Roger Köppel
«Eg ser på russarane som melankolske italienarar.»
Sveitsaren Roger Köppel, høgrepopulist og redaktør i vekeavisa Weltwoche, reiser rundt i Tyskland for å undervise tyskarane i demokrati. I Sachsen får tilhøyrarane ein eksklusiv rapport frå fredsforhandlingane til venene hans i Kreml.
Sveitsiske Roger Köppel er sjefredaktør i vekeavisa Weltwoche. Det tyske demokratiet er i fare, meiner han. Her er han avbilda i 2008.
Foto: Jürg Vollmer / via Wikimedia Commons
«Tyskland
er jo framleis eit ungt demokrati», seier Roger Köppel og ser ut over den fullsette
salen i kulturhuset i Riesa.
Og han er
visst ikkje særleg begeistra for korleis innbyggjarane i Sachsen tek vare på
dette unge demokratiet.
Difor har Köppel,
journalist og utgjevar av Weltwoche, teke turen frå Det sveitsiske
eidssambandet for å halde eit kveldskurs i demokrati i Sachsen. Som sveitsar
har han jo hatt denne statsforma nokre hundreår lenger, seier han.
Roger
Köppel reiser for tida rundt i Tyskland og lovar «ein open og ærleg debatt». No
har han kome til «delstaten med dei opprørske innbyggjarane». «Dei ulydige»,
som han seier. I Sachsen lit ein ikkje på sjølvutnemnde ekspertar, journalistar
og politikarar.
Köppel sat
åtte år i nasjonalrådet i Bern og høyrer inn under alle tre kategoriane. Ein
sveitsar med dyr klokke møter nok lite forståing på denne scena. Eller?
Ein forfattar hevdar i Weltwoche
at partiet AfD (Alternativ for Tyskland) eigentleg tilhøyrer venstresida, sidan
dei krev gratis skulemat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.