Nyhendeanalyse

Kuler, krut og kompromiss

Kanslar Friedrich Merz vil skape Europas største konvensjonelle hær. Regjerings­erklæringa han la fram onsdag, illustrerer heller kor svakt og splitta Tyskland er.

German Chancellor Friedrich Merz attends a press conference with U.N. Secretary-General Antonio Guterres (not pictured), in Berlin, Germany, May 14, 2025. REUTERS/Lisi Niesner
Kanslar Friedrich Merz under ein pressekonferanse i Berlin 14. mai.
Publisert Sist oppdatert

Onsdag la Tysklands nye kanslar fram tiltredingserklæringa si i Forbundsdagen. Eigentleg er ei slik regjeringserklæring eit godt høve til å sette ein merkelapp på regjeringa si. Willy Brandt fanga den radikale tidsanden etter 68-aropprøret då han lova å gjere samfunnsklimaet meir liberalt gjennom si regjeringserklæring. Framleis lærer tyske skulebarn setninga der Brandt vil «våge meir demokrati». Olaf Scholz vil bli hugsa for regjeringserklæringa han heldt etter den russiske invasjonen av Ukraina, der han erklærte «Zeitenwende», eit tidsskifte i tysk forsvars- og utanrikspolitikk.

Ingen kjem til å sitere Merz for talen han heldt på onsdag. Det er ikkje talent det skortar på, for eigentleg er den nye kanslaren ein røynd retorikar. Tidleg i karrieren vann han til og med ein konkurranse i talekunst i Forbundsdagen. At han var atterhalden denne gongen, har meir å gjere med den innanrikspolitiske situasjonen.

Vanskeleg start

Kanslaren er upopulær, og det veit han. Førre veke var det 18 frå hans eigen regjeringskoalisjon som røysta mot han då han skulle veljast som kanslar. Blant dei var mange i koalisjonspartiet Sosialdemokratane, som meiner han er altfor konservativ, særleg i asylpolitikken, men òg i hans eige parti. Der er det mange som er særs kritiske til at han har brote med eit politisk tabu og tatt opp meir statsgjeld for å ruste opp infrastrukturen og forsvaret.

Gitt at koalisjonen hans er skøyr, gjekk kanslaren i liten grad inn på innanrikspolitisk tema. I staden gjekk mykje av taletida med til utanriks og forsvar. Blant dei viktigaste lovnadene Merz kom med, var at Tyskland skal få den største konvensjonelle hæren i Europa. Eigentleg burde dette vere fullt oppnåeleg. Rett nok har Polen denne posisjonen i dag, men Tyskland har Europas største økonomi og dobbelt så mange innbyggarar som nabolandet i vest. Likevel kan det bli vanskeleg.

Von i vest

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement