JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Landskapa som me har inni oss

Indre Agder er skog. Frolandia blei omtykt lokalt då verket sette Froland på kartet nasjonalt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ketil Bjørnstad laga eit stort musikkverk, ein suite, til Froland kommune.

Foto: Vidar Ruud / NTB

5499
20220930
5499
20220930

hompland@online.no

Mellomsmå byar held seg gjerne med ein omlandskommune som dei låkar ned på for å dyrka eigen oppskrudde identitet. I Egersund har dei denne herma etter ein som reiser seg opp og ropar ut i kinomørket: Æ dæ nogen frå Bjarkrei her? He me det ikkje gjilt?

I Flekkefjord har dei Gyland, Kristiansand har Vennesla, Tvedestrand har Vegårshei, Tromsø Balsfjord, Ålesund Sæbø, Hamar Løten, Bergen har både inn- og utstrilar.

Arendal har Froland som ei slags molbuaktig bakevje. Det blei grundig stadfesta av Harald Eia og Bård Tufte Johansen i Lille Lørdag med den tafatte Peder frå Frouland og rugla påmmfri på rudebilstasjonen. Froland skal også vera ein av få kommunar i landet som ikkje har hatt rojalt besøk, men kongen har fleire gonger gratulert skiskytaren Marte Olsbu, med det utanbygds tillegget Roeiseland, sjølv om det også finst ei røyselandshei i Froland.

Rådgjevar for KULTUR- og næring Ole Tom Tjuslia meinte det var på tide å skaffa Froland av med dette ry. Han bestilte eit stort musikkverk, ein suite, av Ketil Bjørnstad: Når Sibelius kunne skapa Finlandia, måtte bjørnstadguten kunna fanga Frolandia i ord og tonar.

ETTER MANGE ÅR UTE på den billause Sandøya hadde Bjørnstad røynsle med tog og jernbanestasjonar i skogane i Indre Agder: Nelaug, Vegårshei, Gjerstad. Det skriv han om i romanen Siste tiåret i serien Verden som var min.

Den eksistensielle og metaforiske heimstaddiktaren Tarjei Vesaas skreiv Hjarta høyrer sine heimlandstonar (roman, 1938), og i dikt er snø og granskog heimsleg, der det stig i våre innlandshjarto.

Byguten Bjørnstad var ikkje der, men han hadde ei slags vemodig dragning mot eit ukjent landskap – «innlandet der inni meg», ein stad å finna fred, «et sted å slå seg ned».

Du møter et landskap inni deg

et du ikke visste om

Og alt har grodd igjen

langs veien der du kom.

DET ER DEN DRAUMEN somme ber på, å vera i ei tid og ein stad ein gjerne vil tru godt om – som motsats til dagens mas. Ein kan lengta (tilbake) til stader ein ikkje har vore personleg, men liksom kjenner likevel – ein slags stadlaus nostalgi. Og etter at Aust-Agder er borte – kanskje med ein dose «austalgi».

Ingen skulle tru at Ketil Bjørnstad kunne bu i Froland: «Hva visste jeg om Froland før jeg kom dit?» Svært lite, men det blei «et sted å stanse opp». Anyone på jakt etter somewhere der ein kunne ha høyrt til.

Evige vandrarar drar alltid vidare, som Ketil Bjørnstad i tospann med Ole Paus. Den som er på leiting etter landskap og forteljingar utan å finna dei i eigen bagasje, kan dikta dei fram – med Bjørnstad: «Det som ikke skjer, kan feste seg enda mer enn det som skjedde.»

EG KØYRER OFTE mellom Tonstad, Evje og Arendal, på tvers av dalstroka innafor kysten Lindesnes–Åna-Sira, som går over i folketomme heier og skog i Indre Agder. Då høyrer eg alltid på Frolandia, forbi der riksveg 42 kryssar Sørlandsbanen ved Hynnekleiv, og ned til Froland verk med minnesteinen over det matematiske geniet Nils Henrik Abel (1802–1829) som døydde der. Det kulinariske høgdepunktet er Dagny’s Kompebu på Blakstad, nabo til Sareptas brukthandel og eit tomt butikklokale til leige.

MYKLAND KOMMUNE blei innlemma i Froland i 1967, med få innbyggarar, men med halvparten av arealet. Mykland er kjent for skogbrannen i 2008 – den største i landet etter krigen: 20.000–30.000 mål blei snaubrende over 30 kvadratkilometer. Lukta kunne kjennast i Danmark. Det var så vidt den vesle tettstaden med kyrkje, skule og Joker-butikk slapp unna, men mange hytter brann ned.

Det er mest utruleg korleis naturen lækjer seg sjølv. I fleire år var det svartbrent lang riksveg 42, men nå må ein sjå grundig etter i det grøne for å merka spora etter brannen. Det har Bjørnstad fått med seg: «Mykland, slik føles det når man blir født på ny.»

EG KØYRER ALDRI forbi Mykland utan å koma i hug ein strålande artikkel av Knut Mykland (1920–2005). Historieprofessoren av Bergensskulen var spesialist på dansketida og 1814. Han kom frå Mykland, vende alltid tilbake dit og skreiv Myklands historie.

Artikkelen heiter «Et historisk problem i ei bygd i Råbygdelaget» (Heimen, 1964). Korfor var det så stor skilnad i utvandring til Amerika mellom nord og sør i den vesle kommunen? Forklaringa ligg i at det i nord var store skogeigedommar som blei overtatt udelt av næraste arving, mens det i sør var lite produktiv skog og små bruk som stadig blei delte ved arveskifte.

Så enkelt og elegant har ingen synt kva ulik praktisering av odels- og åsetesretten kan føra med seg. I Mykland er denne faghistoriske utlegginga lett å fatta når ein er på staden, nyttar seg av lesefrukter og har leselyst på skog og landskap.

KORLEIS GJEKK DET med Frolandia? Premierekonserten på kulturhuset i Froland var øvd inn med Sørlandets beste musikarar, med Maria Arredondo og kvedaren Kim André Rysstad, men blei avlyst, for det var berre selt fem – 5 – billettar.

Det var etter det Ketil Bjørnstad ringde åndsbroren Ole Paus og fekk han til å synga med den rustne røysta han har. CD-en fekk strålande omtale, og suiten blei framført på jazzfestivalen på Kongsberg, i Operaen og fleire andre stader. Han kom også heim til utandørs flyplasskonsert på Gullknapp. Då blei frolendingane stolte over at Froland var sett på kartet på meir heiderleg vis.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Mykland, slik føles det når man blir født på ny.»

Ketil Bjørnstad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis