Kommentar
Klimatiltaket som gjer Russland rikare
Mange nordmenn med god tilgang til media vil avvikle norsk oljeutvinning, eit tiltak som heilt sikkert gjer Russland rikare.
Var det enkelt å klare seg utan fossil energi, ville Europa ha stengt importen frå Russland for lengst, skriv Øystein Sjølie.
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
Russisk gass stod for 10 prosent av Europas energi før krigen. Mykje forsvann frå hausten 2021. Då steig prisane på gass og annan energi kraftig i Europa, særleg sumaren 2022. I Noreg var prisen på straum 2,50 kroner hausten 2022, fem gonger det normale nivået.
At prisen stig mykje når ein liten del forsvinn, betyr at energi ikkje er ei luksusvare, men ei nødvendig vare. At fattige familiar og fattige land nyttar ein større del av inntekta si på energivarer enn rike, stadfestar dette. Energi er naudsynt for gode vi tek for gitt.
Eit døme er at den største private kjøparen av gass i Europa er Yara, som lagar kunstgjødsel. Utan kunstgjødsel vert matproduksjonen mindre effektiv, og vi lyt hogge skog for å dyrke meir areal.
Eit anna er at Stortinget har bestemt seg for å byggje 28 nye krigsskip. Dei siste vert leverte mot slutten av 2030-talet. Desse vil ikkje gå ein meter utan diesel. Ein kan bruke biodrivstoff i staden for fossil diesel, men regjeringa har dempa biodrivstoffambisjonane kraftig, etter avsløringar om juks.
Kvar einaste maskin, fabrikk og bygning treng energi heile tida. Så er spørsmålet om fornybare kjelder kan erstatte dei fossile kjeldene, og kor raskt det kan skje.
I klimalova har Stortinget vedteke at Noreg skal vere eit «lågutsleppssamfunn» i 2050, med utslepp på under eitt tonn CO2 per innbyggar i året. EU vedtok no i haust å vere på eit slikt nivå alt i 2040. Ei streng tolking av Parisavtalen inneber at heile verda skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Er desse ambisjonane realistiske?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.