JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig og julegåver

Den ukrainske jernbanen har gjort i stand eit fargesprakande passasjertog dei kallar St. Nikolas jernbaneresidens, som tek med seg gåver til born frå alle frontlineregionane, inkludert Kherson.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne poserer saman med store peparkaker utkledde i kamuflasjeuniforma til dei ukrainske styrkane i Kyiv.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

9952
20221223
9952
20221223

For eit par dagar sidan var eg halvannan times tid på kontoret til tannlegen min, Victoria. Vi sat i mørkeret og venta på at straumen skulle kome på att. Han var venta attende klokka 16:00, men det skjedde ikkje.

Først prata vi i levande lys, og da det var nedbrent, heldt vi fram i mørkeret. Vi snakka mest om tidlegare reiser rundt omkring i Ukraina og Europa. Ikkje eitt ord om krigen.

Victoria fortalde om ein fast pasient som nyleg kom springande til henne med akutt tannverk. Og med eitt forsvann elektrisiteten. Han skreik og bad henne trekkje tanna som hadde gjeve han fryktelege smerter ei tid. Han freista overtyde tannlegen om å trekkje tanna utan elektrisitet.

– Vi treng ikkje straum! skreik han.

– Eg kan halde ei lykt og lyse inn i kjeften på meg.

Da ho såg kor desperat mannen var, gjekk Victoria til sist med på det. Ho sette han i tannlegestolen, han opna munnen og heldt lyset frå mobiltelefonen mot gapet. Lyset var svært svakt, og Victoria innsåg at det ville vere farleg å trekkje ei tann i slike tilhøve.

Da historia var til endes, var straumen enno ikkje komen attende til tannlegekontoret. Vi fann ut at vi ikkje ville vente lenger, og vart einige om at eg skulle kome neste morgon – om det var elektrisitet, sjølvsagt.

Før eg sa farvel, fekk eg høyre ei anna historie av Victoria: om da ho nyss gjekk til frisøren. Frisøren pla vaske håret til kundane, så klippe det våte håret og tørke det med hårtørkar. Denne gongen vaska han håret til Victoria og tok straks hårtørkaren og byrja tørke håret hennar. Ho trudde at han rett og slett hadde gløymt klippinga, men han forklarte at han tørka det no medan det framleis var straum. Ein treng ikkje elektrisitet for å klippe hår.

Morgonen etter sytte elektrisiteten for at Victoria kunne gje meg ei ny fylling, og eg drog heim for å arbeide, i husværet vårt. Det var ikkje oppvarming etter det siste rakettåtaket på Kyiv, det var ikkje noko vatn heller, det var ikkje noko internett, men elektrisiteten i husværet vårt var framleis på.

Tannlegar og frisørar har mange kundar desse siste dagane før jul og nyttår. Sjølv om det er krig, vil folk gjerne sjå bra ut og kjenne seg bra i høgtidsperioden. Styresmaktene i dei ukrainske byane vurderer no talrike oppmodingar frå innbyggjarane om å droppe portforbodet på nyårskvelden.

Det er òg køar i kjøpesentera. Ifølgje sosiologar fortel rundspørjingar at ukrainarane kjem til å bruke svært lite pengar i samband med høgtida. Men om ein skal døme etter lagera av gourmetmat, raud kaviar og sjampanje i butikkane, er det tydeleg at supermarknadssjefane ventar å gjere gode pengar.

I dei fleste byane er juletrea alt på plass på dei sentrale torga. Og sjølv om det ikkje blir julemarknader med gløgg og pølser dette året, vil barnefamiliar samle seg om kveldane ved juletrea for å sjå på lysa og pynten. I staden for musikk i nærleiken av juletrea kan ein høyre den høge duren frå generatorar som gjev straum slik at juletrea kan lyse og folk kan lade batteria i telefonane sine og andre dingsar.

Atmosfæren i høgtida er annleis dette året. Litt spent. Di nærare fronten, di mindre er trea på torga i dei større og mindre byane. I Kharkiv er det sett opp ein heil hage med pynta juletre, ikkje ute, men i undergrunnen, på metrostasjonen Juznyj Vokzal. Alt er godt opplyst, og ein kan ta bilete saman med heile familien.

Av og til dukkar fader Frost – den sovjetiske og postsovjetiske figuren som svarar til julenissen – opp mellom trea, med langt grått skjegg, lang raud kappe og raud hatt. No går familiar med barn ned i undergrunnsbanen ikkje berre for å ta ein tur eller å få vern under eit luftåtak, men også for å ta ein spasertur ved juletrea.

I byen Mykolajiv, som blir bombardert kvar dag av russarane, er det viktigaste juletreet i byen laga av militære kamuflasjenett.

I Kherson har dei forkasta fader Frost fordi han er knytt til den russiske nyårsfeiringa. I staden er det no St. Nikolas som vil helse borna i høgtida. Ein St. Nikolas-residens er opna i det lokale teateret for musikk, dans og drama, og der tek Nikolas imot born, ønskjer dei god jul, gjev dei gåver og lærer julesongar saman med dei – tradisjonelle songar som borna i Ukraina syng juledagsmorgonen når dei bankar på dørene til hus og husvære og håpar å få godteri og småpengar.

Rolla som St. Nikolas i Kherson blir spela etter tur av leiaren for teateradministrasjonen, Oleksi Mogilevskyj, og teatersjefen Sergej Pavljuk. Gåver til borna er kjøpte inn av den lokale Rotary-klubben. Men snart kjem eit heilt tog med gåver til Kherson. Den ukrainske jernbanen har gjort klar eit fargesprakande passasjertog som dei kallar St. Nikolas jernbaneresidens. I dei komande dagane vil dette toget bringe med seg gåver til born frå alle frontlineregionane, inkludert Kherson.

Dei russiske okkupantane har òg sett opp juletre i dei okkuperte byane i Donbas og det sørlege Ukraina. Kvar kveld blir familiar med born inviterte dit. Dei blir helsa av dei tradisjonelle fader Frost og Snøjomfrua. Det er ingen St. Nikolas i dei okkuperte områda.

For dei russiske invasjonsstyrkane har St. Nikolas blitt ein russofob figur og ein representant for fienden, som er den vestlege sivilisasjonen. Sjølv om fader Frost ikkje eksisterte i Tsar-Russland før 1917. Det var berre St. Nikolas som ønskte borna god jul.

Etter kvart som nyåret nærmar seg, har det dukka opp reklameplakatar på gatene i ukrainske byar som oppmodar ukrainarar om å ta vare på helsa si. På plakatar i sentrum av Kyiv er det ein av veteranane frå den pågåande krigen som ber ukrainarane om å slutte å røykje. Ja, eit land i krig treng verkeleg ein frisk nasjon! Medisinske institusjonar arbeider heilt på grensa av kapasiteten sin. Det er mykje vanskelegare å få medisinsk behandling i dag enn det var før krigen.

Det verkar som politiet òg har byrja kjempe meir aktivt mot røyking. I nærleiken av Ukrainas viktigaste internasjonale flyplass, som ikkje er i bruk, har det ukrainske politiet funne ein illegal sigarettfabrikk i eit nedlagt industribygg. Sigarettproduksjonen ser ut til å ha gått føre seg sidan før krigen tok til.

Det blir færre illegale sigarettar til sals no. Kan hende helst i Ungarn og Slovakia, snarare enn i Ukraina. Produsentane av illegale sigarettar i både Ukraina og Belarus arbeider vanlegvis for den austeuropeiske marknaden.

Logistikkjeder som bind illegale produsentar saman med smuglarar til salspunkt i naboland, vart etablerte for lenge sidan. No og da lukkast politiet i å stengje ein og annan smuglarkanal, men nye kanalar dukkar opp tvert.

Eit juletre på Sofiyska-plassen i Kyiv.

Eit juletre på Sofiyska-plassen i Kyiv.

Foto: Vladyslav Musiienko / Reuters / NTB

Før krigen vart illegale sigarettar hovudsakleg smugla over grensa med bil, men no blir det oftare nytta kraftige dronar. Om natta, ved den ukrainsk-ungarske grensa, bruker grensevaktene stadig oftare varmesøkjande kamera, ikkje berre for å fakke smuglarar, men òg for å avskjere dronar før dei når Ungarn.

Når dette lukkast, gjev det grensevaktene ei dobbel glede. Det er trass alt ikkje berre snakk om ein forpurra freistnad på smugling, men samtidig hjelper dei det ukrainske militæret. Alle konfiskerte dronar blir sende til fronten, der dei er svært nyttige. Der blir dei brukte både til rekognosering og til å sleppe miner på fiendtlege stillingar. Dronane gjer det dessutan mogleg for dei ukrainske styrkane å sende nødvendig medisin til kvarandre, så vel som andre ting dei manglar i kampstillingane.

I området med dei hardaste kampane – i byen Bakhmut i Donetsk-regionen – fekk soldatane nyleg eit uventa besøk av ein spesiell St. Nikolas – den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj som kom med gåver. Det uvarsla besøket hans fall saman med Putins besøk i Belarus.

Erobringa av Bakhmut er ein fiks idé for Putin. Etter besøket frå den ukrainske presidenten, som var audmjukande for det russiske militæret, kan vi difor vente ny bombing av sivil infrastruktur. Den største suksessen for dei russiske styrkane viser seg å vere å kople den sivile folkesetnaden i Ukraina frå elektrisitet, vatn og oppvarming.

Tjuveri av museums-samlingar i dei okkuperte territoria kan òg leggjast til suksessen til det russiske militæret. Etter frigjeringa av Kherson vart forresten eit ikon av St. Nikolas, gløymt av invasjonssoldatane, funne i det ramponerte lokale kunstmuseet. Nyleg oppdaga medlemer av dei ukrainske tryggingstenestene ei samling av gamle ikon som russarane stal frå residensen til den litauiske generalkonsulen i Kherson.

Alle dei 120 antikvitetane vart returnerte til eigaren, som donerte samlinga til Kherson kunstmuseum. No vil desse verka, saman med ikonet av St. Nikolas, smykke museumsveggene.

Medan toget St. Nikolas’ jernbaneresidens leverer gåver til byane nær frontlina, har det ukrainske jernbaneselskapet skipa eit anna nytt tog for vanlege passasjerar. Det er kalla Skiekspressen og går mellom Kyiv og skisportstaden Slavske. Å døme etter rutetabellen er dette verkeleg eit snøgt tog, for det kan bringe passasjerar til ein feriestad i dei karpatiske fjella på berre seks timar. Før krigen tok det til vanleg mykje lengre tid.

Slavske er eit av dei dyraste skisentera i Ukraina. Men eg håpar at prisane for skiferiar og skiheisar vil vere rimelegare i år. I det minste for krigsveteranar og stridande.

Vi held oss i Kyiv. Eg har enda to avtalar med tannlegen. Difor ber eg i år St. Nikolas om berre éi gåve: elektrisitet på tannlegekontoret. Både for meg sjølv og for andre pasientar som drøymer om å gå inn i det nye året 2023 med friske tenner.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis