Kommentar
Klimamåla er ikkje i balanse
Eit klimamål er ein dårleg idé for verda og endå dårlegare for Noreg.
Politikarar poserer på FN-toppmøtet om klimaendring, COP30, i byen Belem i Brasil i november.
Foto: Fernando Llano / AP / NTB
For å lage ein best mogleg klimapolitikk, til beste for menneske og natur, lyt vi ha ein idé om kor viktige skadane og nytta av fossil energi er. Vi lyt vege dei to effektane mot einannan.
La oss tenkje oss at vi i Noreg hadde vår eigen atmosfære, og at skadane ved klimaendringar her svara til dei ein estimerer globalt. Det er mellom anna skadar på landbruket, fleire flaumar og høgare havnivå. Då ville vi i Noreg hatt ein situasjon der fossil energi skader både natur og menneskesamfunn, men der energien også gjev fordelar. Energien driv maskinar som aukar matproduksjonen og beskyttar oss mot klimaskadar.
Dersom Noreg hadde stått overfor både fulle kostnader og full nytte av klimapolitikken, ville spørsmålet om klimatiltak vore eit typisk politisk spørsmål. Dei som har størst glede av å bruke fossil energi, kanskje folk i distrikta og i energikrevjande industri, vil argumentere mot streng klimapolitikk. Dei som blir mest skadde, kanskje slalåmanlegg, vil argumentere for streng politikk.
Nokre vil meine at kommande generasjonar vil ha mest glede av eit stabilt klima, andre vil meine at dei har meir glede av nye bygg og ny infrastruktur.
Med kjende kostnader og nytte av klimapolitikken kunne stortingsrepresentantane kanskje vorte einige om eit klimamål som var ganske fornuftig, ei slags «optimal oppvarming» der nytta og kostnadene ved klimapolitikken er i god balanse. Stortinget kunne òg ført ein politikk for å nå eit slik mål, kanskje til og med vedteke mål i ein klimalov, slik vi har.
Kategoriske mål har vi ikkje på så mange område, men det kan på sett og vis samanliknast med skulepolitikk. Vi kjenner kostnadene – og nytta – ved skulegang ganske godt. Dermed har vi innført obligatorisk skulegang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.