JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Opprørar i posisjon

Bondeopprørar Tor Jacob Solberg er vald til leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag. Arbeidet med å endre landbruket byrjar no, seier han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er knytt store forventningar til Tor Jacob Solberg som ny leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag. I løpet av dei ti fyrste dagane hans som leiar har organisasjonen fått rundt 200 nye medlemmer.

Foto: Eva Aalberg Undheim

13389
20221111

Norsk bonde- og småbrukarlag

Interesseorganisasjon for bønder og andre som er opptekne av norsk jordbruk

Har over 6500 medlemmer fordelte på rundt 200 lokallag og 18 fylkeslag

Har forhandlingsrett med staten i jordbruksoppgjeret, på lik line med Norges Bondelag

Valde nyleg bondeopprørar Tor Jacob Solberg som ny leiar

Landbruk

eva@dagogtid.no

Dei er framleis ikkje nøgde, bøndene. Det grasrotdrivne bondeopprøret frå 2021 vann fram med kravet om at talmaterialet inntektsoppgjeret deira, jordbruksoppgjeret, byggjer på, skal endrast for å skildre røynda til den aktive bonden betre. I Hurdalsplattforma lova regjeringa å leggje fram ein tidsplan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Og i jordbruksoppgjeret i vår forhandla bøndene seg fram til 10,9 milliardar kroner, som er eit historisk høgt oppgjer og 10 milliardar meir enn det dei enda med i fjor, etter å ha brote forhandlingane med staten.

Trass i desse sigrane sit Norsk bonde- og småbrukarlag no og reknar på om dei skal krevje tilleggsforhandlingar. Årsaka er at kostnadsveksten har vore høgare enn det som låg til grunn for jordbruksavtalen med staten frå i vår. Anslag frå Agri Analyse, lagde fram denne veka, syner at det kan vere snakk om rundt 870 millionar kroner høgare kostnader. Kraftfôrprisen har til dømes auka langt meir enn førespegla. Samstundes har mjølkebøndene fått beskjed om å produsere 5 prosent mindre enn kvotane for å hindre overproduksjon, noko som kjem til å gje lågare inntekter. Dette er nokre av elementa Småbrukarlaget vil be om kompensasjon for dersom dei krev tilleggsforhandlingar, seier Tor Jacob Solberg.

«Den nye vinen»

Solberg er mest kjend som ein av dei fem bøndene som starta bondeopprøret. No er han òg ny leiar av Bonde- og småbrukarlaget, og det er knytt store forventningar til kva han kan få til av endringar.

Ifølgje Sp-politikar Per Olaf Lundteigen er Solberg «en sjeldent dyktig kar», Nationen-kommentator Hans Bårdsgård omtalar han som karismatikar, og Sp-veteran og tidlegare leiar i Felleskjøpet, Dag Fossen, har kalla han «den nye vinen». På dei ti fyrste dagane hans som leiar har Småbrukarlaget fått rundt 200 nye medlemmer.

Men sjølv stjerner kan trø feil.

– De fekk eit historisk høgt oppgjer. Du er ikkje redd de mistar sympati om de no krev endå meir pengar?

– Nei. Eg skjønar godt om folk synest fleire hundre millionar høyrest dyrt ut, men i dag er det vi bønder som tek rekninga for denne kostnadsveksten, og vi er blant dei som i snitt tener minst i utgangspunktet. Korleis skal vi bere den ekstra kostnaden, spør han.

– Men de bed jo om å få løn som andre grupper i arbeidslivet. Andre grupper har berre eitt lønsoppgjer i året, også om kostnadene endrar seg. Kvifor skal bonden ha særbehandling?

– Går vi for tilleggsforhandlingar, er det med dokumenterte utgifter vi har ut over det som er avtalt i jordbruksavtalen. Det handlar ikkje om at vi skal tene meir, men at vi skal ha det som er lagt til grunn i avtalen. Slik sett er det feil å kalle det særbehandling, det er ei korrigering.

Ung og vågal

Eg møter Solberg på kontoret til 109 år gamle Norsk bonde- og småbrukarlag. Kontoret ligg midt i Oslo, byen forfedrane til småbrukarlagsleiaren forlét for 110 år sidan for å busetje seg på eit gardsbruk i Ski i Akershus.

Solberg er odelsgut, men var ikkje overtydd om at han skulle verte bonde før han var på New Zealand som landbrukspraktikant for 20 år sidan.

Han seier han såg kor viktig matproduksjonen var for eit land som New Zealand, men òg at han der skjøna betydninga av det særeigne norsk landbruket.

– Familien eg jobba for på New Zealand, hadde 440 kyr, medan min eigen familie hadde tolv. Samstundes hadde vi jo ganske lik levestandard, eigentleg, så dei to gardsbruka oppnådde det same. Dei produserte sjølvsagt meir mat, men garden måtte òg refinansierast på eit tidspunkt, og det er jo eit tankekors. Dei store gardane kan verke imponerande, men ganske mange gonger er det nokon bak som har teke for stor risiko. Dess større garden er, jo mindre robust er han òg til å klare store endringar. Det gjer at jordbruket vi har i Noreg, med små og mellomstore einingar, er ei god løysing.

Då Solberg kom heim etter praktikantopphaldet, kjøpte han seg eit nedslite gardsbruk i Skiptvet i Østfold. Foreldra var for unge til å gje heimgarden frå seg, og han var for utolmodig til å vente. Han starta med ein gamal traktor får 1968 og to mjølkekyr han batt til ei bjørk og mjølka for hand.

Ti år seinare hadde han mjølkerobot, 70 mjølkekyr og rundt 80 ungdyr.

– Kvifor satsa du stort sjølv, når du såg større kvalitetar ved å vere liten?

– Eg har ikkje anna forklaring på det enn at eg var ung, og – som mange andre unge – ønskte å ikkje gjere det same som foreldra mine. Visjonen min var å byggje opp eit flott mjølkebruk, og eg hadde enormt pågangsmot. Så var det jo politiske signal om at mjølkebruka skulle aukast. Eg var òg del av eit miljø med offensive økomjølkebønder i Østfold, der mange tok dei same vala, men eg ser jo i ettertid at eg tok på meg for mykje, og at risikoen var for høg. Det går bra når det går bra, men vi har jo opplevd både ekstremtørke i 2018 og at prisane har stått i ro i lang tid, seier han.

Ifølgje Nationen hadde Solberg litt over 100.000 kroner i skattbar inntekt i 2019 og vel 320.000 i 2020.

Trappa ned drifta

Det var den låge løna og dei høge investeringskostnadene i landbruket som var bakgrunnen for bondeopprøret han var med på å starte.

– Vi såg at mange unge bønder vart utfordra til å drive større, investere meir og ta opp meir og meir lån for å utvide. Men det er ikkje avkasting på kapitalen i jordbruket, så ingenting av det du tek opp i lån, gjev eigentleg noko tilbake. Ein ny generasjon bønder er i ferd med å spørje seg om det er liv laga framover. Skal dei jobbe opp mot 3500 timar i året berre for å sitje att med lite pengar og mykje gjeld? No kjem snart kravet om lausdriftsfjøs, som gjer at mange av dei viktige mjølkebruka i distrikta som driv på marginale ressursar, må byggje nytt. Mange av dei er usikre på framtida. Det uroar meg.

Solberg sjølv har no trappa ned drifta til 55 mjølkekyr i tillegg til å ha 1000 dekar med gras og korn, som han driv med to tilsette, ein på heiltid og ein på deltid. Like fullt driv han framleis større enn snittet blant norske bønder. Så kvifor har han no valt seg Bonde- og småbrukarlaget og ikkje Bondelaget, der han har vore medlem før?

– Eg synest Småbrukarlaget har dei beste løysingane. Dessutan meiner eg vi treng to sterke faglag til å bryne seg mot kvarandre. Eg er nok òg ein småbrukar i sinn. Eg synest for mange bønder dreg på seg større og større sko i staden for ein som passar til foten. Det er litt av essensen i politikken til Norsk bonde- og småbrukarlag. Vi vil leggje til rette for eit jordbruk som passar ressursgrunnlaget på garden, seier han.

– Ville du sjølv gjort noko annleis om du starta som bonde i dag?

– Ja, heilt klart. Eg ville bygd til ei mindre mjølkebesetning. Men eg ville halde fram med mjølk, sjølv om eg bur i eit kornområde. Det er fordi eg ønskjer å vere heiltidsbonde, seier han.

Overimport og ukultur

Solberg har bakgrunn i Senterpartiet og meiner landbrukspolitikken i Hurdalsplattforma er ambisiøs. Særleg nøgd er han med målet om å tette inntektsgapet til andre grupper og med at regjeringa vil auke sjølvforsyningsgraden av norsk jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, til 50 prosent.

– Men om fleire bønder trappar ned for å tilpasse drifta til ressursgrunnlaget, klarar vi å auke sjølvforsyninga då?

– Å tilpasse seg ressursgrunnlaget handlar òg om reduksjon i importen av korn. Ein stor del av kornet til norske dyr er importert, og ved å redusere importen vil vi få plass til fleire bønder. I tillegg må vi gjere noko med tollvernet. Vi har overimport av matvarer vi kunne produsert sjølv, og vi importerer frå til dømes Tyskland, eit land som har ein lang veg å gå når det gjeld antibiotikaresistens.

– Men for å erstatte importen trengst det langt fleire bønder?

– Ja, målet vårt er aktiv drift på fleire gardar, det er klart. Vi må òg auke avlingane og ta i bruk areal som har gått ut av drift, hauste meir grovfôr frå utmarka og bruke ressursane på ein betre måte enn i dag. Og så må vi leggje til rette for auka grøfting og betre agronomi, som vil gje auka avlingar. Men tollvernet må òg gjerast noko med.

– Ein del av kjøtimporten i dag går gjennom bondeeigde Norturas dotterselskap Noridane. Kva tenkjer du om det?

– Det er eit val Nortura har gjort, og eg har ikkje sterke meiningar om det. Nokon må stå for importen, og om det er Nortura eller andre, er ikkje noko organisasjonen vår er så oppteken av.

– Noridane omsette i fjor for 2,68 milliardar kroner og gav dagleg leiar ein lønsauke på éin million kroner, ifølgje Nationen. Er det greitt?

– Eg har ikkje noka meining om det, men eg er oppteken av at vi ikkje skal lage større skilnader i samfunnet enn naudsynt. Eg er kritisk til dei høge leiarlønningane i samfunnet generelt, også i jordbruket. Det vert sagt at høge løner er avgjerande for å få tak i dei flinkaste folka. Det er sikkert eit poeng, men vi må ikkje utvikle ein ukultur.

– Nortura har no bede dei som skal levere storfe til slakting, om å vente fordi det er fullt på lagera. Då vert det vel importert for mykje?

– Eg trur det er teljedatoen som forklarar dette. Vi tel dyra i fjøset to datoar i året, og det er dei teljingane som ligg til grunn for tilskota. Dei er med på å lage ei kunstig bølgje i marknaden. Så vidt eg skjøna, fekk Nortura i år ikkje inn nok kjøt før teljedatoen, difor vart det importert, og så vart det truleg importert for mykje.

– Tine må no redusere kvotane for kor mykje mjølk bøndene kan levere, fordi det er produsert for mykje. Synest du samvirkeorganisasjonane fungerer som marknadsregulator?

– Når det gjeld mjølk, ja. Det var ein sterk auke i marknaden under pandemien som gjorde at vi kunne produsere meir, og då auka mjølkebøndene òg produksjonen. Og no når marknaden går ned, reduserer vi. Det er bevis på at reguleringa fungerer som ho skal. Med kjøt er det annleis. Der trengst det regulering i alle produksjonar. I år vert det destruert 400 tonn egg på grunn av overproduksjon. Det er uhaldbart.

Kapital inn og ut

Den viktigaste arbeidet framover, slik Solberg ser det, vert likevel å få på plass eit talgrunnlag som betre reflekterer den reelle inntektssituasjonen for bønder. Han er ikkje nøgd med utgreiinga som er gjort så langt, frå det regjeringsoppnemnde Grytten-utvalet.

Utvalet syner rett nok at økonomien i å produsere mat er dårleg, og slår fast at kostnadene til leige av jord og mjølkekvotar må trekkjast frå når ein skal rekne på kva bonden sit att med. Utvalet har derimot ikkje gått inn for å skilje ut eigenkapitalen, slik at det kjem fram kor mykje av bondeinntekta som er løn, og kor mykje som er avkasting på kapital. Dette siste må ifølgje Solberg med for å få ro i næringa.

– Poenget er at vi bønder puttar mykje meir kapital inn i jordbruket enn det vi får att. Mange er opptekne av dette. Vert vi lurte no igjen, kjem fleire til å miste trua på at det går an å få ei rettvis inntekt av å produsere mat. Det igjen kjem til å truge norsk matproduksjon. Folk sluttar ikkje over natta, men dei kjem ikkje til å investere lenger.

– Kan ikkje det å trekkje frå eigenkapitalen bidra til omfordeling frå små til store bruk?

– Det handlar om tal for jordbrukssektoren som heilskap, ikkje om tal for enkeltbruk. Det er ingen lønsemdsgaranti for den enkelte bonden, men ein presis måte å syne kvar den norske bonden i snitt får inntekt frå.

– Du har synt til at to bønder kvar dag i snitt i fjor gav opp drifta, og du ønskjer ikkje berre å halde oppe talet på bønder, men å auke det. Er det berre løn det står om for at fleire vil verte bønder?

– Det er jo i alle fall lønningane det vert sagt at det står om når det gjeld å rekruttere folk til leiarposisjonar rundt omkring, så kvifor det ikkje skal fungere her òg, skjønar eg ikkje.

Klar for å snu

Det har vore intern uro i Norsk bonde- og småbrukarlag den siste tida. Delvis som følgje av måten jordbruksoppgjeret vart handtert på, delvis som følgje av politiske usemjer. Sistnemnde er kanskje ikkje så underleg i ein organisasjon som famnar om både heiltids-, deltids- og hobbyprodusentar.

– Kva skal du gjere for å samle troppane?

– Eg vart vald samrøystes, så det tek eg som teikn på at eg har heile organisasjonen i ryggen. Eg opplever òg at det er ein organisasjon som er interessert i å utvikle seg. Vi har snakka om alt som er negativt i dette intervjuet, men drivkrafta mi er at eg har lyst å vere med når det snur. Eg vil vere med på å setje norske bønder i stand til å gjere det vi faktisk har lyst til: å fokusere på å produsere mat, fokusere på faget, kunne ta i bruk areal som har gått ut av drift, og ha tid til å møtast til faglege møte for å kunne utvikle seg. Og eg er viss på at dersom økonomien kjem på plass, vil mykje av dei underliggande tinga løyse seg.

– Har det ikkje alt byrja å snu?

– Nei, eg ser det ikkje slik. Regjeringserklæringa er eit bra fundament, men det står framleis att å få ei klar opptrapping på plass, slik at både bonden og gjerne òg arbeidarane hans vert jamstilte med andre grupper i inntekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis