Kommentar

Avgifter er kongen mellom klimatiltaka

Er elbilar eit godt klimatiltak? Det avheng av utsleppa. Og utsleppa bør koste.

Eit elbilbatteri vert reparert på ein verkstad i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Bruk av fossil energi har bidrege avgjerande til store framsteg dei siste 200 åra. Til dømes overlever 99,5 prosent av alle barn i rike land barndommen, mot 50 prosent i førindustriell tid.

Bruk av fossil energi bidreg også til skadelege klimaendringar.

Fornuftige klimatiltak tek omsyn til begge desse konsekvensane av fossil energibruk.

Dei som bruker fossil energi, tek omsyn til gleda ved energien og produksjonskostnadene, men dei tek ikkje omsyn til skadar på andre, som klimaendringar. Det er ein marknadssvikt. Marknadssvikten er ikkje for få solceller eller for få elbilar. Marknadssvikten er at utsleppa ikkje kostar noko.

Det har vore konsensus i økonomifaget i over 100 år om at det klart beste tiltaket for å rette på slike marknadssviktar er avgifter. Dei fleste samfunn har eit batteri med avgifter på produkt som styresmaktene vil avgrense bruken av, som røyk, drikke og sukker. Avgifter fungerer godt av di dei nyttar prinsippa frå marknadsøkonomien. I ein marknadsøkonomi har folk – både bedrifter og forbrukarar – insentiv til å skaffe seg og nytte informasjon om prisar og tilgang på produkt av alle slag. Dimed vert samfunnet sine ressursar brukte mest mogleg effektivt.

Sjølv i ein perfekt planøkonomi er det berre nokre få som har insentiv til slik informasjonsinnhenting: byråkratane i planleggingsdepartementet. Dimed er ein marknadsøkonomi mykje betre til å skaffe seg og nytte ny informasjon, og ny informasjon kjem heile tida, anten det er nye funn av litium eller ny batteriteknologi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement