Hybrid krigføring
Tyskland i søkjelyset til fiendane
Journalistane Reinhard Bingener og Markus Wehner har samla fleire titals døme på at autoritære statar driv hybrid krigføring mot Tyskland. Boka deira teiknar eit skremmande bilete – og kjem akkurat i rett tid.
Kinas president Xi Jinping og Russlands president Vladimir Putin spaserer saman i Beijing i september.
Foto: Alexander Kazakov / Sputnik / Reuters / NTB
Får du ikkje lese heile artikkelen? Du må ha komplett eller digitalt abonnement for å få tilgang. Gå til dagogtid.no/EndreTinging.
Først krenkjer
det som truleg er russiske dronar det polske luftrommet. Få dagar seinare blir
liknande flygande objekt observerte over flyplassar i Danmark og Noreg.
Ein
tidlegare medarbeidar av politikaren Maximilian Krah frå partiet AfD (Alternativ
for Tyskland) blir dømd til fengsel i nesten fem år for å ha spionert for den
kinesiske etterretningstenesta.
I Polen
arresterer dei ein mistenkt i samband med sabotasjeaksjonen mot Nord
Stream-røyrleidninga.
I Hessen avgjer
forvaltingsdomstolen at tryggingstenesta har grunnlag for å mistenkje AfD for aktivitetar som «strir mot demokratiske
grunnprinsipp», og dei får dermed høve til å overvake partiet i delstaten.
I Moldova
klarer det proeuropeiske regjeringspartiet å vinne parlamentsvalet. Ein hadde
på førehand åtvara mot russisk valpåverknad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.