JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Baklengs

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1929
20231020
1929
20231020

Det fyrste eg gjer når eg får Dag og Tid i nevane, er å snu avisa og ta føre meg baksida. Eg byrjar med steingrunnen, deretter ser eg kva dei tre favorittane handlar om.

Eg trur det er noko menneskeleg i å vilja byrja med slutten.Så snart ein lærer å skriva namnet sitt, lærer ein å seia det baklengs. Det neste ein lærer, er at Agnes i senga vert Agnes i senga baklengs. Så lærer du nokre ord til som vert like baklengs, som reker og regninger, men det stoppar der.

Det skal gå mange år, du skal verta vaksen før du lærer at ord og setningar som vert like begge vegar, har eit namn: palindrom. Og det er ikkje noko berre born bryr seg om. Du googlar ordet, kjem inn på ei wikipediaside og er underhalden ein heil kveld.

Eit av dei lengste enkeltpalindroma me har i det norske språket, er stivkukvits. Eit samansett ord i tre delar, elleve bokstavar som gjev det same innhaldet både fram- og baklengs. Ein stivkukvits er og blir ein stivkukvits. Og me kjenner vel alle til ein slik ein?

Verdas lengste enkeltpalindrom er på finsk. Saippuakivikauppias betyr «såpeseljar». Kanskje langt, men på langt nær så saftig som stivkukvits, spør du meg. Det er ein sikker frekkis.

Så lenge ein forkler noko i å vera eit språkeleg verkemiddel, kan ein skriva nesten kva som helst.

Dra hard?

Lek noe rart, rare onkel!

Du har bra hud.

Vil du avansera Agnes i senga litt, kan du seia Agnes irettesetter i senga.

Er en ny Trump-mur tynnere?

Palindrom finst sjølvsagt ikkje berre på norsk. På engelsk har dei så mange streite og meiningsberande palindrom at det nesten er litt keisamt, som Madam, I’m Adam og Sir, I’m Iris. Den engelske favoritten min må vera Was it a car or a cat I saw?

Svenske Ni talar bra latin er òg god.

Visstnok skal Johannes Gjerdåker (1936–2020) ha kome opp med dette palindromen på nynorsk: Kari i vernelag var rett etter ravgalen rev i Irak.

Du las det fyrst i Dag og Tid, men ikkje på baksida.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis