JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Lat det vere eit jordskjelv neste gong!

Når huset ristar og ein kjenner det – og ein bur i 20. høgda, ikkje i andre – vil det truleg seie at jordskjelvet er heller alvorleg, opp mot seks på Richter-skalaen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brannfolk sløkkjer brannar etter russiske rakettar i sentrum av Kyiv 10. oktober.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

10316
20221014
10316
20221014

Men det var ikkje jordskjelv som fekk dotter mi, Gabriela, til å kjenne huset riste denne gongen. Byrjinga på ei ny veke i Ukraina var òg byrjinga på den første veka til general Surovikin som leiar for den russiske aggresjonen i Ukraina. Generalen – saman med Putin, vert det sagt – gav ordre om eit massivt missilåtak på alle dei store byane i Ukraina, inkludert hovudstaden Kyiv.

Irina Khazina, som bur i fjerde høgda i eit gamalt hus vis-à-vis hovudbygningen til universitetet, fekk ein del av taket blåse vekk av ein raketteksplosjon, undertaket fall ned, og alle vindauga fauk ut. Det er eit mirakel at ho ikkje vart skadd – ho gøymde seg i korridoren. No pakkar ho tinga sine for å flytte inn hos dottera Alena, som leiger eit husvære utanfor sentrum av byen.

Ein av dei russiske rakettane fall ned i Sjevtsjenko-parken, som er elska av folket i Kyiv og alltid full av menneske i alle aldrar. Raketten eksploderte i eit stort leikeområde finansiert av den femte presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, i den tida han berre ønskte å vere president. I staden for leikeplassen er det no eit djupt og vidt krater.

Ein annan rakett eksploderte i nærleiken av eit kontorkompleks, der mellom anna visumkontoret til den tyske ambassaden held til. Tyskland lova straks å levere det første IRIS-T-luftvernsystemet til Ukraina i løpet av nokre dagar. Tyskland har lova å sende dette systemet til Ukraina i eit par månader, men ingen ting har skjedd. No, etter at eit missil har råka det tyske konsulatet og sjølve den tyske ambassaden vart skadd av ein annan raketteksplosjon, vil nok lovnaden bli realisert raskare.

To andre missil råka varmekraftverk som produserer varme. Målet til Putin er føreseieleg og forståeleg: Han vil ta varme og elektrisitet frå innbyggjarane i dei store byane i Ukraina.

Ein annan rakett eksploderte nær den sentrale jernbanestasjonen. Glas vart smadra og flaug tvers gjennom den svære stasjonsbygningen, som straks vart evakuert og stengd. Toga gjekk likevel etter ruta, men ein kunne berre kome til plattformene gjennom to underjordiske passasjar.

Kyiv tel offera. Irina Khazina vil berre dra til dottera, men vert beden om å vente. Representantar for styresmaktene skal kome og skaffe seg eit oversyn over skadane på husværet, og fylle ut nokre dokument som seinare vil gjere det lettare for henne å få sett inn nye vindauge og få reparert taka på huset.

Krigen er ei mengd statistikk over talet på døde og skadde, øydelagde fly, stridsvogner og bygningar. Krigen har òg si eiga bokføring. I Ukraina gjev denne krigsbokføringa eit oversyn over skadane etter den russiske aggresjonen og kostnadene med tapt infrastruktur og bygningar. Rekninga lyder på hundrevis av milliardar euro. Følgjene av dagens bombing av Kyiv, Zjytomyr, Ivano-Frankivsk og andre byar vil bli rekna på og bokførte på same viset.

For fleire dagar sidan overleverte den belarusiske presidenten Lukasjenko ein protestnote til den ukrainske ambassadøren. Protesten gjaldt påstandar om at Ukraina førebur seg på å gå til åtak på Belarus. Samstundes klaga leiaren for dei væpna styrkane i Belarus over at Ukraina hadde øydelagt alle bruene på sitt eige territorium nær grensa til Belarus, og dessutan minelagt alle vegane som fører til Belarus.

Dette inneber at Ukraina er budd på at den belarusiske hæren kan gå til åtak, og det kan skje i nær framtid. I tillegg har Putin alt erklært at han og Lukasjenko er samde om å utplassere sameinte troppestyrkar. Kvar? Truleg i den nordaustlege delen av Ukraina.

På Krym-halvøya vert det imens utkjempa ein krig mot ei ukrainsk folkevise. Slaga har gått føre seg i to månader no. Songen heiter «Ta tsjervona kalynonjka» (Den raude krossvedbusken). Opphavleg vart han skriven for over hundre år sidan, i 1914, av den ukrainske komponisten og lyrikaren Stepan Tsjarnetskyj, på grunnlag av ein gamal kosakksong frå det 17. hundreåret. Songen var svært populær blant dei ukrainske opprørarane som slost mot sovjetregimet både under borgarkrigen 1918–1921 og etter andre verdskrigen.

I seinare tid er denne songen høyrd stadig oftare på Krym, og dette uroar dei russiske styresmaktene.

I august var det ein høglydt skandale i karaokebaren «Crab» i Krym-byen Sjtsjolkine kring ein annan moderne ukrainsk song av rapparen Jarmak, «Ville vidder». Ein av kundane bad om denne songen og song han i mikrofonen – slik ein gjerne gjer i ein karaokebar. Det førte til at DJ-en vart halden i arrest i ti dagar og karaokeutstyret beslaglagt. Så tvinga politiet bareigaren, DJ-en og kunden som song, til å be om orsaking og syne anger på video. «Ville vidder» er eit gamalt ukrainsk kosakknamn på Donbas-territoriet, og songen handlar sjølvsagt om korleis ukrainske kosakkar slost mot fiendane sine.

Denne historia vart endatil emne for diskusjon på den viktigaste russiske TV-kanalen. Den kjende TV-propagandisten Vladimir Solovjov kravde at baren måtte brennast ned, og DJ-en og personen som bad om songen, måtte begge få fem år i fengsel. Etter eit par veker stengde karaokebaren.

Og alt i midten av september vart restauranten «Arpat» i Bakhtsjysaraj, hovudstaden til krymtatarane, stengd fordi bryllaupsgjester dansa til songen «Ta tsjervona kalynonjka». Elvira Abdullajeva, vertinna for bryllaupet, og fire andre dansande gjester vart arresterte. Styresmaktene har lova å finne og straffe alle som dansa til denne songen.

Dei ilske klagane frå russiske patriotar og propagandistar om denne songen har gått viralt, men det har berre gjort songen enda meir populær. Og for nokre dagar sidan sat to unge russiske patriotar frå Krym på ein balkong og song denne songen. Den eine var forresten Olga Valejeva, Miss Krym 2022, og hendinga vart lagd ut på Instagram. Begge vart per omgåande arresterte av FSB. Olga Valejeva fekk ei bot, og den andre fekk ti dagar i fengsel.

Mobilisering i Russland skjer til ganske andre tonar, og openbert ikkje slik Putin ønskjer. Det finst landsbyar i Sibir der alle mennene har drege til skogs og det ikkje er nokon å mobilisere.

På Sakhalin, lengst aust i Russland, freistar partiet Det sameinte Russland å hjelpe militæret med den slitsame mobiliseringa. Leiaren for den lokale delen av partiet, Mikhail Sjuvalov, fortel: «Regjeringa i Sakhalin-regionen har inngått ein avtale med fiskarane, og om lag ni tonn ferskfrosen fisk har kome til regionen. Det er flyndre, sei og stillehavslaks. Om kort tid skal om lag 180 friviljuge levere fisk til familiane til mobiliserte menn i heile Sakhalin-regionen, fem–seks kilo for kvar mobilisert. I nær framtid vil det kome meir fisk til familiane.»

Sakhalin har alltid vore eit sentrum for fiske. Gudane veit kva som kan ha skapt ein situasjon der familiar vurderer å byte bort mannfolka sine for nokre kilo med flyndre.

Ungane i landsbyen min, Lazarivka, sat heile måndagen i kjellaren på skulen. Det er den einaste meir eller mindre trygge staden i tilfelle granatåtak. Ikkje langt frå landsbyen skaut det ukrainske militæret ned to rakettar med kurs mot Kyiv.

Kvar gong ein nedskoten rakett fall i bakken og eksploderte, verka det som husa i landsbyen gjorde eit hopp. Rakettane landa på markene. Landsbyen var heldig enda ein gong. Missila kom frå Belarus.

Belarus vert stadig oftare omtala i nyhenda som eit samarbeidsland med Russland i aggresjonen mot Ukraina. Belarus har alt overlevert ein stor del av dei lagra granatane og minene sine til den russiske hæren, men belarusiske militære er ikkje blitt sette på ukrainsk territorium i alle dei månadene krigen har vara. I alle fall inntil sist måndag. No fortel folk i okkuperte område nær Melitopol at dei har sett ikkje berre belarusiske soldatar, men også det militære utstyret deira med emblema til den belarusiske hæren. Om dette stemmer, inneber det at krigen vil vare lenger. Krigen kan kome attende til regionane Zjytomyr og Kyiv. Ikkje i form av soldatar og stridsvogner, men som daglege raketteksplosjonar.

Desse nyhenda skremmer ikkje ukrainarane. Og dei massive eksplosjonane til russiske missil, om dei er aldri så skremmande, skaper ikkje panikk. Med kvar ny eksplosjon, med kvar ny øydelagd bustadblokk, med kvart nytt offer vert ukrainarane sintare. Men det er ingen ny straum av bilar vestover mot grensa til EU, det er ikkje noko stormløp for å kjøpe mjøl og salt, slik det var på Krym etter eksplosjonen på Krym-brua.

Rett etter granatåtaket drog den ukrainske filosofen Oleksij Panitsj til supermarknaden for å sjå kva som gjekk føre seg der. «Eg trudde dei ville kjøpe store parti med forsyningar til vinteren, men dei fleste kjøpte snop – sjokolade, kaker, kjeks. Truleg for å trasse Putin», sa han.

I staden for panikk oppstod det ei ny gruppe på Facebook – friviljuge som pla samle inn pengar til dronar og køyretøy til hæren, samlar no pengar «til hemn», og folk gjev meir enn dei gjorde før. To kjende friviljuge, Serhij Prytula og Serhij Sternenko, slo seg saman, og i løpet av to timar samla dei inn over 20 millionar hryvnia (500.000 euro). Til hemn. Med desse pengane skal dei kjøpe kamikazedronar til hæren.

Det ser ut til at vinteren vert varm i år. Ikkje så varm at eg ikkje ville skru på varmen om han fanst, men varm nok i militær forstand. Og når den belarusiske hæren dukkar opp, må Ukraina bu seg på ny mobilisering. I Ukraina vil ingen gje kol, fisk eller sau i byte for mobiliserte familiemedlemer. Ukrainarar har for lengst lært seg å stole berre på seg sjølve og sine eigne ressursar, ikkje på staten.

Måndag laga ukrainarane ein ny vits:

– Sa ikkje Putin at han ville skyte på stader der avgjerder vert tekne, og ikkje på bustadblokker?

– Men i Ukraina – ein stat grunnlagd på folkemakt – er kvart hus og kvar bustad ein stad der avgjerder vert tekne.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ser ut til at vinteren vert varm i år. Ikkje så varm at eg ikkje ville skru på varmen om han fanst, men varm nok i militær forstand.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis