JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ArbeidSamfunn

Lektoren er ikkje det han eingong var

I 1977 tente ein lektor nesten dobbelt så mykje som gjennomsnitts­nordmannen. 30 år seinare hadde lektorane vorte gjennomsnittlege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gisle Straume i rolla som lektor Tørdal i den første Stompa og Co-filmen.

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

11203
20220617

Bakgrunn

I 1978 tente ein lektor 51.000 2022-kroner per månad.

Ein lektor tener omtrent det same i dag.

Frå 1978 til 1998 gjekk lektorane gjennom ein radikal lønsnedgang.

Lektorløn

jon@dagogtid.no

Lektor, det var svære saker i tiåra etter krigen. Dei budde i fine hus med stor hage. Nokre av dei skreiv til og med kloke kronikkar i Aftenposten og Dagbladet, og gav førelesingar, både i radio og etter kvart på fjernsyn. Dei var portvaktarane som avgjorde framtida og vegen vidare til dei som var flinke nok til å gå på gymnaset. Vi stod i age for lektoren.

Slik er det ikkje lenger. Visste du at lektorane no er i streik? Truleg ikkje. Sidan eksamen på vidaregåande er avlyst for tredje året på rad, har dei ikkje noko å retta, og knapt elevar å møta, sidan standpunktkarakterane er utdelte og fråværsgrensa er sett til side. Ein lektor i streik i juni 2022 er ein som streikar for tomme tribunar.

No er det rett nok berre nokre lektorar her og der i streik. Det er til hausten den verkelege streiken skal byrja, det er då vi skal oppdaga kor sårt vi saknar den gamle lektoren.

Lektor og lektor

Men fyrst: Kva er ein lektor? Svaret på det vert snart alt og alle. Før var det enklare: Ein lektor hadde embetseksamen. Han eller ho kvalifiserte seg til dei høgste embeta i landet. Ein lektor hadde ei fireårig cand.mag.-grad frå eit av dei gamle universiteta, og på toppen av dette kom det toårige hovudfaget, som ofte varte både fire og fem år. Ved sida av embetseksamen hadde desse eit kort sumarkurs som var kalla pedagogisk seminar. Då var ein kvalifisert for fast stilling.

Så fann pedagogane ut at dei hadde for lite å gjera, og dei gamle lektorane kunne for lite pedagogikk. Dei fekk tvinga gjennom noko dei kalla praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette kom etter at lektorane alt var deklasserte. PPU var eittårig. Då oppstod ein ny tittel, lektor med opprykk, som elles underskrivne ei tid hadde. Desse hadde sju år høgre utdanning.

Kvalitetsreforma

Deretter kom kvalitetsreforma, med treårig bachelorgrad og temårig mastergrad. Masterane vart også kvalifiserte til å kalla seg lektor, men dei måtte gjennom PPU for å ha rett til fast stilling i skuleverket. For nokre år sidan vart pedagogikken integrert i eit eige lektorprogram, som vart femårig. Dei som gjekk her, vart også lektorar. Og så auka Torbjørn Røe Isaksen lærarutdanninga til fem år. Også her vert ein lektor.

Ja, de har lese rett. Alle som går ut i frå ei eller anna meir eller mindre relevant lærarutdanning, har no rett til å kalla seg lektor, både dei som kjem frå lærarskulane, og dei som kjem frå universiteta. I nokre år var det òg slik at ein kunne kvalifisera seg til lektorgrada om ein hadde ein bachelorgrad og eitt års fordjuping i eit fag, eller 60 studiepoeng pluss PPU. Denne ordninga vart rett nok raskt avvikla, men det er folk i Noreg som har tittelen lektor utan å ha ein master eller eit hovudfag. Fem år er nok.

Mest lik

Men den utdanninga som nok er mest lik det vi før kalla lektor, er dei som har fem år høgre utdanning utan pedagogikk, men master, og som så tek PPU. Desse vert i dag kalla lektor med tilleggsutdanning, saman med dei som før var lektor med opprykk. Men når alle no etter kvart vert gjevne tittelen lektor, kan ein kanskje lura på kva poenget med tittelen er.

Lat oss sjå vekk frå alt dette og konsentrera oss om pengane. Korleis har det gått med lønsutviklinga til lektorane? Og med lektor meiner vi altså her ein som har minst seks år med høgre utdanning. Har dei grunn til å streika? Ja, i det minste om dei gjekk inn i yrket med ei forventning om at KS, som tok over lønstingingane frå staten i 2004, ville gje dei attende statusen dei hadde før.

Like ille som prest

Tala er tydelege. Det er truleg berre prestane som har opplevd ei større deklassering enn lektorane dei siste 45 åra. I mai 2009 leverte Thomas Aanensen ei masteroppgåve i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo. Oppgåva hadde han skrive ved Statistisk sentralbyrå, der han hadde henta ut tidsseriar attende til 1959. Oppgåva har tittelen «Lønnsutvikling for ansatte i skoleverket 1959–2007». Mange av tala her er henta frå denne oppgåva.

Vi kan byrja i 1959. Vi lyt òg hugsa at før var ein lærar ein person med to eller tre år på lærarskule. Aanensen har òg laga ei referansegruppe av alle norske lønsmottakarar, altså gjennomsnittsløna for oss alle. Løna er omrekna til faste 1998-prisar, og eg har avrunda dei litt.

Då er det berre å byrja: I 1959 tente ein lektor om lag 17.500 1998-kroner i månaden, ein lærar tente 12.500 kroner, og gjennomsnittsløna i Noreg var på 12.000 1998-kroner. Noreg hadde allereie eit høgt internasjonalt lønsnivå.

Vidare opp

Lektorane hadde altså god løn, men ho skulle verta betre, for i 1960- og 1970-åra vart gymnas etter gymnas opna, og stadig fleire slapp inn på universiteta. Då måtte staten rekruttera fleire lektorar, som langt på veg hadde monopol på gymnasa.

Eller som Aanensen skriv: «Fra 1959 til 1977 opplevde alle lærergruppene en betydelig reallønnsøkning. Spesielt godt ut kom lektorene. De mange skolereformene på 1960-tallet skapte et stort behov for flere lærere. Spesielt viktig var innføringen av 9-årig obligatorisk grunnskole for alle i 1969.»

I 1978, og hugs at vi snakkar om faste 1998-kroner, hadde ein lektor faktisk ei månadsløn på 30.000 i gjennomsnitt. Det er 51.000 kroner i dag. Ein lektor i 1978 tente rundt 70 prosent meir enn ein gjennomsnittleg norsk lønsmottakarar og for den del lærarane. Det er ikkje anna å venta at lektorane hadde så gilde hus.

Nedturen

Så var festen over. Gymnasa vart til vidaregåande skular, og adjunktane, dei som ikkje ville taka hovudfag eller ikkje makta å fullføra hovudfagsoppgåva, slapp til. Reallønsnedgangen som fylgde, kan vi kalle brutal. 1998 var lektorane komne ned i 23.000 i månadsløn, som svarer til 38.500 i dag.

Fyrst i 2007 tente ein lektor igjen like mykje som ein lektor i 1978, 30.000 1998-kroner. Då, i 2007, tente gjennomsnitts-
nordmannen berre om lag 1000 1998-kroner mindre enn lektorane i månaden. Lektorane hadde gått frå å tena to tredjedelar meir enn nordmenn flest 29 år før, til å verta nordmenn flest, berre med mykje meir i studielån. «Verst gikk det utover lektorene», skriv Aanensen utan å overdriva.

Sentralstyring

Kva var det som hadde skjedd? Inflasjonen kom ut av kontroll, og det utvikla seg eit stadig sterkare sentralt samarbeid mellom LO, NHO og staten. Dei vart samde om at det skulle vera låge eller ingen sentrale tillegg, lønsdanninga skulle helst gå føre seg i verksemdene i konkurranseutsett sektor. «Dette gjorde det vanskelig for høytlønnsyrker å få fram sine krav i denne typen forhandlinger.»

Korleis stilte lærarorganisasjonane seg til lokale forhandlingar? «Samtidig krevde lærerforbundene at det ikke skulle forhandles lønn på lokalt nivå.» Sjølv om LO–NHO-området fekk to tredjedelar av lønsveksten lokalt og alt av reallønsveksten lokalt gjennom 1980- og 1990-åra, stod lærarforbunda på sitt. Alle forhandlingar skulle skje sentralt.

For få

I tillegg hadde Norsk Lektorlag fyrst late seg fusjonera inn i Norsk Undervisningsforbund og så, i 2001, vidare inn Norsk Lærerlag. Lektorane innsåg for seint at å gå saman med ei mykje større gruppe som hadde mykje lægre løn, neppe var lurt. I 1997 var eit nytt Norsk Lektorlag danna. Og dei har heile tida støtta lokal forhandlingsrett.

Korleis utvikla den relative løna seg? Aanensen samanliknar med statlege ingeniørar. «Lektorene har hatt den svakeste utviklingen. Fra å tjene 32,5 prosent mer enn statlige ingeniører i 1973, har de i dag (2007) tilnærmet likt lønnsnivå.» I 1977 tente lektorar 8 prosent meir enn statlege sivilingeniørar, i 2007 tente dei 10 prosent mindre i månaden. Same året tente lektorar berre 65 prosent av det ein sivilingeniør i privat sektor gjorde.

Vondt til verre

Korleis har det gått i åra etter 2007? Det har analysebyrået Menon sett på etter oppdrag frå Norsk Lektorlag. Men dei har også sett på konsekvensen av den store lønsnedgangen og siterer eit forskingsarbeid frå Noregs Handelshøgskule: «Tilbake på 1970-tallet var andelen lektorer i videregående skole nesten dobbelt så høy som den er i dag (Møen, Salvanes, & Thorsen, 2012). I tillegg finner de at gjennomsnittlig skår på kognitive tester for mannlige lærere falt over tid, både i absolutt forstand, og i forhold til andre akademikeryrker som leger og jurister.»

Særleg dei som kunne matematikk, fysikk og kjemi, gav opp skulen som arbeidsplass: «Andelen lektorer med realfagskompetanse var på rundt 25 prosent i begynnelsen av 1970-årene, og på kun litt over 5 prosent i slutten av 2000-tallet.»

Står stilt

Men det var altså løna. Her hugsar vi at ein lektor i 1978 – og vi snakkar framleis om dei som har minst seks år høgre utdanning, ikkje dei nye som berre har fem – tente 51.000 kroner per månad omrekna til dagens pengeverdi. I 2018, syner tala til Menon, tente ein lektor 57.000 2022-kroner i månaden. I oljealderen, der dei fleste av oss har fått fordobla månadsløna, har altså lektoren hatt ein særs marginal lønsvekst.

Det er neppe nokon annan konklusjon å trekkja enn at den tradisjonelle lektoren, han eller ho med minst seks år høgre utdanning, ikkje vert prioritert av det offentlege. År for år ser ikkje forskjellane på lønstillegg så store ut, men dei fyrste prosentane i vekst vert eten opp av inflasjon. Det er dei siste promillane og prosentane som har noko å seia, skal ein få reallønsvekst.

Menon har gått gjennom lønsstatistikken til KS mellom 2008 og 2018. I gjennomsnitt gav KS lækjarane ein lønsvekst på 4,8 prosent, ingeniørane fekk 3,8, og psykologane fekk 3,7. Tradisjonelle lektorar fekk minst, med 3,1 prosent. Rådgjevarar i kommunal sektor fekk gjennom perioden over 12 prosent høgre vekst enn lektorar med tilleggsutdanning og har no hamna på det same lønsnivået som desse lektorane.

Døyande rase

Sanninga er vel at den gamle lektoren er nær ved å døy og difor ikkje på noko vis vert prioritert av korkje staten eller KS. Det fyrste som skjedde, var at dei gode gamle realistane forlét skulen. Dei vart nok lokka over til data- og oljeindustrien og etter kvart slikt som finans, der realistar er etterspurde.

Den gamle lektortypen var ein som tok seg særleg god tid på hovudfag og gjekk langt utover tida der. Dette vart strigla til master, og vi fekk ein stor vekst i ph.d.-kandidatar.

Og med veksten i høgre utdanning og forsking som vi i alle høve har hatt dei siste 30 åra, har dei som er særleg akademisk interesserte, valt å gå inn i universitets- og høgskulesektoren i staden for å arbeide i den vidaregåande skulen.

Staten har i tillegg, med innføringa av femårig lærarutdanning for grunnskulen og femårige lektorprogram der masteren skal vera pedagogisk orientert, sagt klart frå om at lektorar av i dag skal vera meir pedagogar og mindre tradisjonelle fagfolk.

Faren for at ein lektorstreik til hausten vert ein streik over ei tapt sak, er vel til stades.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Sanninga er vel at den gamle lektoren er nær ved å døy og difor ikkje på noko vis vert prioritert av korkje staten eller KS.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis