Kommentar
Klimakvotar fungerer dårleg
Styresmaktene kan i teorien velje mellom kvotar og avgifter for å få ned utslepp, men klimakvotar byr på store praktiske problem.
Tasjkent, hovudstaden i Usbekistan, er illgjeten for industriell smog. Med artikkel 6-kvotar kan Noreg redusera karbon?intensiteten i landet. Men insentiva i dette systemet er ganske perverse, skriv Øystein Sjølie.
Foto via Wikimedia Commons
Dei viktigaste klimatiltaka handlar ikkje om konkrete tekniske løysingar, som støtte til elbilar. Dei viktigaste tiltaka er teknologinøytrale. I staden for å vere retta mot ein spesifikk teknologi er dei retta direkte mot problemet: utslepp. Dette kan vere reguleringar, som forbod, men aller best er kvotar og avgifter.
Kvotar og avgifter set ein pris på utsleppa. Slik vert alle motiverte til å sleppe ut mindre, på den måten som eignar seg best for dei. Ein pris på utsleppa frå bensindrivne bilar motiverer bileigaren til å sleppe ut mindre. Det kan ho gjere ved å sykle, ta bussen, kjøpe ein mindre bil eller køyre elbil. Den teknologiretta politikken støttar berre den siste løysinga.
I teorien kan styresmaktene velje mellom kvotar og avgifter, og nå det same målet om å redusere ei ureiningskjelde. Det er likevel store praktiske problem med kvotar i klimapolitikken.
Kvotar vart utvikla som miljøpolitisk verkemiddel i USA, for å kutte utslepp frå ei gruppe fabrikkar til eit vassdrag. Då kan styresmaktene ha ei god forståing av kor mykje utslepp fisken i vassdraget toler. Her er absolutte grenser eit relevant moment.
Det er det ikkje for klimautslepp. FNs klimapanel har eit anslag med stor uvisse om kor stor oppvarming som følgjer av eit bestemt utslepp, men det finst ikkje noka «tolegrense». Det er ein skala der problema med klimaendringane vert større jo høgare utsleppa vert.
Eit effektivt kvotesystem føreset ei sentral styresmakt som fordeler, eller helst sel, kvotar til dei som treng det, og kvotane må dekkje heile det relevante feltet. I Noreg er det kvotar på storviltjakt for å unngå overutnytting av bestandane, og kvotar for heile landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.