JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Vesker

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1934
20221021
1934
20221021

– Når kjøpte du veska di, mamma?

Eg har fått spørsmålet mange gongar før, og no skal også de få svaret. For den veska eg nyttar oftast, kjøpte eg i 1995, då eg var 17 år og var så heldig å ha fått jobb i ein kjedebutikk som selde vesker, koffertar, paraplyar, lommebøker, toalettmapper og slikt. Det var ein typisk midtsjiktbutikk, som ikkje selde designvesker, men heller ikkje plastvesker som går sund så snart du opnar glidelåsen. Det var her eg lærte å elske lukta av lêr, og skilje godt materiale frå dårleg. Dei dyraste veskene stilte vi fram på dei øvste hyllene. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har stilt meg opp på ein krakk, teke ned ei duftande veske og opna rom for rom for å vise kor nyttig ei slik veske ville vere for kunden.

Sjølv forelska eg meg i ei lita brun skinnveske, heilt firkanta, med fire rom og messingfarga spenne. Ho kosta 1200 kroner, og fordi eg jobba der, fekk eg 30 prosent rabatt. Eg syntest det var mykje pengar. Kvar gong eg kom på jobb, snudde eg og vende på veska, lurte på om ho var verd det. Til slutt drog eg kortet, og veska var mi.

I fleire år hang veska i eit hjørne i skapet, lite brukt. Så henta eg ho fram att. Ho romma akkurat ein stor mobiltelefon, betalingskort og nøklar. Eg bruker ho nesten kvar dag, og igjen og igjen spør dottera mi kor ho kjem frå, kva ho kosta. Kvifor jobbar eg ikkje i den butikken lenger?

Også dottera mi har ei lita, brun skinnveske.

– Kor kjem ho frå, mamma, spør ho.

Og då må eg fortelje ho, som sant er, at den veska kjøpte farmora mi og farfaren min til systera mi i 1970-åra, som ein suvenir til det eldste barnebarnet sitt, då dei var på ferietur i Spania.

– Kor mykje kosta ho, spør ho, men eg kan ikkje svare.

Så går vi der, med kvar vår veske. Mi eldre enn henne. Hennar kanskje eldre enn meg. Kva betalte eit norsk ektepar for ei skinnveske i Spania i 70-åra? Kva tenkte dei når dei kjøpte ho? Eg skulle gjerne spurt nokon.

JORD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis