bestemødrer. Dei ser godt ut.

«Rurale» bestemødrer er lette å kjenne att på kleda og ganglaget. I tillegg til det vanlege arbeidet har dei heile livet vore nøydde til å arbeide i hagen sin. Det har gått ut over fysikken, og dei har alltid større problem med ryggen. Ofte går dei litt lutande på grunn av isjias.

I går, etter at eg hadde lese siste nytt, ønskte eg å presentere to eldre ukrainske kvinner for kvarandre. Det kunne eg ikkje, men eg kan i alle fall skrive om dette ønsket mitt og om desse to bestemødrene som forbausa meg. Ei av dei, 85 år og frå landsbyen Gorenka, som ein kan ta trikken til frå sentrum av Kyiv, baka paskas – påskekaker – kvar dag i ein delvis øydelagd gamal omn som pla vere nytta til baking og oppvarming av huset hennar.

Huset var smadra av russisk artilleri, men omnen hadde overlevd, på eit vis. Ein kan framleis lage mat på han, men det er korkje vegger eller tak rundt han. Og denne bestemora, som no bur i ruinane, baka bortimot eit dusin paskas i denne omnen, og eg trur ho tok dei med til kyrkja for å få dei signa.

Den andre bestemora, ein 80 år gamal pensjonist frå Vinnitsa, Nadezjda Radionova, var heldigare. Ho bur framleis i det uskadde husværet sitt. Men, kan hende under påverknad frå barnebarnet sitt som driv profesjonelt med tatovering, bestemde ho seg for å få ei patriotisk tatovering på leggen: det ukrainske våpenskjoldet er ein trefork, og symbolet for Ukraina er kveiteaks.

Å velje ei tatovering for ein vaksen er ein alvorleg affære. Særleg om tatoveringa er på ein synleg plass. Og under den russiske aggresjonen kan ei patriotisk tatovering koste liv. Det russiske militæret kler ofte av menn for å sjekke om det har patriotiske tatoveringar. Det gjer dei kvar som helst, særleg ved sjekkpunkt.

Om dei finn slike, vert eigarane straks oppfatta som «nazistar» eller «fascistar» og tekne med til avhøyr. Russarar har tvinga ukrainske krigsfangar til å slette ut patriotiske tatoveringar saman med hud, med steinar. Blant døde ukrainarar som er funne, er det mange som har fått skore vekk tatoveringar saman med hud og kjøt.

Dersom bestemor Nadezjda Radionova hamnar i hendene på det russiske militæret med den nye tatoveringa si, vil ikkje ho heller finne nåde. Russarar skjønar ikkje og vil ikkje godta patriotisme hos andre. Dei set framleis tatoveringar av Stalin og Putin høgt.

Det hadde kan hende vore rimeleg om bestemora med tatoveringa hadde invitert den andre bestemora, som sit der med omnen sin i friluft, heim til seg for ei stund. Men eg skjønar kva band til eigen heim vil seie, sjølv om huset er øydelagt og omnen så vidt brukande.

Omnen er hjartet i ein tradisjonell ukrainsk heim. Born søv vanlegvis ved omnen som bestemora frå Gorenka baka paska i, fordi det er den varmaste staden i huset. Eg kan førestille meg tankane til denne bestemora. Ho meiner truleg at hovudsaka er at omnen nesten overlevde. Huset kring han og taket over han kan byggjast opp att.

I ukrainsk språk og tradisjon er «opprydding» eit ord. Det tyder «gratis friviljug arbeid av mange til beste for fellesskapen eller til nytte for ein bestemt person eller familie». Naboar og andre i landsbyen hjelper til vanleg til med å byggje eit nytt hus til dei som har mista sitt hus i brann. Dei hjelper einslege eldre med å hauste i hagen. Eg trur at etter krigen vil dei gå saman om å hjelpe dei som er huslause i den same landsbyen.

For ikkje så lenge sidan vart eit nytt ord med mange meiningar lagt til omgrepet «opprydding» – nemleg «friviljug», nokon som gjer noko av eigen fri vilje og utan betaling. Dette uttrykket er meir internasjonalt. Familien til syskenbarnet mitt, Kostja, drog som friviljuge for å rydde opp i ruinane i Butsja etter at den russiske armeen hadde trekt seg attende. Dei køyrde dit i bilane sine, reinska opp i gatene frå morgon til kveld, samla saman murbitar av hus, og gjorde militæret merksame på kvar dei fann udetonerte bomber og granatar.

Dette hadde ikkje vore mogleg utan friviljuge. Armeen er ved fronten, og kampgruppene som forsvarer Kyiv og andre byar, kan ikkje samstundes reparere øydelagde landsbyar og bruer. Dette blir gjort av friviljuge. Og der er årsaka til at det russiske militæret hatar friviljuge så sterkt.

Friviljuge bringar òg humanitær hjelp til innbyggjarar i byar og landsbyar ved frontlina som er etterlatne utan forsyningar. Friviljuge freistar evakuere folk frå dei okkuperte territoria, med fare for eige liv. Meir enn éin friviljug er blitt drepen av det russiske militæret eller har døydd av granatar frå artilleri og stridsvogner. Men dei held likevel fram med arbeidet, i trua på at utan deira hjelp vil det ikkje bli nokon siger, og utan deira hjelp vert ikkje dei som kan bergast, berga.

Ved eit tilfelle, eller snarare på grunn av eit fotografi teke av Christopher Okkichene for Wall Street Journal, vart jenta Nastja frå byen Irpin ein av dei mest berømte ukrainske friviljuge. Ho tok med seg eit og eit halvt dusin funksjonshemma hundar frå ein forstad til Kyiv som var bomba av russarane.

Men tusenvis av friviljuge som hjelper flyktningar og dei militære, er ukjende, og ønskjer å bli verane ukjende. Nastja ville forresten heller ikkje bli namngjeten, ho gav ikkje eingong etternamnet sitt til journalistane, og ikkje fortalde ho kvar ho tok vegen med dei funksjonshemma hundane heller.

I Vest-Ukraina, der familien min og eg bur førebels, er friviljugrørsla også vel utvikla, men har eit anna preg. Det er mange flyktningar frå andre regionar, mange kvinner med born. Somme bur gratis i skular og internat, andre leiger rom og bustader.

For å kunne betale for seg lyt ein ha eit arbeid ein eller annan stad, men det er få jobbar i Transkarpatia, Bukovina og Lviv-regionen. Det er bra at det finst gratis kantinar og kafear, det er bra at det finst senter for humanitær hjelp på alle større stader, men det er psykologisk vanskeleg å leve i ein framand region utan arbeid. Sjølv om lokale friviljuge hjelper til med klede, mat og pengar.

For å halde både vaksne flyktningar og borna deira i aktivitet organiserer dei friviljuge fleire typar kurs, frå sykurs til teater- og animasjonskurs. Mange stader er det gratis kurs i framandspråk. Venene mine frå Kyiv, Alena og dei nye flyktningvenene hennar som no bur i Beregovo, ein by på grensa til Ungarn, har meldt seg på kurs i ungarsk. Kvar leksjon varar tre timar, og alle dei som har skrive seg på, studerer som om dei skulle gå opp til eksamen.

– Kva er namnet til læraren, spurde eg henne da ho forlét universitetsbygningen klokka åtte om kvelden.

Eg venta å få høyre eit ungarsk namn som svar, for det er mange etniske ungararar i denne byen.

– Angelica, svara Alena.

– Korleis underviser ho? Smiler ho til dykk, spurde eg.

– Ho orkar ikkje smile. Ho har tre grupper per dag, kvar i tre timar, og arbeider hardt.

Alena har alt eit favorittuttrykk på ungarsk. Jó reggelt kivanok! «God morgon!» Det høyrest litt snodig ut for ukrainarar, for det minner om orda «piggsvin under sofaen».

Ungarsklæraren Angelica kan seiast å vere friviljug. Ho har betaling for arbeidet, men arbeider mykje meir enn ho treng. Ho står på i ti–tolv timar kvar dag for å lære flyktningar ungarsk. Det er hennar bidrag til livet i det ukrainske samfunnet, til den psykologiske stabiliteten i det.

Kan krig vere ei tid for sjølvutvikling, for sjølvutdanning? Sjølvsagt kan det vere slik. Utan omsyn til alder og situasjon, til og med i ein krigssituasjon, kan og burde ein oppdage nye aspekt ved livet, ny kunnskap, nye sjansar. Ein kan lære å lage pasta, ein kan få ei tatovering for første gong i livet i ein alder av 80, ein kan byrje å lære ungarsk eller polsk. Ein kan til og med ta til å lære ukrainsk om ein ikkje kan det frå før og alltid har snakka russisk.

No er det sett i gang mange gratiskurs i ukrainsk i Vest-Ukraina, og mange flyktningar frå den austlege delen av Ukraina, der russisk er det dominerande språket, har vore ivrige etter å lære seg ukrainsk. No skjønar dei betre at det kan vere farleg berre å kunne russisk.

Putin kan kome og «verne» dei som russisktalande. Han kan kommandere den russiske armeen til ikkje berre å «verne» dei russisktalande personleg, men også «setje dei fri» frå huset eller bustaden deira, frå det tidlegare lukkelege livet deira. Språk er viktig, særleg dersom livet brått er avhengig av kva språk ein snakkar.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Russarar skjønar ikkje og vil ikkje godta patriotisme hos andre.

Dersom bestemor Nadezjda Radionova hamnar i hendene på det russiske militæret med den nye tatoveringa si, vil ikkje ho heller finne nåde.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis