JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Meyer høyrer det ho ønsker å høyre

Finansdepartementet er ikkje kjent for å gje ved dørene, men i høve til Christine Benedicte Meyer er det nett det dei har gjort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå pressekonferansen førre fredag der SSB-sjef Christine Meyer sa at ho ikkje hadde sagt opp stillinga si, og at ho heller ikkje hadde fått varsel om oppseiing.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

3675
20171117
3675
20171117

Kommentar

vidar@dagogtid.no

I juni 2015 var det så viktig for Finansdepartementet å få Christine Meyer som ny administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå (SSB) at departementet var viljug til å plusse på løna med 200.000 kroner ut over ordinær løn på 1,4 millionar. Ho vart beden om å søke etter at søknadsfristen vart forlenga. Ho fekk eit tillegg på 200.000 kroner årleg til å dekke husvære i Oslo og pendling frå Bergen. Dette tillegget skulle falle bort seinast etter to år.

Men i år var Meyer framleis så gjæv for departementet at ho greidde å forhandle seg fram til at tillegget skulle vare i endå eit år. Det skjedde ifylgje departementet under medarbeidarsamtalen ho hadde med sine overordna i Finansdepartementet, finansråd Hans Henrik Scheel og ekspedisjonssjef Amund Holmsen. Avtalen vart inngått 2. mai og godkjend av finansminister Siv Jensen. Alt var då fryd og gaman.

Best betalt

Finansdepartementet vil i dag ikkje svare på om forlenging av bustad- og pendlartillegget eitt år til var eit krav og vilkår frå Meyers side for å halde fram i SSB-jobben, og opplyser at det ikkje finst eitt einaste dokument i saka. Departementet viser til Meyer. Dag og Tid har stilt spørsmålet til Meyer, men utan å få svar.

Bustad- og pendlartillegget pluss eit ordinært lønstillegg på 30.000 kroner i 2016 gjer at Meyer ved årsskiftet var den tiande best betalte leiaren i det statlege leiarlønssystemet med ei årsløn på 1.630.000 kroner.

Då Dag og Tid i august 2015 fortalde om tilsettingsvilkåra for Meyer, opplyste Finansdepartementet at departementet ikkje hadde kjennskap til at nokon andre nytilsette leiarar i staten hadde fått slike lønsvilkår, god løn og høgt pendlartillegg. Saka vekte oppsikt.

No har departementet også gått med på at Meyer får ordinær løn på 1.430.000 kroner i eitt år og oppretthalde pendlartillegget i eit halvt år etter at Meyer har slutta i jobben og med det ikkje treng kompensasjon for å ha to husvære og pendle mellom Bergen og Oslo.

Meyer har stadfesta at ho i utgangspunktet kravde to fulle årsløner for å gå, det betyr 3.260.000 kroner.

I tillegg har departementet gått med på å betale flytteutgifter for Meyer på inntil 30.000 kroner. Nokon slik post finst ikkje i tilsettingsavtalen, opplyser departementet til Dag og Tid.

Advokatutgifter

På toppen av dette kjem dekking av advokatutgifter på inntil 175.000 kroner. Det har kome fram at kravet var atskillig høgare.

Vi har spurt Meyer om kva tid advokaten vart engasjert og kor mange timar han har arbeidd for henne – utan å få svar.

Det blir spanande å sjå kva krav advokaten kjem opp med, og kva departementet vil godkjenne av timar og timesatsar.

At partane no kranglar om kva som har skjedd og kva som er sagt, endrar ikkje det faktumet at Meyer har hatt og framleis får ein raus økonomisk avtale med departementet.

Meyer hevdar hardnakka at Finansdepartementet var med på arbeidet med omorganisering av byrået – heile vegen, til flyttinga av Erling Holmøy frå forskingsavdelinga til statistikkavdelinga vart kjend.

Det er heilt på det reine at dette ikkje stemmer. Finansminister Siv Jensen kan slå i bordet med møtereferat som seier noko anna. Der er klåre åtvaringar. Også styret i byrået har åtvara, viser styreprotokollar.

Dette vitnar om at Christine Meyer høyrer det ho ønsker å høyre. Det gjev også grunn til å stille spørsmål ved utleggingar ho har om samtalar ho har hatt i saka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Meyer hevdar hardnakka at Finans-
departementet var med på arbeidet med omorganisering av byrået – heile vegen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis