Kommentar

Tre ord som endra historia

Dette greier vi, sa Angela Merkel. Ti år seinare snakkar alle om kva som gjekk gale.

Forbundskanslar Angela Merkel stilte opp til ein selfie saman med ein flyktning som nyleg var komen til Berlin, 9. september 2015.
Publisert Sist oppdatert

Angela Merkel var, som så ofte elles, kledd i ein fargesterk blazer den 31. august 2015. På pressekonferansen der ho formulerte setninga som skulle bli hennar aller mest siterte – wir schaffen das – var jakka cerise, intens raudrosa.

Akkurat desse orda skulle ho kome til å gjenta for alle som kom med innvendingar i flyktningspørsmålet. Og det var det mange som gjorde – journalistar frå inn og utland, høglydte kritikarar i eige parti og dei endå meir høglydte kritikarane i det nystifta partiet Alternativ for Tyskland (AfD).

Ti år seinare kan orda wir schaffen das stå som gravskrifta over det Tyskland som fanst før 2015. Merkel-Tyskland var eit annleisland, eit av få europeiske land utan eit ytre høgre-parti i parlamentet.

Fest i Saalfeld

Ein seinsommarkveld nokre dagar etter at Merkel erklærte at dette skulle Tyskland greie, var det folkefest på jernbanestasjonen i småbyen Saalfeld, i den austtyske delstaten Thüringen. Den dåverande delstatspresidenten Bodo Ramelow var der, saman med Raudekrossen og aktivistar med banner der det stod refugees welcome.

Til pressa erklærte Ramelow at velkomstkulturen i Saale hadde rørt han til tårer. Denne kvelden kom eit tog med 569 flyktningar frå Syria og Afghanistan. Saman med fleire tusen andre hadde dei vore fanga i eit ingenmannsland på ein jernbanestasjon i Budapest. Ungarns president Viktor Orbán ville ha dei ut av landet. Men ingen ville ta imot dei. Men så melde tyske styresmakter at flyktningane i Budapest kunne kome til Tyskland. Og snart trilla fullasta tog inn frå Ungarn i tyske byar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement